søndag 8. desember 2013

Christopher må ut med 300 000 kroner for å ha brutt forlovelsen. Det er inga tvil om at det er strengare i eindel andre land enn her heime. Om eit sambuarpar splittar seg opp her, har det ikkje større konsekvensar enn at dei flyttar frå kvarandre og lev vidare kvar for seg. Det er ikkje noko rettssystem som gjer noko med det til føremon for den som eventuelt måtte føle seg sviken.
Slik er det ikkje overalt.

No er det eingong slik at det er spesielt èin verdsdel som skiller seg ut på det meste. Det vere seg katter i mocrobølgjeomnar, rett til å bere våpen (dog berre enkelte statar), livstidsdommar for småkriminalitet osv osv……og denne gongen er det då snakk om eit samlivsbrot der det ein part som sit att skuffa og vonbroten over at livet ikkje gjekk heilt som planlagt og at draumen om bryllaup aldri vil bli ein realitet.
Så då treng eg vel strengt tatt ikkje nemne kva verdsdel det er snakk om, for dei fleste har sikkert allereie brukt dei små grå og fått med seg at det gjeld "Uncle Sam" - America.
Skal ein vere litt meir spesifikk, kan ein jo seie at det gjeld Georgia.

Christopher har blitt dømt for svindel og kontraktsbrot av den enkle årsaka at han i 2004 valgte å kjøpe kjeresten sin ein dyr ring og flytte saman med henne. Dei har vore ilag i 10 år og har kjøpt bolig saman. Ergo kan ein til ein viss grad sjå på det som eit ekteskap, sjølv om dei i utgongspunktet aldri har gifta seg. (Noko Christopher også hevdar han aldri har lova at dei skal bli.)
På ein illustrativ måte kan ein seie at forholdet kun dreide seg som utsjånad .
Til trass for at ekteskapet ikkje eksisteres i "lovens forstand", er det i praksis eit ekteskap.

Cristopher braut forlovelsen….kjeresten stevna han for det…….no blir han kanskje 300 000 kroner fattigere.
Jaja…..Det betyr i alle fall at han då vil vere fri til å vere ilag med den han har lyst til, i og med at årsaka til brotet er at han har falt for ei anna kvinne.
Så får ein berre håpe at lykken står dei bi!

Over 41 000 planlegger å spise Grandiosa på julaften. Så lar dei folk bli villeia av tala i år også.Nei, det er ikkje 41 000 som skal ha det til middag. Det er det antalet som har svart at dei skal spise det nett den dagen.
Dette er i media kvart einaste år. Mange et ei Grandiosa på førmiddagen, eller til kvelds. Dei et likevel pinnekjøtt eller ribbe også. Så at det alltid skal fokuserast så mykje på den der pizzaen, er vel strengt tatt ikkje så nødvendig.
Dessutan er det ikkje snakk om at alle desse skal spise det av di dei ikkje har råd til anna mat.
Vil dei ikkje vere ein del av kjøtttradisjonen som store delar av nordmenna har, så må dei vel berre få slippe. Det er deira eige val.

41 000…….. Eg syns ikkje talaet er så svimla høgt, eg…..

Nyheten alle menn snakker om. Det er visst snakk om ein boxershorts-type. Sjølv har eg ikkje høyrt eit einaste mannfolk prate om det.
No er det vel kanskje ikkje slik at undertøy er det temaet som blir diskutert heftigast i pausen, men likevel………. Ein burde vel høyrt enkelte utsagn om det var så "hot" eller "in" eller whatever.

Så dårlig er pepperkakene du kjøper i butikken. Tja, det er vel ingen som har tvilt på at det er dei heimlaga som er best? Eller…….. Når du kan kjøpe ein ganske stor boks, som er fyllt med over 50 pepperkaker, for berre ein tiar…Ja, kven er det då som trur dei har gjort eit "scoop"? Heilt seriøst…..
Pepperkakene du kjøper i butikken har jo til ein viss grad smaken av sand. I tillegg er den grovkorna.

Det er gjennomført ein test på det meste av det som selges av pepperkaker i butikk. Dei fleste får terningkast ein og to. Eit yderst fåtal klarar å karre seg opp på tre, og ergo er det rett og slett ikkje noko å trakte etter.

Å lage deigen sjølv er ikkje noko heksekunst eller så alt for tidkrevjande. Det einaste er at du må setje av litt tid til deigen eine dagen, medan sjølve bakedagen må kome dagen etterpå. Det er no eingong slik at deigen bør stå eit døger i kjøleskapet (eller ein annan kald stad). Det er i alle fall det eg er vokst opp med. Heimlaga peperkaker av eit døger gammal deig.
Knallgodt!! (Så hamna vel ein tiandedel av deigen i magen, som regel i løpet av dei sekunda ingen vaksne fulgte med. Det var ikkje fritt for at eg fekk beskjed om at det kunne føre til vondt i magen, men kven brydde seg vel om det? Pepperkakedeig smakar jo berre såååå godt!!) Og likevel er det nett det same eg seier til min eigen son. "Ikkje spis deigen, du får vondt i magen." Eg veit han smaker og eg har til dags dato ikkje høyrt noko som helst om vondt i magen……..)

Nei, tida går så altfor fort. Ho er nok ikkje på mi side i kveld, så det er vel berre å karre seg under dyna og heller sørge for at det som ikkje har blitt gjort i dag, blir gjort i morgon.
Litt baking og litt skulearbeid har det no vore tid til, så då får ein vel vere nøgd med det.
Så må ein vel heller ikkje gløyme at det har vore kulturskulekonsert med flinke born i dag. Snart er det jul. :=)))

Ha ei god natt og drøym søtt. I morgon startar ei ny uke!
Hasta luego!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar