lørdag 7. desember 2013

Der har jomfrua kommet seg under pleddet på sofaen og inntatt den nest beste stillinga i verda. (Eg skal la vere å informere om kva den beste er!) Klokka er ikkje så alt for langt unna midnatt og det er faktisk først no at at det går an å kjenne etter at det er ei viss form for eksistens i denne kroppen.
Ein dag som har gått rimeleg i eitt, er no over og no skal det ikkje gå i eitt før i morgon tidleg att. Haha…

Denne helga skal bære preg av musikalitet. 3 timar i kveld og 7 timar i morgon. Så er det berre å håpe på at det gjer resultatar til dei rette musklane.
Kanskje eg burde bestille ferdigstilla biffmiddag til eg kjem heim? Fløtegratinerte poteter og ferske grønsaker……. Tja, kanskje ikkje så dumt?! Eg trur eg skal smiske noko valdsamt no den siste timen før eg legg meg.

Den store verda……..Er det noko spanande som skjer kanskje? Eg snakkar då sjølvsagt ikkje om 35-årskriser og motorsyklar med fulltatoverte "babies"-a med botoxlepper på.
Eg tenker meir på slikt som at Kurt Nilsen selger gitarhytta si med tap. Det beste er at det er til "seg sjølv" han selger den. Ganske lekkert gjort (og ikkje minst ein snill gest.)
Kurt er einaste eigar og styreleiar for Lord Records AS. No har han solgt hytta si til seg. Det er sjølvsagt gjort etter norske lovar og reglar, så då er det vel greit?!

Ellers bugnar det jo over av meir eller mindre "gode" overskrifter. "Hvem får oppgaven med å skade Suarez?", "De ti beste juleølene", "Sunt å onanere", "Samlivsrådet du forelsker deg i", "Carlsens nye dame er avslørt" (Han har sjølvsagt ikkje fått seg ny dame, men det er snakk om ei motejente som skal promotere ilag med han…..reklame for klede eller noko. Meida må jo vri på det slik at vi blir lura inni artikkelen.), "Ikke bare tenk på deg selv,mann", "Nordmenn er lei av Northug" og "Denne dama kan gi deg millioner". (Det er forresten ein hest det er snakk om.) 
Ein drøss med overskrifter som er samla på ganske få kvadratcentimeter. Dette betyr jo sjølvsgat at verda går vidare og at det bugnar over av viktige saker i dei store avisene ein fredagskveld. (Eg må berre sjakke at det faktisk er fredag enno….såvidt.)

Dette rådet berger samlivet i julen. Lek og ha det gøy! Par skal visstnok leke og ha det gøy saman. Det er det som er oppskrifta på det "perfekte" som gjer at jula blir superbra.
Då lurar eg på om å base i snøen går inn under definisjonen av lek og moro? For kva er vel herlegare enn å fylle innsida av diverse klede med snø? Stappe nakken full og vere øverst og sørge for at den andre berre ligg der og spreller til alt er tina mot den "varme" huda……..

Eg minnast ei hending med ei(n) kollega. Ho skulle base meg og hoppa på meg bakifrå (utan at eg var klar over det). Eg trur det var lite hyggeleg for ho då det gjekk opp for ho at eg var hakket sterkare enn ho og at eg berre blei ståande støtt med henne rundt nakken.
Kven som hamna i snøen? Det treng eg vel ikkje svare på. OG for ei lykke!!

Dersom dette er slikt som kjem under rette kategorien for julelek og å ha det gøy, ja då skal eg meir enn gjerne hive meg med på bølgja. Eg kjenner eg allereie byrjer å gle meg. (Akkurat no er eg glad for at eg er sterk i bryting!) Thihihihiihi………..
Fjasing er rett og slett undervurdert!

Nei, som sagt så bugnar det over at "stjernesaker" denne fredagskvelden. Det einaste som var av seriøs art, omhandla Nelson Mandela. Akkurat han spøker ein ikkje med. Til det er han alt for "stor". Likevel er det enkelte som "misbruker" han allereie så kort tid etter at han sovna for første gong. Det er berre trist, men dei fleste gidd vel ikkje ta det seriøst.
Dei fleste veit kva han stod for og kva han gjort opp igjennom tidene, så det er vel inga tvil om at mannen fortener respekt.

Jomfru Knutsen skal straks ta kveld. Klokka har akkurat bekka over midnatt og det er ein lang dg som ventar i morgon. Så då er det berre å ønske alle ei god natt og start planlegginga til julas lekestund.
Kanskje det er det som går som ein farsott på Facebook i jula? Bileter av alle para som leiker ilag……. Haha…..

Hasta luego!

IWALY.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar