onsdag 6. februar 2013

Det er kaldt!! Eg skal ikkje syte og bese, men i dag har det vore verkeleg kaldt. Nesten for kaldt........ Neida, så ille har det vel ikkje vore. Det er vel meir at det eg skreiv om det trøtte trynet og valg av klede, i går, har gjort seg gjeldande på slik ein dag.
Eg vakna i morges og vurderte (!) stilongs....... Så flink som eg er å kle meg, så falt valget på nei.
Det er samefolkets dag og eg visste at eg kom til å måtte stå ute ei stund i kulda. Skulen har som tradisjon at vi heiser flagget og syng "Samefolkets sang".
Eg tenkte at eg skulle vel halde ut den tida utan stilongs. Såååå kaldt kunne det no vel ikkje vere.

Det var heilt til at jomfrua kom på at ho faktisk har inspeksjon på denne dag. 2 stykk!!! Brrrrr.........
(Seg sjølv å takke, ja!)

I ettermiddag var det ein liten tøffing som ville stå på skøyter i lag med ei venninne. Joda, eg kunne sjølsagt bli med........ I joggesko!! Hahahahahaha............ Kan ikkje skulde på eit trøytt tryne når klokka er over fem, men dei små grå fungerte så absolutt ikkje. Så mykje kan seiast utan tvil.......... Stilongsen kom på, men skoa.......
Ein time ved skøytebana og tærne var blåfrosne. Ingen supermann som kom og berga meg, hverken med varme eller sterke armar som kunne fly meg heim.

Når ein ikkje klarar å kle seg etter vèret, er det klart ein frys. Ergo er statusen min pr no at det er kaldt!!
Jaja........Hendene var i alle høve varme. :=)

Tv-stjerner avsløres som kjærester. Hmmm......... Rart at ikkje det er førstesidestoff?!! Det kan då ikkje berre vere vekt og sex som fenger det norske folk og gudane skal vite at dei fleste forsidene i år har prega framsidene sine med nett det.
No når det endeleg kjem ei så viktig sak som kjærestepar blandt kjendisar, er det ei skam at det ikkje får større prioritet enn å vere eit stykke nede på nettsida til VG. Jaja.........

Hahahahaha........ Særleg. Eg byrja eigentleg å lure på om VG-journalistane hadde lest kva eg har skrive om dei tidlegare i og med at det plutseleg byrja å bli så lite dårlege sider med dårleg journalistikk.
Det tok ikkje så lang tid før dei gløymde det, i så fall..........For i dag er dei attende.
Kjendiskjærester er noko av det "viktigaste" dei kan gje oss! Definitivt!!
Vel....No er eg så dårleg på kjendisar, så biletet av desse to herlege turtelduene seier meg rett og slett ingenting. Eg tenker berre "Åja, er dette to kjendisar?? OK..)
Kanskje eg bør opne saka og sjå kven det gjeld. (Speseilet sidan det står at dei er hemmelege kjærestar...Spanande!!!)

Leighton Meester og Adam Brody!! Gratulerer så mykje, men eg har diverre aldri høyrt om dåke...
Sidan det no er hamna o media, tolkar eg det berre som at det er EG som er grøn på kjendis-temaet og at dei fleste sikkert veit kven dei er.

Den eine (Meister?) er visst med i "Gossip girls". Aha........Den tittelen har eg høyrt om! Juhuu...... Aldri sett, men høyrt...... Ja, då er det klart dei er kjendisar.
Synd for dei at nokon, som vi ikkje veit kven er, har avslørt det heile. Plutseleg er det nok ikkje like spanande for dei lenger. No treng dei ikkje å gøyme seg lenger og då blir det kanskje ikkje like gøy??!! Thihihihi.......

Thomas måtte avslutte treningen på grunn av svettelukt. Trodde ikke mine egne ører. Kanskje ikkje så kult å bli avbroten medan du spring på tredemølla........avbroten for å få beskjed om at du luktar sveitte og må forlate lokalet.
Ganske ydmykande...........

Det er mange som har engasjert seg i saka og kjem med kommentarar at dersom ein ikkje tåler litt sveittelukt på eit treningsrom, bør ein finne seg noko anna å gjere.
Det bør kanskje ikkje bli slik som enkelte jenter gjer....... Troppar opp nydusja for å trene.....gjerne med parfyme!
Litt i overkant forfengeleg, kanskje??!! (Og rimeleg teit...)

Tatoverte kjærestens navn i ansiktet etter å ha vært sammen i ett døgn. Tja, trengs det nokon som helst kommentar?? Overskrifta seier vel det meste?!! (Tatoveringa er STOOOOOR!!)

Er du under 21 år, kan du glemme denne senga her. No har eg høyrt det også. Aldersgrense på seng!!
Det er snakk om eit hotell, så det er ikkje sååååå eksepsjonelt......... Likevel, når du har reist i eitt døger og kjem fram og vil ha ei seng å sove i, men får nei av di du og mannen din har med sonen dykkar....... Ikkje for noko anna årsak enn at det skal vere laid-back å vere på det hotellet.
Problemet var at dei allereie hadde bestilt hotellrommet og no stod dei der og trengte det, desperat.....to timars køyring inn i ørkenen.

Det er onsdagskveld og jomfru Knutsen er for lengst starta med hengeauge....... Gjespen er også såvidt dukka opp, så då er det berre å kapitulere før det er for seint og ein blir vaken att.
Ha ein fotsatt fin kveld and have fun!! :=)

Hasta mañana!

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar