tirsdag 17. desember 2013

Ein litt lang dag går mot slutt og det er ikkje så alt for lenge til det er på tide å finne senga. Natta til i dag var fylt med feberfantasier osv….og det var kjipt å konstatere at eg er blitt sjuk att, berre kort tid etter å ha vore sjuk.
Det var ikkje med den største gleda ein karra seg ut av enga i morges, men opp måtte ein lell. Opp og prøve å vere energisk og smilande på den eine av årets to dagar der vi er så heldige å få kose oss med samtlege av skulens elevar. Juleverkstad! Elevane er miksa, både store og små, og alle kjem dei rundt på dei ulike gruppestasjonane for å delta på dei ulike "aktivitetane".
Med andre ord er dette dagar der ein verkeleg kosar seg og samtidig får litt påfyll av jukestemning.
Difor har det vore kjipt å hangle i dag……….. Akkurat no kjennes det ut som om at morgondagen blir likeeins.
Jaja….det blir vel jul uansett.

Han leier kun ut til folk med husdyr. Eg skjønner det ikkje skal mykje til for å hamne på ei av Noregs mest leste avisnettside. Det er berre å fånne på noko utradisjonelt, så vips…….
I dette tilfellet er det ein kar som går i mot straumen og leier ut til folk med husdyr, og berre slike folk. Altså stikk i strid med det normale. Så no skal eg finne på noko anna utadisjonelt, så kanskje eg er like "heldig". Forslag mottas med takk!!

Prest sjokkerte små barn. Han sa at julenissen ikke finnes. Thihihi………Det er ikkje greit å vere prest og måtte tale til borneskuleelvar utan manus. Då kan det snike seg inn litt uheldige setningar som til dømes at julenissen ikkje finst. Shit happens……..
Han fortalte om korleis julenissen er basert på legenden om helgene Sankt Nikolaus. Kanskje ikkje så lurt å gjere når mottakarane av bodskapen hans er born.
Tanken hans var sikkert god, men dog ikkje så nøye planlagt. Så no er det eit x antal born som har fått "øydelagt" jula si og i tillegg har dei byrja å stille spørsmålet om tannfeen også berre er oppspinn.
Jaja…….Berre dei ikkje blander inn påskeharen, for han fins vel??? Hahaha…..

Eg avslørte julenissen, eg også. Ved middagsbordet! Mottakelsen var over all forventning.
Forskjellen på presten og meg er at eg hadde ein litt annan intensjon med det eg sa.
Eg hadde ikkje noko interesse av å dra inn han godeste Nikolaus i det heile. Eg berre innsåg at når julegåvelista til nissen kun inneholdt ønsker i "fleire tusen-kroners klassen", ja då var det på tide og informere om at det er mi eiga lommebok det vil gå ut over. For kven vel kjøpe noko anna enn eitt av alternativa som står på lista? Julenissen er jo snill og då kan han ikkje levere noko anna. Då blir han jo sett på som uvitande.

Tannfeen er nok gjennomskua, han også. "Mamma, hadde du ikkje meir enn 40 kroner i går kveld?"
Når han kjem med tanna seine kvelden og ikkje har gjeve mora eit lite hint om at tanna er farleg nær ved å dette ut……….
Det verste var at tanna låg der på bordet og då eg skulle ta ho, ja då var ho borte. Vel vitande om at eg hadde styra der eindel like før og at tanna var ute av tankane samtidig………. Kor i allle dagar var den svartens tanna?
Det var berre å leggje seg på alle fire og krype der som ein ungfole rundt på golvet. Tanna dukka ikkje opp! Eg er ganske sikker på at kvar ein millimeter av teppet blei befølt av ivrige hender på leit, dog utan resultat.
Tanna er enno ikkje komen til svars og eg trur eg vil få eit forklaringsproblem om det er ein viss kar som finn ho. Kanskje eg skal arrangere dugnad?
Eg satsar på at ho på eitt eller anna vis har hamna i søpla. Det er uansett ikkje like ille som då den første tanna falt. Ho hamna i magen hans i lag med ein eplebit. Då var det ikkje berre, berre å forklare at kanskje tannfeen ville kome likevel, til trass for at han ikkje hadde noko tann å tilby.
Akkurat no er eg tilbøyeleg til å tru at det er tannfeen som har vore her og henta tanna hans utan at eg har lagt merke til det.I hope so!

Uansett, presten tabba seg ut, så no spørs det om ikkje enkelte går inn under prekenen hans og seier at Jesus ikkje "fins". Kanskje det blir han som tar til tårene då? :=)

Kva ord søkte vi mest på i løpet av 2013? Tja, eg må ærleg innrømme at eg ikkje har ei viss peiling. Det er sikkert berre ord som eg aldri sjølv har søkt på. Eg skal i alle fall opne saka og sjekke!

Første plass går til ordet valg. Andre plass til Paradise hotel. Tja, litt overraskande, kanskje?! Eller ikkje……. Eg er jo ikkje heilt uvitande til at det er mange som har fulgt programmet og følgeleg også har fulgt dei på nettet også. Sjølv om eg ikkje kan fatte og forstå at folk syns at eit slikt program er kult, så vil eg anta at antalet sjåarar taler som prov der. Jaja…..

Tippeligaen, Farmen, Idol………Lista er visst ikkje så uforutsigbar som ein først ville anta. Likevel, det som slår meg, sånn umiddelbart, er at det er realityprogram på tv som er det som toppar heile skiten Om tippeligaen kan kallast for reality-tv, eller ikkje…….Det er no i alle fall frå røyndomen, på lik line med dei andre programma.
Så spør det kva ein kan tolke ut av det? At tv toppar nettsøkinga……….
Det betyr i alle fall at det er mange som brukar tida si på tv og internett.

Hva sier reven? Ylvis er o populære………..men det er jo også Justin Bieber! Skulle eg ha prøvd å kome med forslag før eg opna saka, trur eg at eg ville ha att han på topp fem. Så eg er eigentleg litt overraska over at ikkje han er lenger opp på lista.

Så kan ein også anta at ein del av den eldre garden surfar til ein viss grad. I alle fall kjenner eg til at det er fleire og fleire eldre som kjem seg på Facebook, og då får dei sikkert også auka bruk på nettsurfing.
Så spørs det kva dei søker på….. Eg tvilar på at Paradise hotel og Justin Bieber er så dyrisk høgt oppe på deira liste.

Kva eg sjølv har søkt mest på, er eg slettes ikkje sikker på. Eg har prøvd å tenke litt på nett det, men sånn umiddelbart kjem eg ikkje på noko som er innlysande. Då tar eg sjølvsagt bort Vg og dei andre nettavisene…..

Heilt ærleg trudde eg faktisk at skatten var eit av dei orda som trona øverst. Det har jo i alle år vore produsert ei avis som viser kva alle andre har tent, så det må jo bety at det er noko som opptar folk. Kan hende det har vore ei slik avis i salg i år også, men eg kan ikkje erindre her og no at augene mine har lagt merke til det.
Så nysgjerrig som mange er, er eg sikker på at det er eit stort antal menneske som søker på skatten til andre dei kjenner.
Kva som er så interessant med det, veit ikkje eg, men det opptar visst mange.
Eg trur ikkje eg ville fått så mykje meir glede i livet mitt om eg hadde visst kva naboen min tener.
Likevel…..skatten er ikkje blant dei søkeorda som tronar høgt oppe. Faktisk er det ikkje nemnt i det heile. Det kan ikkje bety at eg ville skora vedig lavt om eg skulle tippe på førehand.
Akkurat det kjem eg aldri til å innrømme……Hahahah….

Til og med morsdag tronar langt foran desse orda!!

No skal det seiast at eg hadde håp om ei meir "djusi" liste. Ei som ein kunne fleipe litt med. Eg burde vel skjønna at lista i og for seg berre er ei kjedeleg liste med ganske få overraskingar.

Nei, 78% av hjernen fungerer ikkje akkurat no. Då er det håplaust å la fingrane løpe litt over tastaturet. (Det kunne jo sjølvsagt hende at dei fann vegen sjølv utan at det måtte noko særleg hjerneaktivitet til, men den gong ei…)
Så no er det natta på denne knetta, med håpet om at eg skal sove av meg feberen og all anna ulumsheit som følger med den……
I morgon er det konsert og det er lite kult å spele om ein ikkje er i form. Så då seier eg berre natta!
Sov godt!
Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar