onsdag 11. desember 2013

Halvparten ville oftret sex for dette? Så spørs det kva "dette" er.
Valet stod mellom sex og ein mobiltelefon. Hahaha……Kanskje ikkje så overraskande at dei (kvinner) svarte at dei ville valgt mobilen!

Viss ikkje denne undersøkinga viser kor hekta vi eigentleg har blitt på telefonen, ja å veit ikkje eg. Signalet som no blir gjeven er jo ganske tydeleg.
Sover med den………Spiser middag med den……… Tja, mobilen har vel ein tendens til å "oppføre seg" som bestevenen din.
Mange er så hekta at dei må sjekke den kvar 15. minutt.

Kor mange er det eigentleg som sover med telefonen ved sida av seg? I følge undersøkinga er svaret 70%. Altså er det eit rimeleg høgt tal det er snakk om.
Dei sover med den ved sida av seg til trass for at det påverker svevnen i negativ retning.
I tillegg påverker telefonen oss til meir småspising. Vi småspis medan vi er aktive på sosiale medier.

Viss det verkeleg er så usunt med denne elektronikken…..Kvifor er det ingen som tar til vit og lar den vere i fred?
Eg veit det ikkje er lett, men det burde jo skremme oss litt å vite at det er alt anna enn bra. Når det i tillegg går ut over sexen……Hallo?! Thihii-………
Candy crush og Pet rescue er mykje viktigare enn partnaren. Kva skal vi eigentleg med en partnar når vi har mobilen og dataen? Sånn anna enn til å gjere husarbeid og lage middag?
Tja…. Noko må det vel vere?
Joda, det er jo vinter, så å varme opp dyna er jo ein fin ting. Det kan jo vere greit at dyna er varm når du kjem for å legge deg der og spele dei siste rundane av spelet før du skal legge deg til rette for å sove. Skuffelsen vises ikkje eingong hos den andre halvdelen av di lyset er for lengst slått av og rompa er snudd til deg. Då er vel livet herleg?!
Noko må det no i alle fall vere i og med at det er så stor prosentandel det gjeld. Så då er det vel på sin plass å seie stakkars menn. Det r jo dei som lir under det. Kvinnene saknar vel ikkje nærleiken noko vidare i og med at dei har kjæledyret, mobilen, med i senga.
Snart finn dei vel opp ein mobil som tilfredsstiller på det området også! (DÅ menn……..er dåke verkeleg solgt!!!)

Nei, er det verkeleg så ille? Då burde det vel ringe eit varsku. Det er nok alt anna enn bra om det er tilfelle. Kven skal då stå for reproduksjonen i verda?
Eg innbilte meg at folk syns det var greit å "øve" på å lage born, berre det ikkje blei born utav det. Så feil kan ein ta.
Det viser seg jo at i dagens samfunn så er det ikkje så godt likevel.
Stakkars kvinner seier no eg. Det er ikkje berre menna som blir stakkarslege. Kvinnene går jaggu meg glipp av noko bra, dei også! :=)
Jaja………

Anne, Bente og Linda går mest konkurs. Tja, det er jo godt å vite….Då kan ein jo trygt starte opp med eit eller anna. Det er berre å sørge forå sike ut dei som har namn som dette, så må det jo berre bli ein suksess.

Det skal no føres statistikk for ALT i denne verda. Sjølvsagt er det namnet som avgjer om du klarar deg eller ikkje. Heilt klart! Heier du Anne, ja då er det berre slik at du har dårlege odds. That´s llife.
Særleg……
Det må då for guds skuld vere heilt tilfeldig kva namn ein har i det augeblikket ein går konkurs. Viss ikkje, er det jo berre å søke om å få bytte namn i det augeblikket du blir klar over at det kan gå mot konkurs. Då bergar du deg glatt. (Det handlar berre om å velje rett namn…….Gjerne eit namnsom har hatt suksess!)

Nei, det er mykje teit statistikk ute og går. Akkurat det er det vel inga tvil om!

Onsdagen er over for denne gong. Dyna skal få seg eit besøk av meg ganske straks, dog utan mobil.
Den hamnar nok sikkert i same rommet, men eg har ingen planar om å spele på sengekanten.
Det er ingen som har varma dyna mi, så eg må vel berre tilte meg inn og varme ho sjølv. (Det handlar no mest berre om å ha den riktige dyna, for då er ho varm på null komma niks.)
Uansett….. Ha ei strålande fortsetting på kvelden (eller avslutning, om du vil).

Hasta luego!

IWALY!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar