onsdag 20. november 2013

Jaujau……. Den følelsen når du sit der og speler og kjenner at det er såvidt nok luft til å presse tonane fram. Det er nesten som at det er like før hjarteklapp og likevel kjenner du at det kjem til å gå berre bra.

Eg har vore på øving og det er lenge sidan det har vore så tungt å spele. Ergo betyr det at det er eit par stykk menneske som berre må innfinne seg med tanken på at det dei neste dagane kjem til å vere mykje ulydar i huset, for her skal det øvast. Det er berre "ei uke" til desember og då bør ein i stor grad ha betre amasjør enn det eg har no.

Vant 1,4 mrd i lotto- nå skal de skilles. Hahaha….. Då veit vi årsaka til at dei har holdt saman. Dei kan rett og slett ikkje ha hatt råd til å skille seg. Livet der det materielle er viktigast. (Kanskje…)

Det kan godt hende at det er fleire som har det slik. Der den eine vel å ikkje forlate av di det "kostar" for mykje. Det betyr at ingen kan vel føle seg heilt trygge med mindre enn om dei er gift med ein riking ifrå før.  :=)

For mykje pengar er heilt sikkert ikkje "trygt".

Tidlegare i dag las eg ei overskrift frå ein artikkel i ei avis her nordifrå. Den kan utvilsamt ha ei dobbeltbetydning og forskjellen på dei ulike meiningane ein kan trekke ut av overskrifta er rimelg stor.
Pinnekjøtt av lam med knekte bein. Thihihi…. Kanskje ikkje heilt gjennomtenkt?!
(Den eine er kanskje hakket meir "makaber" …………)

Jeg presenterer været naken hvis Frankrike går til VM.  Ops…..Det gjorde dei! Thihihihihi…… Vèrdame i hardt vèr, med andre ord!

Enke sov i et år ved siden av død enkeman. Autsj…………… Viss ikkje det er makabert, ja så veit ikkje eg.
Joda, ein kan lett skjønne at der er vanskeleg å gje slepp på sin betre halvdel, men ein eller annan stad må det gå ei grense. Å ligge ved sidan av ein daud mann i eit heilt år er berre ekkelt!
Ei natt kan vers mogleg å forstå, men meir enn det………….

Det verste er at det blei avdekka av di husverten kom for å kaste ut leigetakarane. Hadde han ikkje gjort det, ville det heller ikkje ha blitt oppdaga enno. Fisj…..

Det EG ser for meg når eg tenker på denne saka, er at det må jo ha vore ei vanvittig stank! Utan tvil, altså. I tillegg veit eg jo at kroppen endrar seg etterkvart. Berre på ei uke kan det skje bra mykje. Det er jo ei årsak til at ein plasserer kister i ei kald likstove fram til gravlegginga skal finne stad.
I dette tilfellet har ho hatt mannen med seg inne i leiligheita og eg vil tru at det er varme på der.

Kva er eigentleg att av eit menneske etter eitt år? Det er første spørsmålet som slår meg.
Eg har jo inga peiling på kor lang tid det tar før eit menneske råtnar, men eg går sterkt ut ifrå at i løpet av eit år i "varme" så må  prosessen ha komen godt i gong.

Dette er ei sak som er både trist og usmakeleg på ein og same gong. Eg syns synd på kvinna som har takla mannens daud på denne måten, men samstundes syns eg det er makabert.
Difor er det eigentleg litt vanskeleg å forstå at eit menneske kan reagere på ein slik måte.

Kva med alle bakteriane? Sengekleda? Ho må jo ha skifta på senga i løpet av eit år? Eller…….? Har ho då fysisk løfta på han sjølv? Isj……….

Jaja……. Tornerose sov jo i 100 år!

Baby døde etter omskjæring på legekontor. No håpar eg verkeleg at det ikkje er snakk om eit norsk legekontor….. Tar eg heilt feil, eller er det ikkje slik at det er forbode med omskjæring her til lands?
Eg skal i alle fall opne saka og sjå kva det dreiar seg om.

Etter å ha lest artikkelen, må eg ærleg innrømme at eg blir usikker. Eg meiner eg tidlegare har både lest og høyrt at det ikkje er lov til å omskjære små born her til lands. No veit eg eigentleg ikkje.
I alle fall…. Det er her i Noreg dette har skjedd. Faktisk står det at det ukentleg omskjæres over 40 guteborn ved legekontor i Oslo.

Det er jo klart at det er ein føremon at det utføres av kvalifisert personell, ergo ein lege, men likevel…… Stakkars born.
I dette tilfellet gjekk det jo ikkje bra. Ungen blødde i hel og i dag lev den ikkje.

Eindel av årsaka ligg også i arrogansen til legen som utførte inngrepet. Han tok ikkje dei føresette alvorleg nok då dei kontakta han og fortalte om tilstanden til sonen sin.
Det vil seie….Det var faktisk tre legar involvert.
At det kjem til å få konsekvensar for dei tre legane, ja det er vel ikkje noko å lure på.

Ei slik kjønnslemslesting som dette bure verkeleg vore forbode ved lov. Bornet har inga sjanse til å samtykke på det eller ikkje. Ergo blir ein frarøva noko som er ganske så personleg. I mitt hovud er det rett og slett eit stort overtramp/overgrip mot ein liten gut som mange gonger berre har rukke å bli eit par uker gamal før foreldra tar han med seg for å få det utført.
Eg meiner der er ei kriminell handling!!

No har eg prøvd å lese meg opp til reglar i forhold til dette temaet. Eg klarte ikkje slå meg til ro med at det er greit å utføre slike operasjonar. Eg har søkt litt på nettet og om eg ikkje har misoppfatta noko så er det forbode å omskjære jenter her til lands. Altså ikkje gutar.

Ein kropp er "perfekt" frå naturen si side. Det er vi sjølv som skal bestemme over vår eiga kropp. Det er då trist at ein i enkelte kulturar må endre på kroppen sin for å bli ærbar og respektert.

Nei, klokka spring på ein onsdagskveld. I morgon blir det ein lang dag, så då er det vel om å få seg mest mogleg svevn i forkant. Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta! :=)

Hasta mañana!

IWALY!! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar