tirsdag 5. november 2013

Busstragedien som ramma i går er berre heilt tragisk. Det er inga tvil om det og det er fleire i dag som har ein heilt forferdeleg dag av di dei har mista nokon.
Når det er sagt, syns eg det blir via litt for mykje plass i media. Spesielt på nettsidene til Dagbladet. Eg var nettopp inne for å lese og det stod ikkje om ei einaste anna sak enn denne.
Eg skrolla frå toppen og ned til botnen………

Det er klart det skal viast plass til slikt, men det er vel ikkje slik at når sånt skjer, så stoppar resten av verda opp? For det er no ellers mange ulike saker som brukar å vere representert på Dagbladet sine sider kvar dag.

Det kan kanskje virke som om at eg er heilt "kald" som kritiserer Dagbladet for dette, men det er slett ikkje meininga. Eg meiner likevel at ikkje samtlege journalistar treng å skrive om saka. Det må vel finnes enkelte som tar for seg andre saker også?!

1 av 3 sliter med leksehjelp. Det er satt ut ein påstand som lyder som følgande: Skolen krever mer av foreldrene enn før, og flere sliter med å hjelpe barna med lekser. I tillegg er det avbilda ei mor med fire born som for meg kan sjå ut som om dei er i alderen 4-9. (?)

Stemmer påstanden? Er det slik at det forventes meir av foreldre i dag enn før?
Eg veit ikkje heilt kva eg skal samanlikne med, men det naturlege vil vel kanskje vere å sette det opp mot den tida eg sjølv var born.
Ikkje det at eg hugsar så grueleg godt korleis vi hadde det, men lekser hadde vi i alle fall og mor mi hjalp meg om eg trengte hjelp.
Så spørs det…..Kva legg dei i det at det forventes meir i dag av foreldra enn før?
Matematikken er akkurat den same. Pluss er pluss (eller addisjon som det så fint heiter…… Rett skal vel vere rett) og brøk er brøk.
I alle fall…….. Vi måtte gjere lekser i "gamle dagar" og vi hadde ikkje noko mindre enn det dei har i dag. (I alle fall ikkje som eg kan erindre - men det kan jo hende eg hugsar heilt feil.)

At det mange gonger kan vere vanskeleg å hjelpe bornet sitt, ja det kan eg lett forstå. Dei held jo på med ting som det er "århundrer" sidan dei foresatte holdt på med. Ting går lett i gløymeboka…..
Så det er ikkje det eg lurar på…..om det er vanskelg å hjelpe borna. Eg berre lurar på om krava som settes til det å hjelpe borna er høgare i dag enn tidlegare.

Enkelte sørger for at elevane får mest lesing heime og at det mest vanskelege blir gjort på skulen.
Det er likevel slik at det kan vere stor skilnad på korleis dei ulike skulane praktiserer det med lekser.
Når ein då ikkje har så mange skular å samanlikne, blir det heller ikkje så lett å vite om det stemmer eller ikkje.
Ei heller kan eg svare på det ut ifrå meg sjølv og sonen min. Eg er jo lærar sjølv og ergo har eg ikkje store problemar med å hjelpe han om det trengs.

Eg veit ikkje….. Det kan hende det er slik. Slik at ein krev meir no enn før. Kanskje viss vi set det opp mot at fleire er i fulltidsarbeid. At ein familie i dag ikkje har like mykje tid til kvarandre som før.
Då blir det kanskje feil å seie at det kreves meir i dag, men det kreves meir ut ifrå det samfunnet vi lev i.

Dette er berre nokre tankar eg gjer meg. Kva som er sant eller ikkje, har eg ikkje svar på.
Det er veit, er at då eg var born, hadde vi lekser frå dag til dag. Med andre ord måtte vi gjere lekser kvar dag frå måndag til og med torsdagen. I dag kan elevane styre det meir sjølv. Dei kan gjere mykje måndagen og slippe lekser enkelte dagar av di dei har produsert mykje den tida dei er på skulen, eller gjort litt ekstra den eine dagen heime.
Akkurat der ligg det ein forskjell, men den talar også til dei foresattes føremon, så den bygger ikkje heilt opp under påstanden.

Det er nok mange foreldre rundt om som har tankar om nett dette. Nokon er kanskje einige med påstanden, andre ikkje. Slik vil det uansett alltid vere.

No er det Farmen og førstekjempevalg, så med pittelitt dårleg samvit for å ha "kritisert" Dagbladet for litt for mykje spalteplass til ei einaste sak, skal eg flytte augene frå denne lille skjermen og over på ein skjerm som er hakket større.

Ha ein rin kveld og sov godt når natta kjem!
Hasta luego! :=)

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar