tirsdag 3. desember 2013

Når eit stupetårn kostar rundt rekna 30 000 000, ja då er det snakk om luksus. Korleis ein kommune som i utgongspunktet skulle få eit tårn som hadde ein prislapp på halvannan million har klart å miste kontrollen slik……. Det er jo hakket verre enn ein annan kommune eg kjenner til!!

Eg lurer på om eg kan bli "årets person i verda" om eg tar meg eit nakenshow foran x antal menneske?  Sånn berre for gøy, for å skape merksemd rundt meg sjølv.
Viss Miley Cyrus kan det, ja då må vel eg også klare det same?!

Miley Cyrus er blant dei som er nominert til tittelen. lutseleg kan ho hamne på same lista som tidlegare pavar, presidentar o.l. Kor kult vil ikkje det vere for ho? Eg berre spør….. For det er berre latterleg spør du meg. (Så heiter det jo at prisen kan vinnast på godt og vondt….)

Det amerikanske magasinet "Times" har ei årleg utnemning av personar som har prega det siste årets hendingar. Om Miley har prega nokre hendingar? Tja, det spørs kor ein legg lista. Eg trur i alle fall at eg har ryggen klar om eg påstår at ho ikkje har gjort noko som gagnar meg på noko måte. Sannsynlegvis ikkje du som les dette heller.
I dag ligg artisten på tredjeplass og i morgon har vi svaret.

Eg trur eg skal kle dei mannlege kollegaane mine i basteskjørt (bar overkropp sjølvsagt) og filme når dei dansar til "Dirty dancing". Det vil i såfall bli eit nydeleg syn, då med tanke på at eg faktisk ikkje ser for meg at det er nokon av dei som danse.
Hmmm………no skaut eg vel meg sjølv litt i foten…..for ein eller to av dei kan vel danse enkelte dansar, men så spørs det kor "dirty" dei klarar å danse. Time will show! Eg trur eg skal foreslå det på neste plenumsmøte. Då må både rektor, inspektør og alle undersåttane deira til pers.
Hahahaha………Viss ikkje det klassifiseres til å bli nominert til årets person, ja då blir det vel feil at ho Miley kan bli det også!!
Tru for ein youtube-hit eg vil få med dette prosjektet. Eg kan nesten ikkje vente med å sjå dei i aksjon i herleg Patrick Swayze-stil!!

Lurer du på hva du skal gi din kjære til jul? Gi 30 håndplukkede roser. Hahahaha…… Særleg! Viss eg får 30 roser i julegåve, ja då trur eg at eg blir fornærma.
No er det ikkje sikkert at eg er så kjær, men eg håpar då verkeleg at eg er meir kjær enn ei rosegåve når det ein sånn dag.
Handplukka??? Hahahhaha….. Kva er forskjellen? Eg har då vel like fullt ut tatt knekken på dei etter x antal dagar om dei er handplukka eller ikkje!
Det er litt kjipt å få ei gåve verdt 1000 kr (minst) og så er ho like fort borte i mangel på kjærleik frå ei som passar blomane sine til fulle….. Thihihiihi…….
Ikkje skjønner eg korleis dei plantane eg har lev enno (enkelte er snart 10 år), men eg har i alle fall ikkje tatt knekken på dei enno. Roser derimot? Det hender at eg har dei lenge, men då trur eg mest det er snakk om riktig så hardføre roser, eller at eg berre har litt flaks av og til.

Det som no er litt kjipt er at eg opna saka som denne overskrifta stod til. OG det er slett ikkje snakk om å kjøpe roser. Eller…….Det er jo det, berre at det er snakk om i kremform. 30 roser pressa inn i ein kremtube (kanskje ikkje bokstaveleg tala, men nesten).
Så der dreit eg meg sjølv på leggen som enkelte vil ha sagt. Vel…….Krem er i alle fall hakket betre enn roser i blomeform, sjølv om ikkje det heller ville vore optimalt.
Skal eg liksom gå rundt og dufte rose??? Kven er det då som ikkje vil byrje å lure på om jomfrua er riktig vel bevart. (Det ville berre rett og slett ikkje passa inn i det totale imaget.)

Vel……Eg veit kva eg får til jul. Eg har sjølv bestilt vara og det er noko som klinger litt betre i mine øyrer. (Bokstaveleg tala!)
Så kan jo du lure på kva instrument det er snakk om! Bilete vil definitivt dukke opp i jula.

Jaja, no er klokka over halv elleve. Det er tid for å la dei små grå slappe av for nokre timar. Liza Marklund held meg enno i ande, enn så lenge.
Så ha ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem!
Hasta luego!

IWALY!!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar