mandag 4. november 2013

I dag har eg lest to artiklar som i og for seg omhandlar det same. Menn og husarbeid! Einaste ulikskapen, dei imellom, er utfallet av det heile. No skal eg nemne, i grove trekk, kva dei to artiklane seier og så kan jo du gjere deg opp ei meining om du vil fortsette med å gjere husarbeid eller ikkje. (Spesielt dersom du er mann.) Det spørs kva som er viktigast for deg. Kjerringa eller sex! So, here it comes........

Menn som tar husarbeid får seg oftare eit ligg.
Kanskje noko å tenke over dersom du er desperat etter meir enn det du allereie får. Seier kjerringa nei, kan det godt vere at ho er misnøgd med innsatsen din i heimen.
DET er noko du kan gjere noko med. Prøv det ut og du vil få testa om det stemmer eller ei.

Menn som vasker skilles oftere.
Så vil du behalde kjerrringa, må du halde deg langt unna vaskebøtta. Med andre ord, det totalt motsatte av det den andre artikkelen påstod.

Det handlar om at auka likestilling avlar skilsmisser. Hmmmm, og eg som tenkte eg skulle prøve å innføre at eg skulle sleppe unna husarbeid ei tid....... Jaja. Shit happens all the time.

No spørs det då........ Kva er viktigast for deg? Vaske for sexen si skuld, eller la vere for å behalde kjerringa? Hmmmm....... Det skal ikkje vere lett!

Kors-nekt. No syns eg at det går over alle "støvvelskaft". Eg kjenner eg blir provosert. Siv Kristin Sællmann blei bedt om å ikkje bruke smykket sitt (som er ein kross) på arbeid (NRK). Smykket er 1,4 cm langt!

Det snakkes om å ha respekt for enkeltmennesket og difor skal alt det "kristne" ikkje følge staten. Den som ikkje er kristen skal respekterast. Joda, det er greit det, men kva med respekt for den som faktisk er kristen? Respekten må jo gå begge vegar!
Den kristne bodskapen spres ikkje ved at eit menneske har ein kross, mindre enn minst, rundt nakken sin. Ja, det er eit symbol, eit symbol på kor ho som menneske står (eller berre har det som pynt).
Så det lenge det ikkje forkynnes eller at krossen blir brukt på noko som helst anna måte enn at det heng der som smykke...........
Ting tar altså heilt av! Med andre ord går det altfor langt. Kva verd er det vi eigentleg prøver å skape?
Er det rart at islamistane har god tru på at dei skal klare å implementere samfunnet vårt? Vi klarer jo heilt fint å rasere landet vårt sjølv! Eg kjenner blir litt skremt av det heile.............
Viss folk ikkje finn noko betre å klage på enn eit smykke.......sukk........ Som eg brukar å seie til folk som kranglar......Er det rart at det er krig i verda???

Eg har fleire elevar som bruker ein kross rundt halsen dagleg. Dei har gjerne fått det i gåve hos nokon, anten i dåp eller konfirmasjon. Difor har den ein affeksjonsverdi for dei..... Skal eg nekte dei å bruke krossem? Dei kan jo påverke dei andre elevane ved at dei kan sjå krossen.
Idiotskap, spør du meg.
Ein kan byrje å lure på kor enkelte var då vitskapen blei utdelt.

Det neste er vel at vi må ny nsjonalsong og nytt flagg. DÅ er det slett ikkje digg å vere norsk. Berre flaut......

Formen er ikkje heilt på topp i kveld, så eg reknar med at det blir tidleg kveld. Det kjennes ut som om at feberen er på tur og det vil eg ikkje ha noko av. Så då får eg heller berre seie god natt og ha ein fortsatt fin kveld der ute. :=)

Hasta luego!

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar