onsdag 6. november 2013

Først er det om å kome seg ut av senga og over i sofaen. Der er det å vente på at det skal kome eit eller anna program på tv som er vedrt å sjå.
Det er ikkje så lett å få dei små grå i aktivitet når ein ikkje er i slag, men om eg prøver, i alle fall litt, å tenke etter kva eg såg på tv ein vanleg dag i studenttida, straks 20 år sidan, når det ikkje var vanleg skuledag…………Ja, eg såg vel akkurat det same som i dag! Jippi!! Medieverda har verkeleg gått framover……..
Tar eg ikkje mykje feil, såg eg vel nett dei same episodane då også.

Å ligge på sofaen og ikkje gjere anna enn å sjå tv må vere bortimot det kjedelegaste som fins på denne jorda. Eg skulle mykje heller ha gått ut i hagen og prøvd å planta sommarblomar i desse dagar enn å ligge her som eit slakt. Kanskje det berre er å sende meg til Kuraas?! Hhahahaa……….
Spesielt med tanke på at eg nettopp har sett på eit stand up-show og ikkje ledd ein einaste gong!

Paul (78) har kjøpt 55 000 kjoler til kona Margot (76). Det første eg tenkte ar "ååååh, så søtt",heilt til dei små grå vakna litt og då blei det meir "åååååh, det var mykje pengar!"
55 000 kjolar! Ikkje akkurat lite……..Viss ein fordeler dei utover tja……50 år (?), eller noko sånt, blir det over 1000 kjolar i året og sånn nesten rundt rekna tre kjolar i døgeret.
Så anten har ho eit grusomt høgt forbruk av kjolar, eller så,………….tja. eg blei no litt usikker på kva eg skulle skrive bak denne ellersen.

I følge Paul har ho fått ny kjole til kvar dans dei skulle på. Oi, seier eg!! Det må bety at dei har vore riktig så sosiale og ingen kjole er brukt meir enn ein gong. Akkurat det må no vel vere praktisk umogleg???

Det er det vi kallar romantisk motehistorie!

Om ein tar turen innom  heltnormalt.no finn ein mykje "rart". I dag er det striden om krossen som gjer seg gjeldande. No har dei fleipa litt med det, og eigentleg så har dei truffe ganske bra.
Du kan jo vurdere sjølv.

Kristen Gislefoss!! Sjekk det førenamnet! Er ikkje det forkynnande? Han må nok takast av skjermen om han ikkje skiftar namn. Kanskje Anton eller Albert? Det er dei alternativa han vurderer sjølv.
Kjønnsnøytral profil betyr kjønnsnøytral profil. Då kan ein ikkje gå på lufta med eit støtande namn.

Kva med sonen hans? Kristian Gislefoss…….. Utal namnet på engelsk og vurder sjølv. Christian Borch!
Jokervinnerane! Mange av dei roper "Herregud" i telefonen når dei forstår at dei har vunne mange pengar. NRK kan jo då berre lage regelen om at dersom ein roper det, ja då halverast gevinsten. (Tenk kor mykje pengar som ville blitt spart.)

Så spørs det i framtida…….. Kjem dei til å dekke saker som oppstår i Kirkenes, Gudvangen, Korsvoll, Kristiansand, Kristiansund og Presteveien i Stavanger???
For all del……Vi har jo Prestegårdstunet syke- og aldershjem her i bygda også!!

Kanskje eg skal melde meg som "værmann" på NRK? Er det nokon som veit om det er godt betalt? (PS Eg lovar å melde sol heile tida!!)

Nei, no er det berre å karre seg frå sofaen og i seng. Så ha ein fortsatt fin kveld.
Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar