søndag 3. november 2013

Dagen i dag skulle tilbringast ute i Guds frie natur. Viss nokon i det heile tatt trur at det skjedde, ja då må dei tru om att. Denne knetta har for det meste vore inne.
Brødbaking og bollebaking til den store gullmedaljen har stått på agendaen, så då går dagen fort.
Litt frisk luft blei det dog, for minstemann skulle absolutt stå litt på "ski" og då var det berre å hive seg rundt.
Ein liten joggetur på kvelden sørga for å klarne hovudet før eg sat meg ned med ein del skulearbeid. Her er det ikkje mykje "du skal halde kviledagen heilag". (Det gjeld kanskje berre ei viss tid av sundagen..........)
No er eg imidlertid ferdig, så då har eg satt på Tv´n og Farmen. Eg rekk i alle høve å få med meg tvekampen.

Larveburgere!! Eg brekker meg ved tanken på å spise insekter. Det hjelper såvisst ikkje å vite at dei er fulle av næringsstoffar. Akkurat det kunne ikkje brydd meg meir.

Det er lettare og billigare å lage burgerar av larvar enn av vanleg kjøtt. Så om ein er kjøttlei, er dette eit fint alternativ. Joda.........seier no berre eg.
At det også er meir miljøvenleg, gjer vel sitt til at alle SV´ar burde hive seg på bølgja som er starta i Nederland. Isj!!!!

Valnøtter, mandlar og melorm. Jaaaaaa, så digg det høyres ut. Rett i blenderen etter at dei er stekt.
Det er jo også hyggeleg å sjå at det spreller på panna........ Så no lurer eg mest på om dei som syns at EG er kresen i matvegen tør å prøve ut denne metoden. (Eg skal frivillig melde meg til å "plukke" larver!!)
Gresshopper er visst også ein delikatesse!

Dei som trur dei blir slank av å bytte frå lys til mørkesjokolade må tru om att. Det er berre ein myte!
Eg er ganske sikkert på at det gjeld mange. Berre ved å tenke sånn i hu og hast, veit eg at eg sjlkv kjenner fleire som tenker sådan.

Feitt har over dobbelt så mange kaloriar som sukker. Mørk sjokolade har meir feitt enn lys sjokolade har sukker.
Det burde tale for seg sjølv.

Sunn mat kan vere feitande. Akkurat motsatt av det mange trur. Ergo er det lett å gå i ei slankefelle.
Kanskje noko å tenke på ettersom det snart er jul. Når den er over, er det mange som har laga sine nyårsforsett og deriblant er det mange slankarar.

Trening......... Ein må trene 18 timar aerobic i uka dersom ein skal kvitte seg med eitt kilo kroppsfeitt.
Sunt og usunt feitt....... Alt feitt gir like mange kaloriar.
Forskjellen ligger i forebygging av hjarte- og karsjukdomar, ikkje i slanking.

Lettbrusen har lite kaloriar, men sanninga er at den også aukar apetitten. Akkurat det er vel ikkje ønskeleg når ein skal ned i vekt?!

Det er mange myter om slanking. Dette er berre eit lite utvalg. Det beste må vel vere å halde seg i aktivitet og prøve å halde seg unna all småspisinga som ein lett kan ha. Spis normal mengde mat og mosjoner jamnt og trutt, så ordnar det meste seg.

Brud havnet i slosskamp i eget bryllup. OPS!!! Kanskje ikkje heilt heldig, nei.
Ikkje det at eg ser heilt for meg korleis slikt kan gå til, men det går tydlegvis an. Det kan umogleg sjå "pent" ut om ein spradar rundt og sloss i ein brudekjole, med mindre den er totalt blotta for slør, lengde bak osv.....
Eg får i alle fall lyst til å opne saka no......

Det var ein kvinneleg gjest som gjekk til angrip og det var den kvinnelege gjesten som hamna på sjukehuset! Eg går ut ifrå at brura verkeleg har slått til!
Så spørs det kor gode vener dei er etterpå. (Sånn sirka no.) Det kan jo vere at dei ler av det i dag. At dei ser det komiske i det. Det er jo det. Komisk........
EIgentleg ikkje, men jo.
(Kvifor er aldri eg der det skjer?)

Se hele Se og Hørs kjendisgalla direkte. Det verste er at eg fekk invitasjon direkte frå Se og Hør tidlegare i dag, med oppmodning om å skru på tv´n og sjå.
Ikkje kjøper eg Se og Hør (anna enn når eg skal ut og fly), så eg er litt usikker på kvifor dei har sendt melding til meg? Eg håper dei ikkje gjer det til ein vane!

Eg har i alle fall ikkje sett på noko kjendisgalla til no og eg har heller ingen plan om å svitsje over til det heller.
Beklagar så mykje til alle kjendisar rundt om, men dåke er nok ikkje interessante nok.

51-åring tatt på grensa med bilen full av yoghurt. to ganger på to dager. Sjølvsagt svarer han at det er til eiga bruk. Det er jo heilt normalt å kjøpe yoghurt for fleire år fram i tid når ein først handlar. Kva gjer det om den går ut på dato og blir litt sur? Ein døyr vel ikkje av det?
Det viktigaste må jo vere at ein får i seg noko.....

800 beger drikkeyoghurt! Det er jo berre litt over to beger i døgeret. Såvidt det rekker til eit heilt år.
Dagen etterpå tok han også med seg 800 pakkar med juice.
Ein tørst mann med andre ord.

Kanskje det er 50-årskrisa som gjer seg gjeldande? Midtlivskrise (om han då har tenkt å leve til han er 100 år.)
Jaja, ein kan jo trygt seie at "shit happens all the time". Denne gongen var intet unntak.

Disse kvinnene er oftere utro.  Her snakkar vi mektige kvinner. (Det same gjeld visst for menn også.) Så då er vel moralen at det ikkje er lurt å ta ei høg utdanning, for då et sjansen stor for at du blir utro! Hahaha.... Alt er vel ganske så relativt.

Årsaka til at mektige kvinner oftare er utro? Ikkje verre enn at dei har moglegheita til det. Sjansen til å vere det og samtidig slippe unna med det.
Dei mektige har ein tendens til å ta mindre hensyn til andres ønsker og behov og nett det gjer det enklare for dei.

Mektige har ofte betre sjølvtillit. Dei trur sjølv at dei er attraktive. Difor handlar dei også ofte på impuls.

Artikkelen viser til ein annan link som seier at det kostar å vere utro. Elskerinner er ofte dyre i drift. Hahaha........ Ja, det trur eg så gjerne. Det er vel ofte slik at det forventes at mannen skal ta regningar på dater og reiser. I tillegg er det jo slik at det forventes gåver!! I alle fall trur eg menn trur det.

Enno dyrare blir det om ho truar med å avsløre det heile i rein og pur djævelskap. Då kan ho vel maipulere så mykje ho vil, og då kan det ofte fort bli dyrt.
Det rare er at ikkje den betre halvdelen reagerer på alle dei nye smykkene eller kva no desse gåvene måtte innebære.

Ut ifrå den infoen som står om temaet på nettet, kan ein trekke ein konklusjon at det ikkje er pangane du har i seg sjølv som gjer at du er utro. For vinn du i lotto, er du plutseleg kjemperik, men likevel ikkje mektig.
Ordet mektig er nok forbunde med yrkeslivet. Mektige kvinner reiser sikkert eindel og møter mange menn på møter og konferanser rundt om på ulike hotell.

Så spørs det..... Er moralen at det enkle er ofte det beste?????

Dagens utilsikta humor... Venstresida må bruke tolk for å forstå kva Høgre-folk seier. Hahahaha..........
Nei, den hahahahah´en var berre ironi. Setninga er nok litt for rar til at eg ler. Det einaste som var litt komisk med den, er at den er plassert under eit bilete av Erna med bart!
Erna er absolutt ikkje eit menneske som kler stor bart. (Men så traktar ho vel eigentleg ikkje så hardt etter det heller.)

Mener Høie bør innrømme å ha slukt en kamel. Å jøsses. Han må ha eit stort gap. Eg håper eg ikkje blir utsatt for han!

Elgkalv fanget på fotballbane. Eg håper verkeleg at det ikkje betyr at den blei skutt ute på ein fotballbane. Det er i såfall ganske uetisk gjort overfor borna i det idrettslaget som eig nett den bana. Skyt du ein elg på ei bane, skal den også av bana. Det sørger for litt blod det.
Jaja, det er jo ikkje sikkert at det er snakk om å ha skutt ein elg.
Det er jo ordet fanga som står i overskrifta og det ordet kan jo bety så mangt.
Eg tvilar i alle fall på at det er nokon som har fanga han av di dei ønsker å ha han som maskot eller husdyr.
Ein elg tar jo litt plass og faren for at den kan bli litt ilter er jo så definitivt tilstades. Så det er nok ikkje å anbefale.......(sjølv om det kunne vere pittelitt kult).

Ellers las eg eit nytt ord i går kveld. Sytemaskin! (Kva i alle dagar er det?) Sytemaskin i same samanheng som rundpinna strømpepinna. Så då lurar eg på om at det betyr at ein syt over at strømpepinnane er runde?

Om eg søker på ordet på nettet, får eg opp enkelte ting om off-shore og greier. Eg tvilar sterkt på at dei menna som jobbar ute i Nordsjøen er så ivrige på å bruke strømpepinna?!
Både i Hordaland og i Rogaland sel dei sytemaskinar.
Dersom ein skal tolke det som går fram av infoen eg hostar opp, så er det enkelte damer som har vore ganske så maritime her i helga når dei har brukt sine sytemaskinar i hobby-øyesmed. (No forventar eg nokre maritime bileter av produkta som blei laga!!)

Rundpinna........ Sytemaskinen er sikkert rundt, og då klarer ein vel aldri å finne balansen slik at ein kan sy istadenfor å syte. J........maskin og greier.

Eg ser opp og synet mitt møter ein tv med eit menneske som er halvt av metall og halv av vanleg menneske og skjønner at verda faktisk ikkje er riktig rett uansett.
Det måtte ha vore høgrehanda mi som var av metall, så skulle eg vel slått i bordet!

Det er sundag og leggetid. Tida går litt for kjapt når ein skal sjå tv og skrive samtidig. Uansett, no tar denne jomfrua straks kveld og skal sove seg opp til ei ny uke.
Når blikket som er på tv´n no fangar opp at det er ei som knepper opp blusen sin, ja då er det på tide å skunde seg i seng før det er for seint. Her er det berre å lukke augene. Det blir for hard kost for ein vestlending!!

Ha ein fortsatt fin kveld om du har tenkt å sitte oppe enno ei stund. Ellers får du ha ei god natt!
Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar