fredag 1. november 2013

Dattra (9) ble tvunget til å ta på elektrisk halsbånd og bjeffe. Oh, my God, seier eg berre. At det fins galne foreldre, tja, det er vel ikkje noko nytt. Likevel.....enkelte tar kaka.
Å feste hundehalsband rundt halsen til si eiga dotter er vel klassifisert som noko ganske anna enn bra.

No er det slik at veldig mange foreldre ønsker at borna deira skal gjere det godt på skulen. Menneska er forskjellige og det lik faktisk ikkje for alle å gjere det bra. Ein har ofte ulike forutsetnadar for å lykkes og det må ein ha respekt for.
Eit born kan slite og slite og slite.......og likevel ikkje lykkast heilt.
I dette tilfellet hadde dottera ikkje gjort det så bra på skulen, og følgeleg måtte ho straffast. Målet med straffen var sikkert at ho skulle skjerpe seg og at neste gong ville ho kome heim med betre resultatar.

Det er ganske horribelt, spør du meg. Å putte på ho eit bånd som er meint for dyr?! På mennesker kan eit slikt bånd kunne gjere stor skade. Å bruke straum på born er verre enn dyremishandling.
Her til lands er slike bånd ulovlege. Dei er ulovlege av di dei påfører hundar elektrisk straum.
Dei kan umogleg vite kva skatt dei har satt til verda.

Dette havner på middagsbordet. Æsj!! Eg har nett lest det eklaste av det ekle. Heldigvis er det i Kina, men det re nok fare for at noko av det hamnar her også.

Det heile hamnar om kloakk og middagsbord. Så kan du jo tenke sjølv kor det er eg vil hen......
Kloakk kan jo brukast til så mangt!
I alle fall i Kina. Der fiskar dei slam frå kloakken til bruk i matlaging. Skikkeleg herleg!!
Matolje.......

Matolje som er laga på slam frå avløp, kloakk, gammalt feitt og dyrerestar brukes i illegal kinesisk milloionindustri. (Det fins mange av dei i Kina.)
Etterkvart ender denne olja opp i fastfood og ein del mat frå enkelte billigrestaurantar.

Det står ingenting om import til Noreg, men det heile er så ekkelt at eg klarar rett og slett ikkje å la vere å tenke tanke "kva om?". Så då har eg noko å gruble over i kveld!
Kloakkolje..... Yeah, right!
Det er nok sikkert ganske økonomisk.

Han kan lukte om du har eggløsning. Hahahahaha, for ein sær eigenskap!
Luktesansen kan utan tvil kallast for suveren.

Ei slik nase høyrer nok ikkje til i kategorien normale naser. Difor blir eg ikkje overraka over å lese at han har forsikra nasen sin.
Så spørs det om eigenskapen er eit handikap eller ikkje. Eg vil tru at det kan vere ganske plagsomt å vere inne i same rommet som ein haug med damer og fleire av dei er midt i hekketida.

Så luktet han seg også fram til kjerringa si! Hahahaha...... Må jo vere litt kult å vite at du blei plukka ut av di mannen likte lukta di nedantil, og det utan å ha besøkt "ho".
Ei rein lukt, nordisk og frisk, med hint av hav og blomar. Av fruktbarheit. Wow..... Han veit å ordlegge seg!

Instinktive reaksjonar.............Vi påvirkes av luktesansen vår, så om ein har draget ein kveld ein er ute på livet, ja då er det nokon som har fanga opp den herlege dufta du utstrålar nett den kvelden. 

"Mannen med nasen" heiter Juhlin og er overbevist om at blant anna mange skilsmisser er knytta til den manglande evna vi har til å forstå duftkjemien. 
Hadde vi vore flinkare til å "sjå" med nasen og lytte til luktesansen vår, ville vi fått eit mykje rikare liv. (Sjølvsagt då generelt sett.)
Så hiv deg rundt og lukt på din betre halvdel. Likar du ikkje lukta, så dump han/henne!! Hahahaha.........

Facebook vet om forholdet ditt er i ferd med å ryke. Og de kan vite hvem din hemmelige romanse er. Kult! Eg håper dei har vit til å gje meg beskjed om eg er i faresona! Kva er vel betre enn om ein kan få vite slikt på forhånd, så slepp ein å bekymre seg unødig?!

Skulle no ein viss kar dukke opp med "movemberbart", så treng eg ikkje Facebook til å gje meg svaret! 

Huset hennes kan bli tvangssolgt for 20 millioner under takst. Jeeeezes..... For nokre summar det er snakk om av og til. Kanskje ein kan legge inn eit bod på ein million....... Kan jo hende ein er heldig?! 
Det kunne jo vere hyggeleg å ha ei "leiligheit" i Oslo. Berre sånn i tilfelle ein skulle få lyst på ein liten helgetur. Så kan jo deler av herlegdomen leigast ut. 

Ein får vel berre ta til takke med det ein har................

80-åring fikk bot for sexkjøp. Nekter å betale. Det ser ut som at det kan bli ein trend det her med at eldre menn skal gjere overtredelsar og nekte å betale. :=) Det blir som han "fiskaren" som ikkje hadde redningsvest i båten. Han reagerer stort sett med å bannes. 
Det er vel ikkje det 80-åringen gjer i dette tulfellet, men det som er felles er at begge to syns at det politiet seier "berre er møl". 

Han har kjørt rundt med ei prostituert i bilen. (Etter avtale om sex.) No når han er tatt, prøver han seg med at hun berre sat på for å få hjelp til å kjøpe seg ei cola. (Dagens dårlegaste bortforklaring.........)
Jaja, kjipt å måtte ut med 25 000, men har han for vane å vifte med "hunden" sin på den illegale måten, ja då har han vel råd til å betale seg ut. 

Nei, ein mindre hyggeleg, men nødvendig dag står for hell. Eg har leita fram romanen min og skal kose meg resten av kvelden med den. 
Helga er såvidt starta, så det er null stress. Ha ein super fredagskveld! 

Hasta mañana! 

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar