lørdag 2. november 2013

Dronninga av løft er akkurat ferdig med å prestere på golvet. Ho er ein av fire som er att i dansekonkurransen. No attstår det berre å sjå om dronninga går vidare til topp tre.
Eg reknar med at det er ein overivrig eks-Frp-leiar som sit og lar tommelen gå varm i skrivande stund. Langefingeren også, for den del.
Eg veit ikkje kva finger han skriv med på mobilen, men alderen tilseier i alle fall at han gjennomfører skrivinga med ei hand.
Hahahaha........ Det er definitivt noko som er gale om han klarer å skrive som ein racer på tastaturet i hans alder. (Ikkje til forkleinelse for hans aldersklasse, men erfaringa tilseier at dei ikkje har den same effektiviteten............)

Vil forandre Norge til en stat basert på sharia-lover.  Skrekk og gru, viss det er dette som er framtida.
Islamist-miljøet veks visst ekstremt her til lands, og personleg syns eg det er urovekkande.

Advokat Elden meiner at det alltid er eit behov for eit samfunn å skape eit fiendebilete og i dag er det islamistane som er gruppa som utsettes for det. Med andre ord kan det virke som om at han taler deira sak og følgeleg er det lett å oppfatte han som islamistvenleg.

No er det "skummelt" å påstå noko slikt og i tillegg kan han skjule seg bak det at han er advokat og berre gjer jobben sin.
Likevel, han har sjølv valgt å seie ja til det og det viser kva moralske grenser han har i forhold til slikt.

Så spørs det.....Kva er det vi er så redd for i forhold til desse sharia-lovene?
Tja.......les nokre av dei og vurder sjølv!

1) Alle borgarar må be fem gonger om dagen. Viss du gjer noko anna i den tida du skal be, blir du piska.
2) Alle menn skal ha skjegg. (Jaja..........når movemberbart ikkje er aktuelt, så er slett ikkje heilskjegg det!!) Er du uten skjegg? Tja, då blir du piska!
3) Song er forbode! (Hallo?? Ryk og reis!)
4) Dans er forbode! (Enno meir ryk og reis!)
5) Det er forbode å skrive bøker, sjå film og male bileter.
6) Viss du stjeler, blir handa di kutta av ved handleddet. Neste gong tar dei foten. (Kjipt om du blir urettmessig anklaga då!)
7) Er du ikkje muslim og utøver din religion slik at ein muslim kan sjå det, blir du piska og fengsla.
8) Kan du ikkje følge islam - flytt til eit anna land.
9) Om du er kvinne skal du halde deg innomhus. Det sømmer seg ikkje å vere ute om du ikkje har ein veldig god grunn.
10) Går du ut utan at du har med ein manleg slektning, blir du piska og sendt heim.
(Eg trur det der med pisking må ha hovudfokuset i heile religionen, for det er jo det som går att heile vegen.)
11) Du kan som kvinne ikkje vise andletet ditt.
12) Du skal ikkje snakke utan å ha blitt snakka til. (Jeeeezes!)
13) Du skal ikkje le på offentlege stader. Då piskes du. (Hmmmm.......Akkurat det ville blitt hovudutfordringa mi i så fall.)
14) Lakkering av negler fører til amputasjon av finger.
15) Ekteskapsbrot ........... drept ved steining.
16) Adlyd.

Harda bud, med andre ord. Kanskje ikkje så rart at vi fryktar at dei skal få for mykje progresjon her til lands.
Verda har blitt alt for open for heile det internasjonale systemet. Respekten for enkeltindividet er i alle fall ikkje ikkje tilstades i ein religion som utøver slike lover og akkurat det er skremmande.
Det er ikkje anna enn trist om ei slik gruppe skulle få vekse seg større enn størst her til lands. Då er vi ferdige med alt som heiter menneskerettigheiter.

Det verste er at denne gruppa det siktes til, har mange blant sine som er kriminelle. Frykta ligg også i at dei reiser ut av landet og kjem attende og utøver terror. Handlingar som er grusomme. Vi får berre håpe at PST veit kva dei driv meg og at dei klarar å halde oversikta over dei menneska det gjeld.

Det mest paradoksale er at det blant dei 30 mest sentrale islamistane i Noreg er det ei kvinne. 29 + 1. Ingen fare for at kvinner er overrepresentert, men samtidig litt rart at eit kvinnfolk kan vere med blant dei sentralenår ein har lese kva sharia-lovene seier. Forstå det den som kan.......

Ser du godt nok? Test deg selv her. Joda..... den stningen er vel ganske tydeleg?! Eller........ I mitt hovud betyr det at eg kan opne sida og ta ein test for å sjekke om eg ser bra. Slik er det ikkje.

Joda, eg kan jo opne sida......akkurat det er ikkje så vanskeleg. Det er berre det at der står det berre at dersom du er plaga med hovudverk eller har raude og slitne auge etter arbeidstid, så kan det hende du treng briller. Også om du syns det er vansklegare no enn før å lese liten skrift.
Jaha....... Fin test, liksom.

I tillegg er det sjølvsagt ei lenke til ein eller annan stad kor du kan bestille deg linser.
Hahaha...... Dei må jo tru at vi er dum?!
Dersom eg ser dårleg, må eg jo først til ein optiker. Når eg då kjem attende til dataen, er vel den annonsa alt anna enn gløymt til føremon for andre nettsider. Med mindre dei antar at vi er så toskete at vi bestiller linser "right away" og berre tippar på styrken. (Ingenting ville forundra meg.)
I alle fall antar eg at det ikkje kan vere mange brillebrukarar som går inn og les denne artikkelen om augene. Dei veit jo allereie at dei ser dårleg og treng ikkje å få testa det. Ergo ikkje noko salg blant dei heller. Jaja............

Det er laurdags kveld, ein roleg sådan. Jomfru Knutsen ligg henslengt på sofaen og ger aldeles ingenting anna enn å surfe på dataen og gløtte litt på tv´n når ho antar at det er noko å gløtte på.
No er det forsåvidt vèret som er det mest interessante. Morgondagen skal visstnok bringe med seg ganske flott vèr, i motsetnad til sørafor der dei varslar om mogleg femårsflom. (Då kan ein vel trygt seie at ein er glad for at ein bur der ein bur!)

Akkurat no kjenner eg at lillefingeren seier at eg bør pelle meg på kjøkkenet og bake ei kake og nokre muffins. Spørs om beina mine er like einige i det. Klokka er trass alt eit stykke utpå kvelden og berre det i seg sjølv er demotiverande når det kjem til kakebaking. Så spørs det....... Kven har størst makt? Lillefingeren eller beina?
Kanskje dei møtes på halvvegen? Det kunne jo forsåvidt vere noko. Muffins i kveld og eplekake i morgon..........
Det var det der med at det er meldt bra vér og sundag. EIn bør vel aller helst sørge for å få seg ein tur ut i haustlege naturområder når ein er så "heldig" at det er haust enno.
Vinteren kom jo forsåvidt på besøk for litt sidan, men han bestemte seg for at det berre skulle vere eit besøk. Noko bosetting ville han ikkje høyre snakk om enno.
Eg veit ikkje om eg er glad for det eller ikkje.... Det kjem nett an på kor lenge han har tenkt å halde seg her når han først kjem.

Uansett, om du ser tv, baker kake, ligg som eit slakt på sofaen eller er på fest i lystig lag...........Ha ein strålande avslutning på denne laurdagskvelden! Det er enno timar att av den og enno kan mykje skje.

Hasta luego! :=)

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar