onsdag 27. november 2013

Dagens beste!! Ein viss mann her i huset var litt småfurten på meg i dag og sa følgande: Vess du hadde vorr ei høna i et hønsehus, så hadde hanen kakka dæ i småbetta førr lenge sia! LOL……. Hahahaha….. Eg lo meg nesten skakk ihel. (Berre nesten……)
Så viss målet var å virke streng, så blei målet ikkje oppnådd. Mentalt så vann denne knetta "kampen" i og med at eg berre lo. (Det er jo ikkje akkurat så lett å la vere.)

Mobilen stjeler nattesøvnen din. Ifølge Vegard Haugen bør soverommet vere forbeholdt sex og svevn. Forskninga han fokuserer på er gjennomført blant studentar. (Heldigvis er ikkje eg student, så då gjeld det vel ikkje meg?) Jada…….

Vi veit jo alle at lys kan vere med og påverke dei biologiske mekanismane som seinkar svevnen og sjølvsagt også døgerrytmen vår. Mange blir oppgira når dei speler spanande spel eller ser på tv-program (på sengekanten), noko som gjer det vansklegare å sove. Akkurat det er vel ikkje ein revolusjonerande informasjon.
Så spørs det. Kven går det mest ut over. Mannen eller kvinnfolket? Kven er det som speler mest på sengekanten? Det kjem vel an på kven som er mest og lettast "antennelege av kjønna……….. For kven likar å kome i andre rekke, etter eit spel som ein kan spele med kva som helst anna tid. Når han ligg der og er trengande, er det ikkje oppløftande å bli avvist pga "Candy crush" eller liknande. Likevel, ein er vel då likesågodt over på eit anna tema. For om ein blir lys vaken av mobillyset eller sex (som forhåpentlegvis varar i meir enn to minutt), må jo vere likegyldig med tanke på svevnforstyrrelsar. Så ergo må jo det bety at ein skal halde seg unna sex også når ein legg seg! Hahaha…… Eg tippar på at alle menn er einige med meg i den…..?! :=)

Eit bra alternativ til det heile må vere at ein istadenfor å vere trengande rundt midnatt, heller burde sjå på moglegheita for å starte dagen med å vakne ein time tidlegare og heller få ein herleg start på dagen. Det må jo vere lykke på jord?! Eller……..
HAhahaha…….. Særleg. Det er vel inga tvil om kven som vinn viss det står mellom ein mann og ei varm og god dyne klokka seks på morgonen. No way…..
Med tanke på alle morgongretne kjerringer er det vel til alles beste (i alle fall ditt eiga) at ho får ligge i fred. Amen, liksom!

Viss eg ikkje tar heilt feil, starta eg med at mobilen øydelegg nattesvevnen din. (Det er litt lett å hamne på gale vegar….Thihi…..)
Moralen er altså då at når du legg deg, ta ikkje mobilen med inn i det mest heilage rommet i huset. Det er forbeholdt andre hyggelege ting. Hjernen skal ha fri for lys og inntrykk frå andre ting enn det som er nødvendig for å sove (eller ha sex). OG verda vil sjølvsagt bli x antal gonger meir lykkeleg!! Ikkje minst det siste! :=)

Etterlysning: Synes du det er ubehagelig å være naken foran partneren din? Vi vil gjerne snakke med deg. Ta kontakt. Joda……… Hadde eg vore nett der……..at det var ubehageleg……så tvilar eg sterkt på at eg ville ha kontakta ein journalist for å fortelle om det.

VG nett har den siste tida hatt mykje fokus på at folk skal kontakte dei i saker som angår privatlivet. Om det er kvar uke at spørsmålet endrar seg, eller andre tidsperpektiv for den del, veit eg ikkje, men dei skiftar no spørsmål innimellom og dei fleste omhandlar samspelet mellom mann og kvinne.
Så VG har funne ut at dei må gå nye vegar for å få fleire lesarar.
Som Jesus sa……La de små komme til meg. Som VG seier: La samlivet ditt kome til oss. 
No er det lesarane som skal oppsøke dei og ikkje omvendt.

Viss ein syns det er ubehageleg å vere naken foran den som eigentleg skal vere den du er mest trygg på, så er det jo å tru på julenissen viss ein faktisk trur at ein vil utlevere seg sjølv til ei tabloidavis. (Men idag er det jo ingenting som sjokkerer…så…..)

Ellers er det Jonas Gahr Støre som står for humoren idag. Eg måtte flire godt då eg såg opptaket frå stortingssalen i dag.
Jonas hadde sjølv lagt ut opptaket på Facebook av di han syns et heile blei skikkeleg komisk.
Budsjetforhandlingane hadde foregått til seine kvelden i går (eller ut i dei små nattetimar). Komikken kom då han takka finansministeren for i går kvel, eller i morges……….

Det er inga tvil om at ein god latter forlenger livet. Det gjeld vel også for statsrådane. Dei fekk ein kjempefin start på dagen.
Likevel……å skulde stortingspolitikarane for å ha underbuksehumor, er kanskje ikkje heilt riktig. Det tok i alle fall rimeleg lang tid før det kom noko reaksjon på det han sa. Og når reaksjonen først kom, så kom den skikkeleg. Alle kom samtidig, så det må vel bety at dei er like treige heile hurven. :=)

Støre hadde sjølvsagt vit til å fortsette "spøken" som eigentleg ikkje var meint som det det blei. Ergo skaffa han seg eit hav av nye tilhengjarar i dag.
Han har kropp og utsjånad med seg og jaggu har han humoren også. Kven kan vel motstå det??? Thihihi…..

Jomfrua tar straks kveld, så ha ein fortsatt fin kveld. Hugs å legge att mobilen i stova når du legg deg, så kanskje det fins håp for halm-livet også. Haha….., men då må du skunde deg. Viss ikkje risikerer du at ho seier nei av di klokka er så mykje og ho er "sjølvsagt" suuuuupertrøytt.
Ha ei god natt. Sov godt! Det har eg tenkt å gjere om to straksar. Eg skal berre utvide "kunnskapen" min litt ved å lese litt Marklund-krim.

Hasta mañana!

IWALY!!!!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar