tirsdag 26. november 2013

Menn er "enkle" vesener som alltid vil hige etter en kvinnes aksept og beundring. (Hehehe……menn…..enkle vesener….) Om du gir han dette vil han elske og ære deg. Jaujau……

Kristin Spitznogle brukar jo å kome med "tema" som legg opp til heftige diskusjonar blant folk (då gjerne innanfor temaet sex og samliv). At menn er enkle, kan lett diskuterast. Det spørs kva ein legg i ordet enkel. Dei er jo definitivt enklare vesen enn kva kvinnfolk kan skryte på seg. 
Om eg legg det til grunn, gjer jo svaret seg sjølv. :=)

Feminisme……..  Ho vil vel ha kvinnfolka attende på kjøkkenet, noko som i alle fall har provosert eit viss antall kvinner som offentleg har gått ut mot Kristin i denne saka. 
Blant anna meiner Kristin at feminismen undergraver kjærleiken, ei setning som set enkelte i fyr og flammer. Eit enkelt utdrag av reaksjonane seier at Kristin er prega av eit svartmalt kvinnesyn, bærer preg av behov for merksemd og at ho er alt for einsidig. Så spørs det om majoriteten er einig i dette eller ikkje.

Det som er sikkert, er at det er "kult" at det fins kvinner som tør å stå for noko, offentleg. Nokon som tør å stå imot, sjølv når ein får kritikk for sine eigne meininger. 
Kristin Spitznogle har nok mange sære haldningar til enkelte ting, men tru for ei kjedeleg verd vi hadde hatt om alle skulle vere einige i alt. 
Kanskje er det feil å seie at ho undergrev feministane. Kanskje det er det motsatte ho gjer?
Når ho tek opp temaer slik ho gjer, skapar ho debattar. Nett det kan jo også vere ein føremon for dei som er ueinige med ho. I slike samanhenger får også dei sjansen til å få fram sitt syn og samtidig vere med og påverke.

Kristin er ingen forkjemper for den militante feminismen. Det er nok ikkje eg heller. Det skal vere ein viss forskjell på det å vere kvinne og det å vere mann. 
Det er jo ein årsak til at menn er lit enklare enn oss damer. Det er jo av di vi i utgongspunktet skal vere ulike. 

Eg har jo fleire gonger tidlegare påpeika at eg syns litt synd på menna som faktisk må uthalde oss kvinnfolk. Hahahaha…… Det er nesten som vi då samstundes blir framheva som store monster!!
Neida, menna er ganske sikkert avhengig av oss, men psyken vår speler dei nok eit puss i ny og ne.
Stakkars den mannen som ikkje forstår oss til trass for at vi eigentleg ikkje seier noko om kva vi meiner. 
Det gjeld å finne sine overlevelsesmetodar. Då går det meste bra. 
Dømer på det kan vere å seie ja til det meste. Så kan det vere lurt å ikkje vere ueinig. Er ein ikkje einig, bør ein berre teie stilt om det (!). Thihihi……

Viss mannen står og stryker gardiner……..ja, då byrjer svetteperlene å renne på meg. Berre synet, nei tanken, får meg til å få spunk i hovudnerva. 
Ein einsleg mann, joda, men ein som er tapt i eit kvinnfolk…….nope. 

Jeg elsker han! Sambuar til mordbrannmistenkt lege. Kven er det som først blir mistenkt når det skjer noko kriminelt i ein heim? Eg er stygt redd for at det er "den betre halvdelen". 
Redd og redd……. Det er sikkert statistikkar som kan nøre opp under slikt, men kva om den som sikta faktisk er uskuldig?

Mange opplev i dag å bli mistenkt for å ha skada sambuaren/ektemaken sin. Då anten ved at det er funne eit daudt menneske, eller som i denne saka at senga stod i full fyr. 
Den kvinnelege legen som er sikta i denne saka, hevdar at ho er uskuldig. Ho elskar sambuaren sin som ligg på sjukehuset, sterkt forbrent, og skjønner ikkje at nokon i det heile tatt kan tenke tanken på at ho har gjort noko så ille. 
Så spørs det…. Er ho ein god skodespelar, eller snakkar ho faktisk sant?

Det som gjer det heile til ei tragisk sak, er at han som blei skada i brannen ikkje er avhørt, så ergo har dei ikkje fått noko opplysning som seier at ho er skuldig. Dei har berre ein mann som kanskje må amputere beina sine og som har ei kjerring som berre ventar på at dei skal oppheve besøksforbodet slik at ho kan få besøke han og støtte han. 

Viss eg skulle ligge avsvimt på sofaen her heime, ja då veit eg kven som ville fått skulda. Det er slik samfunnet har blitt. Det er så lett å mistenke………..men gud betre…….dei treff jo enkelte gonger også. Det er sikkert ein årsak til at dei tenker som dei gjer. Det er berre det at det er ei ganske så stor belastning å bli skulda for noko dersom du ikkje har gjort noko gale. 

Konklusjonen må nok bli at dersom du ikkje ønsker å hamne i ein slik situasjon der du feilaktig blir mistenkt, må ta enkelte hensyn. 
Blant anna må du sørge for at krangling ikkje førekjem! Har du vore så "dum" at du har krangla med "den betre halvdelen" ikkje så lenge før noko gale har skjedd, ja då er det garantert nokon som har fått det med seg og ergo har dei eit motiv. 
Du må aldri vere noko anna enn berre snill og god, og du må ikkje seie eit einaste negativt ord om vedkommande til andre. Aller helst bør du rose han/ho høgt opp i sky. (I ei slik verd kan ein jo klare å skape halleluja-tendensar.) 
Du skal med andre ord aldri trø feil. Sjølv den minste feil kan medføre at dei prøver å bryte deg ned til botnen i håp om at det skal kome ei avsløring. 

Ikkje veit eg om denne legen har tent på sambuaren sin eller ikkje. Ikkje er eg så interessert i å få vite det heller. Eg har stort sett nok med meg sjølv, men det er klart at når ein les om slikt så set det enkelte tankar i sving. 
Kva om……….? Kva om……..? Det kan fort skje kven som helst. 

Det er kanskje ikkje eit sjakktrekk å tenne på mannen din for så å ringe ambulansen dersom du har tenkt å ta han av dage. Så det virker litt søkt…….men ei ung jomfru som meg veit vel ikkje betre. 

Jaja, eg tenker no eigentleg enno på at menn er "enkle" og humrar litt for meg sjølv. Sanninga er nok at dei kan vere ganske vriene å forstå seg på innimellom. I stor grad og utan tvil. Så det er definitivt rom for debatt på det området! 
Når eg no skal røre på meg i retning av nattas tilhaldsstad, skal eg nok gjere mitt for å prøve la vere å tenke på menn. Kanskje Liza Marklund kan hjelpe meg med det. Eg har i alle fall byrja å lese i den nyaste boka som ho har gjeve ut i år. Til no virker den bra. 
Ergo betyr det at eg seier godt natt og "hasta mañana"! Sov godt! 

IWALY!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar