tirsdag 10. desember 2013

Var dette passende, da? Obama handhilste på Raul Castro (og utveksla smil) rett før han skulle opp og hylle Nelson Mandela. Dette er ganske så unikt med tanke på historien som er delt mellom USA og Cuba. Det har vore ein kald skulder mellom "desse to" i eit halvt århundre og då er det klart at det vekker oppsikt.
Det er nesten som om at eg tenker at det skulle vore mogleg å velje same presidenten for ein tredje periode. No er det slik at ein berre kan sitje i to periodar, og det set ein stoppar for Obama på det orådet ved neste val.
Slik eg ser det, kan denne handhelsninga vere starten på ei oppmjuking av forholdet mellom USA og Cuba. Forholdet som kunne ført til ein tredje verdskrig i si tid……. Det er nesten som ei fredshandling og det på sjølvaste dagen der fredsprisen har blitt delt ut her heime i Noreg.
Fredspris, Nelson Mandela og positiv kommunikasjon mellom USA og Cuba……..og alt dette på ein og same dag. Stort!

Eg har akkurat høyrt orda til Jagland i tilknyning utdelinga av fredsprisen. Difor kan eg ganske trygt våge å påstå at eg veit kva enkelte vil kommentere i statusen sin på Facebook. Nemleg engelsken hans.
Det vil i såfall ikkje vere første gong. Eg trur nok at engelsken hans har vore gjenstand for ytringar kvart einaste år han har hatt ansvar for denne prisen. Eg trur ikkje årets tale sørger for mindre uttalelsar.

Eg er einig med dei som påstår at den ikkje er av aller beste kvalitet, men det blir kanskje litt feil å kritisere han med argumentet at ein person med ein slik tittel i alle fall må ha perfekt flyt i engelsken sin.
Når ein blir såpass opp i åra som han, er det nesten ikkje mogleg å lære seg anna engelsk uttale enn det ein kan ifrå før.
Har ein først lagd seg ein "vane", ja då er den vond å vende. Eg tvilar på at han som 15-åring tenkte på at han skulle tale for heile verda når han blei ein aldrande mann.

Vi blir latere når vi får barn. Javel…..Det var vel difor vi gjekk på ski i går, då?! Haha….. Nei, det kan vel godt vere noko i det. Eg har vel eigentleg aldri tenkt over den tanken. Kanskje sit eg meir på rompa no enn før.
Det spørs nett kva eg samaliknar med. I studietida hadde ein jo nesten ikkje ro i ræva. Då var det fotball, jogging, fjellturar, gåturar og you name it til ei kvar tid. For ikkje å gløyme dansinga…….
I dag er det nok eit hav i mellom den tida og dagens aktivitet, men litt trim får ein dog.

No spørs det litt kor urbant ein bur, eller ikkje. Eg vil tru det er ganske avgjerande for korleis livet som småbornsforeldre blir.
Om ein bur slik til som det eg gjer no, trur eg nok det er lettare å planlegge enn om eg har eit byliv.
Ein treng faktisk ikkje slutte å trene for å få ting til å hengje i hop.
Ute på bygda er det jo berre å ta turen ut på trappa og starte trimturen. Det er berre å vente til bornet har lagt seg viss noko anna er vanskeleg. Ein har utetrimrommet i umiddelbar nærleik.
I ein storby er det vel ikkje noko særleg å trimme åleine langs gatene. Der kan jo det meste skje i tillegg til at det er eindel trafikk. Ligg ting litt langt unna, må det også planleggast på ein mykje betre måte.
Her er det ikkje slik og ein har heller ikkje lange vegen for å finne seg eit trimrom inne.

Er ein singel med små born, stiller sjølvsagt saka seg litt anleis. Då er det ikkje berre å stikke av. Kven tør å la bornet sitt ligge heime åleine og sove? Ikkje eg i alle fall. Eg blir superstressa om eg berre skal ned på fergekaia for å hente folk, sjølv om det berre er snakk om fem minuttar. Alt kan skje på fem minuttar. ( I alle fall er det slik eit mammahjarte tenker. I alle høve mitt!)

Joda, eg er nok blitt latare. Likevel trur eg at det grunnar i meir enn berre det at ein har fått born. Sjølv om det sikkert er ein del av forklaringa, trur eg nok at arbeidslivet også må ta ein del av skulda.
Studentlivet er mykje meir fritt enn det å vere i fast arbeid. Sjølv om det krevst litt å vere student, kan du styre kvardagen din litt meir fritt.
I arbeidslivet har du faste rutiner som du er nøydd til å ølgje opp og du må heile tida følgje klokka. Det er ikkje rom for anna. Ergo har ein eit heilt anna liv som arbeidstakar enn student.
Det er jo trass alt etter studenttida dei fleste får born, sjølv om det også er eindel som blir foreldre før den tida.

På ein måte skulle ein jo tru at småbornslivet skulle sørge for større aktivitet. I alle fall for dei som ikkje er vant med å vere i aktivitet. Som foreldre tar vi jo borna med ut for at dei skal få vere i aktivitet og då er det stor sjanse for at ein må vere det sjølv.
Det er kanskje ikkje slik det er. Berre prosentvis…….

Her lover de å ikke ansette homofile. Det er bortimot det tåpelegaste eg har høyrt. Spesielt med tanke på at vi lev i 2013.
Eg trudde verkeleg vi var komen lenger enn det no. Så vanleg som det temaet er i dag, og så mange som et er som har stått opent fram med den legninga…….Ein skulle tru at dei fleste no har komen til det stadiet at ein har eit avslappa forhold til det heile. Så feil kan ein ta…….

Dette er snakk om i fotballverda. Det er ein nederlandsk klubb som har bestemt dette i sine statuttar. Kvifor? Ja, du kan så spørre…….. Det er ikkje av noko betre grunn at dei skal blidgjere "rike sjeikar".
Så pengar er viktigare enn å skape gode haldningar imot mobbing. For det er jo mobing dette. I stor grad. Det er like mykje mobbing som utestenging av enkeltmennesker sosialt. Akkurat det er jo noko som engasjerer store delar av folket. Kampanjar mot mobbing er ofte delt på nettet og folk tar sterk avstand frå det. Eg håpar dei gjer det same når dei tenker på homofile.
Det er så enkelt som at mobbing er mobbing. Vi har inga rett til å definere kva vi syns er "grei" mobbing og ikkje. Anten er vi iot mobbing, eller så er vi det ikkje. Så enkelt er det.

Eg håper denne fotballklubben får refs for dette og at dei på ein eller annan måte blir straffa for det.
Dei har allereie ein homofil trenar, men no skal dei sparke han for å få mange millionar svarte pengar. Det er moral på høgt plan!

No er det kveld og eg skal straks tilte meg i seng. Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt til natta.
Hasta luego!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar