torsdag 24. januar 2013

Røkkes nye sko koster 100 000 kr. Han kjøper dei nok berre av han "kan det". Det må vere noko som driv han.
Om eg hadde hatt råd til å kjøpe så dyre sko, tviler eg på at eg hadde valgt å gjere det. 
Sko i frå ein heilt vanleg skobutikk ville fungert heilt utmerka! 
Eg er glad eg aldri kjem til å ha råd til slike skor. Veeeldig glad! Eg trur eg ville følt meg utilpass og i tillegg ville det vore eit hån mot store delar av resten av verda............
Det syns eg forresten det er sjølv om det ikkje er snakk om meg. Så Røkke burde vel aller helst halde det for seg sjølv når han brukar så mykje unødvendige pengar.

Mor og datter spiller inn porno sammen. DET er "Harry" det!!
Ein ting er kva ein meiner om det å spele inn porno.......noko heilt anna er det når det er snakk om mor/datter. Æsj, det er ikkje anna enn ekkelt.

Eg vil tru at sjåarane ikkje er klar over at det er familierelasjon mellom "deltakarane", men berre det at desse to "hæres" å stille opp i lag, seier vel sitt. Jaja........
Det må vel vere det jomfruelege ved meg som ikkje likar det!! :=)

Fly tok av på egenhånd fra Flesland. Hahahahaha.......... Det må vere noko med den bergenske lufta. Utan tvil!
Er det ikkje dette som er framtida, då? At alt skal styre seg sjølv? Vi har jo allereie radiostyrte bilar, helikopter og fly. Dog i miniatyrstorleik.........men det må då gå an i den verkelege verda også?
Tru kor trygg vi skulle følt oss då. 10 000 m opp i lufta og det tekniske sviktar på bakken.
Det høyres "kjempegøy" ut!
Det vil i alle høve hjelpe gamblarane på veg! "Døyr vi eller overlev vi? Eg trur vi satsar ein tusing på det eine alternativet". Og vips så var han rik, liksom.

Får vi se Mette-Marit i fugleburkåpe til våren? Ja, tenk å fundere på det akkurat no! 24.januar er tida for å starte å fundere på kva klede av alle kjem til å dukke opp i etterkvart.
Fugleburkåpe........Tja, ikkje det mest spanande klesplagget eg kan sjå for meg, men så slår jo alt det som moteskaparane har påstått skal skje til hausten! Menn i lårkorte kjolar og støvlettar eller stilethelar. Ingenting kan måle seg med det!!
Eg berre seier det.......Kjem nokon av mine kjenningar med slike klesplagg (på seg), kjenner eg dei ikkje lenger.
Heile verda blir "Great garlic girls", liksom....... Hahahahaha.......Det ville gjort seg!! Mekka på bilen i miniskjørt! DET ville vore blikkfang, det! (Dog eit grusomt!)
Skjørt og vanvittig hårete leggar i lag?? Nope, it´s just wrong!
Det neste blir vel at dei skal ha på seg Bh også? Perfekt for dei med hengebryst og for dei som har fine musklar rundt brystvortene kan vel berre fylle i litt "stasj" eller bruke Bh med innlegg.

Mette-Marit.......Du skal berre bruke fugleburkåpe. Det er stor fare for at vi kan sjå på det som normalt. I alle fall sett opp mot noko anna!! =)

Brad Pitt: Det er vi som må lære barna å bæsje! For ein fantastisk hjerne. For eit geni! Tusen takk for informasjonen.
Hmmm.......Stakkars dei borna som ikkje har foreldre som har lært dei det. Dei har vel ese ut og blitt som ballongar og går rundt og er ein stor bombe som kan gå av kva tid som helst. Det hastar dei å lære dei at det går an å få skiten ut!!!

Eg trur neppe at mor mi lærte meg å skite. Men at ho lærte meg at skiten aller helst skulle ein annan stad enn i bleien......Ja, det kan eg vel gå med på.
Likevel, det er stor forskjell på å lære å skite og det å lære kor ein skal skite. Så Brad Pitt, du har ikkje vore heilt på stasjon der!! (Med mindre du faktisk trur at du har lært borna dine å skite.......)

Ellers så skjer det ikkje så mykje i denne store verda. Ikkje verre enn at ein må med heile tre ambulansar  for å kome seg frå a til å i desse brunostdagane. Kanskje litt tungvindt å ta båt over fjorden, ambulanse over fastlandet, ferge, ny ambulanse og ny ambulanse att.
Litt vanskeleg å skjønne at ein ikkje då berre kan ta båten herifrå og direkte til Skarberget?? Då ville det blitt båt og to ambulansar. Det hadde nok vore hakket betre. Logikken i det andre ligg der sikkert. Det er nok berre eg som ikkje ser den!

Uansett, ha ein fortsatt fin kveld! Take care and have fun! :=)
(Berre ikkje meir "fun" enn at ein veit det kjem ein dag i morgon også.)
Sov godt, til dei som er på tur i seng og snart har hovudet på puta!

Hasta luego :=)

IWALY









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar