onsdag 2. januar 2013

Lykke.......

Lykke må vere å vite at det berre er 2.januar i dag og difor er motet mest sannsynleg på topp enno når det kjem til forsetter. Dei fleste har ikkje sprukke enno, men mange vil nok ikkje halde heile løpet. Det er slikt ein berre veit! Om det er av eiga erfaring eller ikkje, skal vere usagt.
Så spørs det om det er kos eller krav.

Det er ikkje av nyare dato at enkelte tar seg vatn over hovudet når dei inngår veddemål om kva dei skal klare det nye året. I alle fall om dei ikkje får veileiing ettrkvart.
Det er ikkje berre å tru at det er å hive seg på tredemølla og spurte i fem minuttar og løfte eit par vekter, så har kroppen starta nedtelling på fettlagringa si. Det måtte eg sjølv informere ein kar om i dag. At han heller burde gå hurtig og halde ut lenge. Ein halv time hurtig gange har sååååå mykje meir effekt enn 5 minutt med løping.
Ein må jo først venne kroppen til å vere i rørsle og så få opp uthaldenheita etterkvart........Så kan det jo hende at ein etter ikkje så alt for lang tid faktisk klarer å løpe den halvtimen som før var hurtig gange. (Eller at ein klarar å gå i ein heil time).

Sjølv har eg vore på tredemølla i dag. I tillegg til å twiste, sykle og masse andre aktivitetar. Ikke av di at eg har det som nyttårsforsett. Eg gjer det av di eg rett og slett syns det er herleg og no har eg endeleg sjansen til å gjere det. No når vi har fått denne fantastisk hallen!!
Det er det beste som har skjedd her det siste året. Utan tvil!
Berre i dag, den stunda eg var der, var det ti stykk og trena. Eg vil tru at dei fleste faktisk kjem litt seinare enn det eg var og det har sikkert vore fleire der tidlegare i dag.
Med andre ord er det mange som er riktig så motiverte til å trene i desse dagar. Nokon av di dei har nyttårsforsett, andre av di dei er motiverte av nyhallen og sikkert dei som ville ha trena uansett, berre at no kan dei gjere det inne.

Nett av di det er ein unik sjanse vi har fått, er det så synd at det er fleire som er så imot heile hallen. Det er greit at enkelte i utgongspunktet ikkje ønska ein hall, men når den no først er komen, er det berre teit og umodent å nekte å gå dit av prinsipp.
Eg blir berre trist når eg høyrer om dei som seier at dei aldri skal setje sin fot der!
Det blir som om ein er fjorten år att og i trassalder. Av og til er det lov å ta av seg hatten og legge unna stoltheita og rett og slett "nyte" at vi har eit slikt tilbod. Det er komen for å bli og kvifor ikkje utnytte det til det beste.
Eg skal ikkje kommentere det noko meir, men eg håper verkeleg at dei det gjeld kan klare å legge av seg staheita si, for det er ikkje anna enn teit. I alle fall treng ein ikkje gå rundt å rakke ned på det heile. Det blir for dumt. Vaksne folk treng ikkje å vise slike haldningar!!

Eg ønska ikkje straum på hytta, men vi fekk no det..Eg slutta ikkje å bruke hytta av den grunn...... 

Eg skreiv vel uttrykket "kos eller krav" lenger opp på sida. Eg vil tru at den beste effekten kjem om vi kan kose oss med det vi gjer. At treninga ikkje er eit krav, eit "must", men lystbetont.

Dette gir jeg blaffen i. I årets første utgåve av KK er det fleire som uttaler seg om kva dei gjer blaffen i. Ei av dei seier "Jeg stryker ikke skjorter". Det er ein setning som minnar meg om nokre damer eg kjenner som faktisk stryker alle kledene sine kvar gong dei er vaska. Himmel og hav, seier eg!! Den dagen eg orker å bruke energien min på å stryke alle trusene mine, t-skjortene, buksene......"you name it"........ Den dagen har jomfru Knutsen rett og slett fått eit alvorleg tilfelle av illebefinnende og ikkje blitt seg sjølv etterpå. Heilt seriøst!!
Joda, eg stryker. Det er ikkje det! Eg stryker i alle fall tre gonger i året. Kanskje fem om det er eit godt år!
Juleduker og gardiner, bunadsskjorte, kvitkjolen og elles dersom ei skjorte treng det når eg skal bruke ho. (Som regel treng ho ikkje strykes av den enkle grunn at ein treng berre å vite korleis ein tørker ho så ho ikkje blir skrukkete).
Nei, stakkars dei som slit over strykejernet kvar einaste uke. For meg blir det kalla "mani". Hahahaha...........

"Jeg sorterer ikke sokker". Hmm.......... Sikkert greit det om du har førti par likeeinse sokker. Litt verre om du faktisk har lyst å variere litt på korleis du ser ut på foten. Heller mange fargar og legge dei saman enn 40 par svarte sokker. (For svart er vel det einaste som fungerer til alt?)

Er det så galt å ha sex med mange når du er singel? Lene er stolt av sin seksuelle lidenskap. Tja, kva skal ein kommentere til det? Det er jo opp til kvar enkelt å ha ei meining om temaet. Det er sånn sett ingen som sit på noko fasitsvar. Eg vil likevel tru at det er fleire som har sterke meiningar om det og når dei les denne utgåva av bladet, kan det hende at dei føler seg litt provoserte av haldninga til denne kvinna.
Sjølv tenker eg ikkje så mykje over det. Eg ser det står om det i bladet og så skriv eg no berre litt om det.
Det betyr ikkje at eg ikkje har ei meining om spørsmålet som blir stilla. Eg er sjølvsagt klar på at det syns eg ikkje noko om. Singel eller ikkje.......Eg meiner ein ikkje skal legge seg ned og spreie beina i tide og utide. Det tar i såfall bort litt av "magien" i det heile om det er så vanleg at det ikkje blir noko spesielt når den rette dukkar opp.
Det er likevel viktig å poengtere at det er mi private meining og at den ikkje er skiten verdt i den store samanhengen. At eg meiner sex høyrer "kjærleiken" til, betyr absolutt ikkje at eg kan ha haldningar som seier at det motsatte er feil. Heldigvis!! Heldigvis er det ikkje slik som i fleire andre land at kvinnfolk ikkje kan ta den avgjerdsla sjølv. Eg bryr meg katta om kva "naboen" gjer eller ikkje og så håper eg "naboen" gjer seg katta i kva eg gjer.

Det er klart at når denne Lise (om det er det ho heiter - tvilsamt) seier at det sikkert er snakk om over hundre ulike menn,.................. Fire ulike menn på ei og same natt! (Heftig, ja, men dog ikkje ulovleg).
Det einaste spørsmålet eg sit att med etter å ha lest artikkelen er "Vil ho klare å slå seg til ro med ein og berre èin mann nokon gong?"
Eller......... Det blir feil å stille det slikt. Sanninga er at ho allereie har blitt sambuar med ein mann. Nett av den grunn vil ho vere anonym. Spørsmålet hallar kanskje meir mot det om ho vil klare seg med ein mann i lengden.
For all del, det er ikkje mi sak og eg vil ikkje vite det. Eg berre tenker det. Det er heilt ukomplisert!
Det er godt vi alle er ulike. :=)

Nei, no skal denne knetta slappe av før ho rundar av med romanen sin på sengekanten! Så då må alle ha ei god natt og lykke til med treninga i det nye året!

Hasta luego! :=)

MY

2 kommentarer:

  1. Godt nyttår til deg og dine, Beathe :) Kos å lese bloggen din og jeg er sååå enig i alt du sier. Har sjøl satt opp et par tre-fire nyttårsløfter der trim og selvdisiplin står i fokus. Har tenkt å gå Santiago de Compostela- Caminoen i juli, og derfor må jeg trene. Det er en fantastisk motiverende sak, for jeg har alt gjort noe for saken 2 av 3 dager i det siste. Gått 8 km og styrketrening i trappa. Så hva skal man finne på i dag? Var jo tøft å begynne på jobb og være der til 18.30. Har jo tross alt bare 50% jobb... og dessuten la jeg meg 2.30 i natt. Ha et flott bloggår, Beathe :) Klemmer fra Clooney og meg :)

    SvarSlett
  2. Hahahahaha......... Kva med å jogge til arbeid? :-) Neida, just joking!!
    Ha eit fantastisk triviliastisk treningsår!! (Så får vi sjå kven som er i best form til sommaren).
    Smask <3

    SvarSlett