onsdag 16. januar 2013

I skrivande stund er det datoen 15.januar som gjeld. Ergo vil det seie at det er få dagar att til vi ser sola. På ny skal denne herlegheita få skinne opp bygda og gjere oss alle lettare til sinns.
No skal det seiast at dette må ha vore den "lettaste" mørketida på superlenge. Makan til flott vèr som vi hadde i heile desember skal vi leite lenge etter. Dag etter dag...........fantastiske fargar på den svære himmelvelvinga vi har over hovudet.
Nei, vi såg ikkje sola, men vi såg det ho skapte med strålane sine!!
Det blir godt å sjå ho på ordentleg att snart. Eg gler meg!! :=)

Det er kveld og siste episode a Greys er akkurat ferdig. Eg berre seier det...... Det er ein grunn til at eg ikkje har noko ønske om å bli lege. Med risiko til å få blodspruten rett i fjeset, tvilar eg på at eg vil vere rette personen for yrket. I alle høve ikkje kirurg!!
(For ingenting er overdriven på film!! Hahahaha............)
Det er eigentleg litt rart korleis ein blir så påverka av desse seriane. No ser ikkje eg så mange seriar at det gjer noko. Sånn bortimot to seriar, om eg ikkje bommar totalt. Dei er begge i kveld.

Utsultede kyr drevet til kannibalisme. Det blei ein kamp - alle mot alle - blant kyra. Å la dyra sine sulte ihel, burde ha mykje strengare straff enn det som er tilfelle i dagens samfunn. Denne gongen er det ein ung gardsbrukar frå Gjøvik som har oppført seg alt anna enn bra. 75 dagar i fengsel er straffa for å sulte i hel dyra sine.
At han blei fråtatt sjansen til å drive med dyrehushald dei neste ti åra, hjelper litt på, men kva hjelper det når han likevel kan starte på ny etter dette?
Joda, det er sjølvsagt slik at ein kan endre seg og at når ein har sona straffa si, så har ein gjort opp for seg. Likevel....... Skulle det heile skje på ny, kven skal då ta skulda på sine skuldre?
75 dagar...... I mitt hovud er det to og ein halv månad....... Altså ikkje så mykje fridomsberøvelse at det gjer noko.

Når enkelte av dyra døydde av vanskjøtsel, var det fritt fram for dei andre å spise av kadavera. Like "creepy" som at eg skulle spist av eit anna menneske eg kjenner. Fisj!!

Innrømmelsen. Så har innrømmelsen komen. Det er avklara kven som køyrde på den 12-årige guten........
Det er ikkje meir enn eit døger sidan vi var usikre på om at dei sikta ville kome til å gå fri eller om dei kom til å tilstå.
Det er det som er sanninga. At dersom ingen av dei hadde innrømma kven som var sjåfør, kunne ikkje retten ha dømt dei for å ha tatt livet av denne guten.
Det hjelper ikkje om dei kan knytte begge til bilen. Det er føraren som har skulda og utan å kunne prove kven det var, er dei like langt.
Heldigvis er det noko som kallast samvit i denne verda.

Begge påstod at dei hadde vore heime på ulykkestidspunktet. Det at dei laug om det og det at dei kunne knytte bilen deira til hendinga, burde eigentleg vere nok til å felle ein dom, spør du meg.
Dei er jo på ein måte medskuldige begge to. Så lenge begge veit og begge lyg, meiner eg dei begge bærer ein del av skulda.
No slepp vi i alle fall  å meine så mykje i og med at ho har tilstått det heile.

Kjøttmeis ville fly Widerøe. Ja, det skjønner eg godt! Eit større fly ville vel ha vore riktig så uoversiktleg for den vesle fuglen, stakkars.Så eit sete hos Widerøe må ha passa perfekt!
Det spørs berre om dei kabinansatte syns det var så kult å bli betrakta av ein liten kjøttmeis. Kva om den kom til å raportere til sjefen om alt dei slurvar meg? Hmmm.............. Dei trevja vel sikkert heile fuglen ut i fri luft. Dei unna den rett og slett ikkje ei ferd i lufta. Det måtte den pent sørge for sjølv.
Kanskje den hadde gløymt å løyse billett?????

Kjerringa til Stordalen har hatt bursdag og  på nettsida til VG står det at han valgte å ikkje gje henne ei bursdagsgåve. På sida til Dagbladet står følgande overskrift: Stordalen tok en Zlatan da han ga bursdagsgave til kona Gunhild.
Så to aviser, to ulike vinklinger. Så er det rart vi ikkje set vår lit til at det vi les faktisk er sant?
Eg er ikkje så interessert i å sjekke kven av dei som har rett, men det er litt rart at dei begge sender saka samtidig, berre med totalt motsatt påstand.

Så når Vg sender reklamar for flatare magar, så betyr det eigentleg "Slik et du deg smellfeit, Jomfru Knutsen! Stå på og du er snart i mål!!"  Hahahaha........ Eg skjønte det måtte vere noko. Sååååå deileg at eg endeleg har funne fasitsvaret!
Flott!
Tusen takk for tilbodet, men eg takkar diverre nei!

Då eg starta med å skrive, var det enno den 15.januar, no er det bekka over til neste dag. Ergo er det på tide å sove.
Så ha ei god natt, alle saman, og sov megagodt!! :=)

Hasta lueg!!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar