tirsdag 26. februar 2013

Dette vil vi ikke kalle barna våre. Det er vel ikkje noko nytt at det fins mange rare namn på "markedet". Enkelte verre enn andre sjølvsagt.
Kjell og Margit er to namn som nesten ingen vel lenger.
Ikkje det at det er rare eller unormale namn. Langt ifrå. Dei er berre utgått på dato!

Eg må ærleg innrømme at eg blei riktig så skuffa då eg trykte på denne overskrifta og fekk sjå kva det eigentleg dreide seg om.
Eg var så sikker på at no skulle eg få ei liste med mange rare namn.
Sanninga er at det ikkje er snakk om noko som helst rart namn. Berre heilt vanlege namn...........som i dag er på tur til å døy ut.

Kjell, Margit, Bjarne, Leif og Gudrun. Heilt normale namn........ Enkelte av dei var vanleg på 40-talet. Med andre ord ganske lenge sidan.
Namn har som regel ein tradisjonssyklus som seier 120 år. Så først når namna er heilt døydd ut, kan dei på ny virke interessante.

Da Tone ble singel, bestemte jeg meg for å gå 15 km. Hahaha........Northug har sine artigtruser, han også! Dårlegaste sjekketriks "ever", men søtt! Så med rette artigtrusa på seg, klarte han å kome med denne ytringa. Så spørs det om han er heldig og får napp.

Her prøver Jack Nicholson (75) seg på Oscar-vinnaren (22) på direkten. Ja, kanskje ikkje rart at ho blei satt ut?! Sjølv om han er riktig så kjent, så får det likevel vere måte på kor dristig ein skal tørre å vere.
Jaja......Det er jo berre snakk om ein forskjell på 33 år. Rik er han også, så ho fekk jo sjansen til å gjere eit skikkeleg "scoop". Det er ikkje alle forunt å hamne ilag med ein Hollywood-legende.

Hvor langt er du villig til å gå for utseendet? Godt spørsmål......Eller kanskje ikkje. Det spørs kven dei rettar spørsmålet til. Er det til denne jomfrua, er svaret enkelt. Ingen botox, restylane, permanent makeup og lausvippar her i garden. Enkelt og greit, liksom.
Eg vil mest berre le ved tanken på at unge Knutsen skulle kome der med dei saftige leppene (både her og der) og ei lekker panne full av botox. Nåneidu.........
Natural, take it or leave it. Du får det du ser..........

Botoxbehandling fordelt ut over eit år, kostar sånn rundt rekna ein sydentur.

Så har vi dei som jobbar med desse "bli finare"-tinga.
Fortel meg ein ting........Kva i alle dagar er så heftig skøy eller interessant ved å klemme hudormar ut av huden til andre??
Hudpleiaren gjer andre hyggelege ting også! Eit eksempel på det kan vere å file helen til folk. Fikse neglane på føtene til kva som helst type personar. (Og då har eg berre nemnt dei snille variantane).

Det er sikkert kult å sjå yngre ut enn ei som er tretti år yngre enn deg, men likevel.......Kva er vitsen med det?
Kva er så attraktivt med dei som jaktar på evig ungdom?
Er du så gamal som du ser ut, viser det berre at du har erfaring. Og då kjem det at det er innsida som er det viktigaste til sin fulle rett. Kor kult er det å vite at draumemannen har valgt nett deg av di du har så innmari innbydanes lepper. Så rynkefritt andlet.
Glamourlook..........

Ukas KK kan ikkje skryte på seg at det har alt. I tillegg til at dei har skrive om alle desse som tar botox og liknande behandlingar, har dei litt om Skavland og Sørland. Skavlandartikkelen har kanskje eit visst innhald.......i alle fall får vi vite at han drikk alkohol kvar dag og at kjerringa vinn alle kranglane!
Han liker å ha kontroll og tramper folk på føtene til stadigheit.
Han speeder seg opp på godteri og kaffi 10 minuttar før sending og er "høy" i to timar.

Då han var tenåring, prøvde han marihuana. Det fungerte heller dårleg....av den enkle grunn at han ikkje er istand å innhalere.

Fire millionar i løn er vel heller ikkje å forakte. Berre så synd at han ikkje er ledig på markedet då! :=)
Så har han dog ikkje færre enn seks personar til å halde styr på økonomien sin.
Han er uinteressert i penger, men liker å ha dei!

Politikeren koste seg med frokosten og rakk ikke flyet. Gikk amok på flyplassen. Ein vaksen reaksjon, med andre ord............. Heilt normalt!
Berre så synd at det ikkje er snakk om ein norsk politikar. Det ville gjort saka litt meir "djuzie".
Når det skjer i Kina, ja då blir det med eitt ikkje så spanande lenger.
Kunne det ikkje vore Erna Solberg eller Anniken Huitfeldt, eller noko sånt?! Då veit vi i alle fall kva som ville stått i avisene den neste uka. (Med nyheitene som viser ein angrande syndar).

Skjørte innslag med skjøttansvarleg på lufta. Fantastisk språk!! I just love it. Skjøtt.........
Slik går det når mediaverda ikkje eig noko form for korrektur.
Det blir som når journalistane skriv i avisa: nokk, vill (vil), og (også. ), oss (hos), skall osv osv
Eigentleg litt rart at journalistlinjene ikkje har norsk som eiga fag. Dei får i det minste betalt for å skrive.

Jomfru Knutsen er stuptrøytt. "Privat praksis" er snart ferdig og då er det på tide å finne den berømte dyna. Så då vil eg berre ønske alle saman ei kjempegod natt!!

Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar