torsdag 19. desember 2013

Sjølvlysande kakkerlakk! Det er faktisk eit av dei nyoppdaga dyra, nemleg årets observasjonar. Kor kult er ikkje det? Sjølvlysande!
Vel…..eg kan styre mi begeistring. Kakkerlakkelskarar har sikkert ei anna haldning.

Kjøttetande olinguito. Vg-journalisten kallar arten for kjøttetande søting, artigkaren. Eit kjøttetande pattedyr kan då vel aldri kallast for søt? Eller……
Berre tanken på at det er kjøttetande sørger for at det søte forsvinn rimeleg kjapt. Eg har i alle høve ikkje tenkt å møte på ein av dei sjølv, sånn i levande live. (Dyret altså!!)

Grandonkelen til T-rex! Wow….. Det var ikkje lite. Og så grandonkel……For ein "tittel".
Men….det er no eg byrjer å stusse. For anten er det eg som er riv ruskande gal, eller så er det enkelte av dei som arbeider i Vg som er det. Det er liksom eitt av to, og eg likar ikkje heilt tanken på at det er meg det kan ligge hos. Hmm………
Overskrifta til det heile er "Disse dyreartene ble oppdaget i 2013". Så kan jo du tolke sjølv og tenke kva du legg i desse orda.
Sjølv gjekk eg sterkt ut ifrå at det var snakk om at ein var komen over nye dyreartar som lever i dag. Oppdaga i 2013. Det er det som står i teksten.
Når ein då byrjer å dra inn eit dyr som har vore utdøydd i sånn høveleg rundt rekna 80 millionar år, tja….då er det vel på tide å rive seg sjølv i håret og revurdere heile greia.
Det er nesten som om at det blir nye Jesus-tilstandar. Oppstått frå dauden, liksom. Berre at det tok litt meir enn tre dagar.
Det er i alle fall inga tvil om at dyret er utkvilt no, då.

Eg kan ikkje i min villaste fantasi (og DEN er vill!!!) sjå for meg at det er oppdaga noko dinosaur det siste året. Ergo står eg att med at det er eg som er riv ruskande gal. Jaja…..ikkje så ille at det ikkje er godt for noko. Då har ein i alle fall noko å skulde på!

Då handlar det vel aller hest om forskning på eldgamle dagar i dette tilfellet. Den der artige kakkerlakken levr visstnok i dag, så det er ikkje godt å vite kva dei held på med, sånn eigentleg, desse forskarar "wanna be". Ei god blanding av nye og eldgamle artar må jo berre bli ei herleg suppe.
Det stor spørsmålet er verkeleg det som omhandlar det berømte spørreordet korleis. Korleis i alle dagar kan dei finne ut at eit dyr har levd for 80 millionar sidan?
Viss dei evnar å finne ut slikt, ja då er dei vel supersmart og samtidig sel dei vel opplysningane til ein blodpris. Sånn berre for å gni det ekstra godt inn.

Jaja, det var eigentleg litt kjipt at eit par av dei små grå plutseleg byrja å reagere på litt av kvart medan eg sat/sit her og skriv. Skuffelsen blei så stor då eg oppdaga at eg var på feil planet til feil tid (i litt av saka) og då gadd eg ikkje lese om resten av dei kule dyra. For eg reknar med at når dei har dyr som er sjølvlysande, ja då kjem dei vel aller helst med andre kule dyr også.

Nei, då er det mykje meir spanande å sjå TV 2-vèret på Tv. (Hahahahaha……Den var djup! På TV!!) Eg legg no mest merke til at glidelåsen på kjolen hennar skulle vore eit pr centimeter meir lukka. (Eller heilt lukka for den del.)
Vèret er ikkje oppløftande det heller, så hipp hurra for den våte jula.

Kvinne (82) trodde hun hadde diarè. Legene fant et 40 år gammelt foster! Hallo? Går det an, då? Creepy!
Ikkje veit eg korleis eg ville reagert om eg hadde fått vite at eg har hatt eit foster i magen i fleire år. I dette tilfellet er det jo snakk om eit førti år gammalt. Jeeeezes!
Det er sjølvsagt snakk om eit ikkje-levande foster, men likevel……. Det må no uansett vere eit lite sjokk å få ein slik beskjed når du er passert 82 år.

Nei, i kveld er det visst så mykje rart som dukkar opp, så eg trur eg skal pakke saman sakene og berre kule ned resten av kvelden.
Vel, no er det vel ikkje noko anna eg har gjort heile kvelden. Eg har jo lege her som eit slakt, så kanskje neste stasjon burde vere Kuraas?! Hahahaha………
Jada…..God natt!!

Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar