mandag 21. januar 2013

Buss veltet etter krangel.  Snakk om å vere heilt idiot!! Unskuld språket, men kven er så lite oppegåande at ein drar i rattet til sjåføren medan han køyrer?? Det skal ikkje gå an å vere så teit.
I tillegg stakk han av då han kom seg ut av bussen etter at den hadde velta.

Etter å ha studert biletet av den kvelva bussen, kan det sjå ut som at det var verkeleg nære på at det ikkje gjekk verre. Rett foran bussen er det eit gap rett ned og hadde dei hamna nedi der, så hadde det vel gått alle ille.

Enkelte menneske utgjer visst større trussel i trafikken enn det glattisen gjer!!

Rævholet til Petter Northug er ikkje særleg sexy!! Eg gløttar sånn aller smått på "Sirkus Northug"..... Det er vel strengt tatt ikkje eg som ser på det, men noko får eg no med meg i augekroken.
Det er jo klart at rompa til Petter Northug vil vere eit ganske bra utgongspunkt for blikkfang på tv!! (Hadde han no berre dekka den til med ei truse!)
Han gjorde reklameopptak og etter å ha slitt seg gjennom det, filma han ræva si for å sende manageren (slik at han skulle sjå kor "frustrert" Petter var etter å ha brukt masse tid på noko som varar i berre få sekund).
Sjølvsagt måtte TV2 putte skjermen sin rett opp i denne ræva!!! (Kanskje ikkje heilt bokstaveleg talt, men nesten............) Så det var ikkje berre manageren som fekk sjå!
Det blir nok nei frå meg om godeste Northug skulle finne på å be meg ut på "date".

Tommy (7) savner død eier. - Venter i kirken. Mi personlege meining er at denne overskrifta er lite gjennomtenkt. Å ha det sju-talet bakom namnet, er å gå litt langt. Det er jo klart at eg då trudde det var snakk om ein gut. Det står eigar, men likevel, tal bakom namn gjeld som regel menneske.

Det er ein hund som har mista matmora si. I to månadar har ho venta på ho i kyrkja. Dag etter dag.
Dersom hunden føler sorg, er det kanskje på tide at nokon prøver å finne ein ny heim til han.

KK has arrived.......finally! Sjølv om brunost er veldig godt, har den forårsaka litt av kvart. Eg skal sjølvsagt ikkje skulde på brunosten for at eg ikkje har fått KK i posten tidlegare enn i dag, men det er vel strengt tatt det som er sanninga.
Så kan du, dersom du ikkje bur her i området, sitje der og klø deg i skolten og lure på korleis ein brunost eller to (eller mange tonn) kan hindre eit KK i å nå postkassa mi!!

Eg har sjølvsagt bladd igjennom bladet for å sjå om det står noko interessant i det. Eit tema var om orgasme, men det er vel eit tema som byrjer å bli rimeleg oppbrukt no. Difor er det berre å bla seg vidare.........Neste tema er "Sånn skal jeg gå ned de fem kiloene".
Hmm.........Det er lite kreativitet ute og går. To gjengangarar til no!
Så kan eg jo presisere at det ikkje er noko å lese før eg kjem til side 30. (Likevel skal eg absolutt ha bladet!) Og når det først dukkar opp noko å lese, så er det "Jeg vil ha kontroll på krøllene".
Sukk......... Det største ønsket er å ha kontroll på krøllene! Eg som aaaaldri har engasjert dei små grå i hår-klubben. Enkelte har grøne fingrar og dersom det fins ein farge som definerer fingrane til ei som kan "hår", ja så er garantert ikkje mine hender i den fargen!!

Så kjem det litt reklame for dei med laus mage, eller kanskje litt "luftig"...........Så luftig at det kan vere problematisk å halde på lufta for seg sjølv og må dele den med alle andre (i rein godheit).
Dette kjem i eit eiga reklamehefte inne i bladet. Så etter å ha bladd seg gjennom det (før ein oppdaga at det ikkje var sjølve bladet), var det berre å hoppe til side 36! "Tør du vise deg uten sminke?"
Hahahahaha.......... Eg ler her eg sit!! Går det an? Denne utgåva er spesialtilpassa jomfru Knutsen!! Ingen tvil! Neppe............
No spørs det då.......Tør eg å troppe opp utan sminke?? Kjempeskummelt, eller??? Kva vil dei andre seie??
Vel, it's easy!! Viss du trur at denne knetta står opp ein time tidlegare på morgonkvisten for å klæsje litt gørr i trynet, ja då tar du verkeleg feil. Jomfru Knutsen er det du ser og det du får. Intet mindre!
Bestevenen min er dyna og eg sviktar ikkje den for litt sminke.
Eg er faktisk glad for det av den enkle årsaka at eg kjenner fleire som ikkje tør å vise seg utanfor døra si om dei er usminka. DET må vere stressande!!! I alle høve i mitt hovud......

For all del........ Eg sminkar meg. Det er ikkje det. Eg gjer det berre ikkje kvar dag og i alle fall ikkje på morgonkvisten om eg ikkje må.
Då tar eg heller på litt på ettermiddagen/kvelden om eg føler for det og berre på augene!
Så JA eg tør å vise meg utan! Tør du??

Eg kan ikkje la vere å nemne eit eksempel....... Eg var litt ekstra i ein bornehage då eg hadde fri i slutten av tenåra. Eg kjente dei føresatte godt, i alle fall på utsjånad, trudde eg.
Så ein dag kom det ei dame og leverte ein gutunge eg hadde god kjennskap til.
Etterpå spurte eg ei av dei tilsette om kven denne dama var. "Det var jo mora!" Ooops....... Går det an, då?
"Ho hadde berre ikkje på seg sminke!"
Eit klassisk eksempel. Enkelte klaskar på seg så mykje sminke at dei blir totalt ugjenkjennelege når dei kjem utan. Eg hadde rett og slett ikkje peiling........ Det var jo ei heilt anna dame!!!
Nei, det ekte er som regel det beste og eg har ikkje noko ønske om å vere noko anna enn ekte!!

Godt gift og hodestups forelska i en annen. Som peiler meg inn på neste sak....... 
Spørsmålet er "Hva ville du gjort?" (Om du hamna i den situasjonen). Kva valg ville ha vore det rette?

Akkurat denne artikkelen tar for seg to venninner som begge klarte å hamne i ein slik situasjon.
Dei endte til slutt opp med å bli, men samtidig valgte dei å ikkje fortelje det heime.......at dei hadde vore utro.
Så spørs det kor lenge samvitet deira klarer å leve med det (å ikkje seie noko). Det er jo eit ordtak som heiter at ærlegheit varar lengst. Så kan jo det ordtaket diskuterast til ein blir blå av mangel på pust....

Dei fleste vil gjerne leve i den trua at dei sjølv og partnaren er perfekte for kvarandre, men det ikkje alltid sant.
Sjølv om ein er gift, skrur ein ikkje berre av følelseslivet sitt.

Uansett kva folk gjer, bør ein vise respekt for det valet ein gjer. Hadde alt vore så rosenraudt, ville nok ikkje noko skjedd.
Det er berre ein usann myte som seier at folk no for tida tar så lett på å bryte forhold. Det er nok dei færraste som gjer det "enkelt".

Hva gjør du egentlig når du er helt alene? Tja, eg tar total overhaling av kroppen. Bestiller meg ein massør (heim såklart),  ein som kan klippe tåneglene mine og som kan vaske meg på ryggen. Oljer, dufter og skum!! Andletsmaske, utan tvil!! Stakkars den som våger å dukke opp og forstyrre!! Sunn og delikat middag og rundar kanskje av med å strikke ferdig genseren.
Og der kom latteren til denne jomfrua! Særleg............ Draumekvelden altså! Lykke på jord!¨

Nåneidu...... Der er nok mykje enklare enn det. Dusj? JA, såklart. Det er alltid eit "must" for å slappe av. Det heile startar med ein dusj. Så er det berre å slenge seg i sofaen og vente resten av tida på den rette som ikkje dukkar opp........
Hahahaha...... Kor artig eg skulle ha det.
Vel, det fins jo alltids eit piano her og der. Akkustisk lyd er kanskje det som står mest i stil til å kunne nyte det å vere åleine, så då blir det pianoet i stova som får prøvd seg.

Åleine heime betyr aller ikkje meir enn eit reint hus, ei rein jomfru, litt musikk og tida som er att går forbi utan at ein tøddel skjer. ,Så kan ein spørre seg om det er bortkasta tid!

Kanskje eg faktisk skulle få meg min eigen søte massør som gjer litt av kvart mot eit kvinnesinn?? Ikkje så dårleg forslag faktisk! Må vurderast!!

Nei, kva som skjer når ein er åleine? Er det ikkje best å vere litt anonym då?? Er ikkje det tida for å gjere ting som du ikkje treng å bekymre deg for kva andre skal meine om det? Hadde kronprinsessa vår valgt å sjå "Paradise hotel" i berre underbuksa (berre av di ho kan det), trur eg kanskje eg ikkje ville ha visst om det. Hadde kanskje ikkje vore så lurt å twittre om det, liksom. Kunne jo ha ført til at ein plutseleg såg på ho med andre auge............
Så noko må vel vere privat?!!

Nei, det er på tide å ta kveld. Ute snør det (lykke) og eg håper verkeleg det kjem mykje snø innan eg vaknar i morgon tidleg! :=)

Ha ei god natt!!
Hasta mañana  :=)

IWALY

 

1 kommentar:

  1. Bra jobba, jomfruen! Herlig å værer litt aleina av og til, uten disse mannfolka rundt seg hele tiden-Neida, men litt kvalitetstid aleine av og til er jo bra for sjela, vil jeg tru :) Fikk endelig lest litt,for her har PCen ikke funka sia søndag, og i går fikk jeg en ny som jeg ikke fikk til på nett før ei datter kom hjem i dag og forbarma seg over sin arme moder ;) Hasta luego :) T

    SvarSlett