mandag 11. februar 2013

Jomfru Knutsen har inntatt horisontalen. På kjøkkenet er det kanelsnurrer til hevings, i kruset er det sukkerhaldig drikke (ikkje bra), i skåla litt halvsvidd deileg popcorn og rett foran nasen ein liten skjerm som berre gler seg til å bli brukt. Ein stykk gut er i djup svevn etter å ha knust (mildt sagt) mora i Uno!! Det er åleinekveld for mor og son og den skulle vel strengt tatt blitt brukt til noko anna enn det den blei brukt til.
Mora "sank" litt ned på eit nivå ho ikkje heilt vil vedkjenne seg, men klarte ikkje å la vere akkurat i dag.
Eit løfte var avgitt..........Eit løfte om at det skulle bli skitur.
Av ein eller annan grunn så føltes det veeeeldig ille å skulle måtte karre seg ut i kulda for å vere der i eviglang tid. (Og guten var veldig ivrig på å kome seg ut).
Som forelder er det vel viktig å følgje opp slikt, men denne jomfrua gjorde noko heilt anna i dag.
Ho rett og slett kjøpte seg fri!! (Hmm......Hmmm.............)
Skal vi ikkje heller kose oss med litt pizza og god drikke?? (Med veldig "please"-lignande auge). Han svara sjølvsagt "Bi du å kjøp mæ Litago, då??" 
Heilt klart!!! Litago?? Done deal......... "Eehh, mamma? Æ trur du må offer nån krona på nån sånne derrane sukkerfrie drops åsså!!" 
Hmm.........Ski eller ikkje???
Drops skal bli!!! Og ergo hadde mora kjøpt seg fri. Den sunne skiinteressa blei putta i ei skuff og mora kunne lykkeleg konstantere at ho skulle slippe å slite seg kilometer etter kilometer i kulda!! (Og JA, eg veit.......... Har sjølvsagt pittelitt dårleg samvit, men berre pittepittelitt). :=)

Ari Behn er en selvhøytidelig, pompøs narr. Wow......Sterke ord å bruke offentleg. Kanskje ikkje heilt etter læreboka? Pompøs narr?? Kva er det, liksom? Ein narr kan jo vere så mykje. Klovn? Gjøglar? Innbilsk? Dum? Tja, det er berre å velge og vrake.
Ordet er gamalt og du finn det både i den muslimske verda og i den kristne. Dog som klovn eller gjøglar. Innbilsk og dum er vel kanskje to meir moderne ord, vil eg tru.

Sjølv om Behn er "married" med dottera til sjølvaste kongen, tvilar eg på at han nokon gong har vore ein hoffnarr.
Det ville vel ikkje blitt så godt motteken om prinsessa hadde falt for ein av hoffnarrane. Ergo må det nok vere innbilsk eller dum han godeste Davy Wathne siktar til (for det er hans uttrykk!). Ein pompøs ein, vel å merke! :=)

Det einaste eg lurar på er eigentleg om Davyen veit kva han pratar om. Pompøs?? Veit han kva ordet betyr? For det gjer eg!! Og eg har aldri lært at det ordet er så veldig negativt.
I mitt hovud så betyr pompøs blant anna praktfull. Staseleg er vel kanskje eit anna ord ein kan erstatte det med?!
Med litt godvilje kan ein putte med ordet høytravende. Eit ord som du med litt ekstra mykje godvilje kan akseptere bli brukt negativt. Pompøs narr................ Staseleg narr?? Tja...... Kanskje det?! Kanskje Davyen eigentleg er litt glad i Ari Behn, men har litt vondt for å uttrykke det og for å "pakke det litt inn", så brukar han litt framandord.

Det er nok av di Behn har brukt litt mindre fine ord om Wathne som gjer at han føler seg litt snurt. Du veit.......... Stoltheitas pris.
Behn kallar Wathne for klovn og Wathne kallar Behn for narr. Kan det bli betre? Skikkeleg kreativt språk!
Variasjonsbreidden i språket ligg kanskje litt over ein 2.klassing?

Stå på Davy!! Det er i alle høve underhaldande nok, så ei stjerne i margen til deg!! (Om det er bra eller ikkje, må du nok gruble fram heilt på eigenhand.)

Ingenting som heter "tung benbygning". Jaja, det er i alle fall eit uttrykk eg har høyrt ofte opp igjennom åra. Kor mange er det ikkje som har samanlikna vekta si og samtidig skulda på at "eg har kraftigare beinbygning" enn du? Det er mange.........
No les eg altså at det er totalt feil. Det stemmer ikkje.
Det er rett og slett ei dårleg unnskuldning for dei ekstra kiloane.

Skjelettet bidrar i veldig liten grad til vektforskjeller. Dessutan er det liten variasjon i vekta på skjelettet frå person til person.
Eg vil tippe at nett dette ikkje vil bli så godt mottatt hos alle. Spesielt ikkje dei som klamrar seg til eit faktum som ikkje heilt stemmer.

Tone sier hun ble lurt til nachspiel-kysset. Jada! Heilt klart!! Det er det eg skal seie neste gong eg er på nachspiel. (No er eg stort sett aldri på nachspiel, men i løpet av dei neste 50 åra, så kan det jo hende at det skjer........sånn heilt plutseleg).
Då skal eg kysse alle og etterpå seie at eg blei lurt til det!! Inga fri vilje...........
Hahahaha...... Det er det dummaste eg har høyrt. Beklagar veldig, Tone. Eg var ikkje der og kan difor ikkje uttale meg, men kysset ser veldig "intenst" og heilt frivillig ut. Men eit bilete kan vel lyge?! Så sjølv om det ser ut som det er full nytelse, så er det vel kanskje ikkje det......... Kva veit vel ei jomfru som eg???? :=)

Nei, kanelsnurrane er vel stort sett ferdig, så eg må nesten sørge for at eg ikkje gløymer dei av i omnen. Det er på tide å ta kveld og ønske dåke alle ei fortreffeleg fin natt! Husk å få nok timar på augene! :=)

Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar