søndag 10. februar 2013

Å sjå "Skal vi stupe" for tredje gong på rad, er ganske sjølvmotsigande!! I dette sekund er det to uker sidan eg skreiv at nett dette programmet må vere noko av den dårlegaste idèen tv2 har klart å kome opp med på lenge.
Eg syns det enno........ Likevel har eg altså sett det for tredje gong på rad. OG eg har tenkt å få med meg resultatet som skal sendast no kvart augeblikk. Få vite kven som blir slått ut.
Dårleg tv frivillig.....Heilt normalt!!

130 000 personar køyrer i ruspåvirka tilstand (kvar dag!). Eg trur ikkje akkurat at den påstanden treng så mange kommentarane.
Eg syns talet er högt. Veeeeldig högt!!
Eg sat og såg på nyheitene i stad og høyrte dette talet. Eg trudde først at eg hadde høyrt feil, men så blei det repetert like etterpå. Talet er faktisk 130 000. Skremmande........ 130 000 er der ute og køyrer og er ein fare for oss andre. Sånn sett er det eigentleg rart at det ikkje går galt oftare.

No er det mange som køyrer uforsvarleg og mange gonger farlegare enn fleire enn dei som er berusa. Også i slike tilfeller er det rart at det ikkje går galt oftare.
Det er einga spøk å køyre bil. Fallhøgda er så stor om du gjer eit feiltrinn. Sjansen er sååå mykje større i rusen......

At enkelte har rusproblemar er greit. Det er synd i dei og skjønner at det for mange kan vere vanskeleg å la vere.
Likevel......om dei drikk, er det sin eigen kropp dei lar det gå ut over. (Då tar eg bort alle ringverknadane det kan ha for familie osv osv....)
I det augeblikket dei set seg bak rattet endrar det seg. Då er det plutseleg ikkje berre dei sjølv det gjeld. Plutseleg kan kven som helst vere i fare.
Om ein ikkje klarer å la vere å drikke alkohol, så må ein i alle fall ha vit nok til å klare å skjønne at å køyre ikkje er eit alternativ.
Mange av dei som er påverka når dei køyrer, har ikkje så enormt høg promille at dei ikkje har nok vit att til å skjønne at dei gjer noko galt. Det er mange som køyrer etter nokre få glas vin eller nokre få pils. Likevel nok til at reaksjonsevna er minska. Ein er ikkje like årvaken i trafikken.
Bur dei på ein avsides plass, er det også lettare å tenke "shit også......her er jo aldri kontroll uansett, så æ tar sjansen". Eg er sikker på at det er fleire som tenker slik.

Eg tviler på at dei som sit rundt om i landet og veit at dei er skuldige i å ha tatt andres liv, i dag syns det var verdt det!

Fange rømte med kniv i magen. Joda, heilt normalt å svelgje ein kniv!!
Viss eg skulle bli fengsla og gå med rømningsplanar, trur eg neppe at eg ville vore så smart at eg hadde kommet på å svelgje ein stålkniv. Eg trur faktisk ikkje eg ville trudd at det går an. Ein kniv!
Som sagt....heilt nomalt!

Ein som sat fengsla tok og spiste ein kniv for så å bli overflytta til eit sjukehus for undersøkelse. Der stakk han av og vandra rundt med denne kniven før han blei fanga att og tatt inn på sjukehuset på ny. Eit par dagar seinare er han operert.

Det "beste" med det heile er at det ikkje er første gongen han har svelgt ein kniv. Ikkje gaffel eller skjei, for den del heller.
Så det betyr vel då at han har øva seg opp i dette med å svelgje. For det er nett det eg ikkje klarar å sjå for meg. Korleis klare å svelgje ein heil kniv??!
For meg høyres det ut som om han kanskje burde ha vore på ein institusjon istadenfor i eit fengsel. (Men det er berre ein tanke som eg gjer meg utan å vite noko som helst om denne mannen elles. Noko doktor er eg ikkje og kjem aldri til å bli).

Naken, øde og forlatt på en øy i åtte uker. Se hvordan Ed overlever. Jaja, ein kan no i alle fall så tvil om det kan kallast forlatt når ein lagar tv av det. Nokon må jo styre kameraet også, så då er det vel inga naud og fare. Står det om liv, blr han vel berga?!

Baby-boom blant 40-åringer. Ja, det er vel slik i dag at mange venter ganske lenge med å produsere born. I dag er det mange fleire kvinner som tenker karriere eller til dømes det å reise medan ein enno har sjansen. At fødselsalderen er på tur oppover er vel eigentleg ikkje noko nytt.

No er det eingong slik at risikoen ved å fø når ein er passert 40 er større enn om alderen er yngre. Ein av risikoane er å få born med downs syndrom. Born som gjer minst like mykje glede som "friske" born, men som det krevs litt meir arbeid med. Born som blir valgt bort lenge før dei får sjansen til å sjå denne verda vi lev i. Valgt bort av di ein ikkje ønsker eit born med speiselle behov.
Så kan ein stille spørsmålet om det er rett at vi har denne moglegheita eller ikkje.
(Eg hadde ikkje valgt det bort....)

Det fins nok mange årsaker til at enkelte venter med å få born, eller fortsetter med å få born etter at alderen har innhenta dei.
Eg meiner ikkje at det er noko galt med at mange får born så seint som etter fylte 40 år. For all del..... Det er berre fint at det fødes nye verdsborgarar. Eg berre kom over denne overskrifta og eg veit frå før av at det fins større risikoar for at det kan gå "galt" jo eldre ein er.
Eg kan berre anta at saman med statistikken om at det er baby-boom blant "eldre" kvinner, er sjansen for at det same gjeld auking i antal tilfeller av foster med downs syndrom til stades.
Akkurat det siste er det som "rir" meg litt. At vi har styringsrett over eit born, om det skal fødes eller ikkje, på bakgrunn av om det er "heilt på stasjon" eller ikkje.

Jaja, viss det er baby-boom blant 40-åringar, så betyr det at toget mitt ikkje er gått enno! Hahahaha.......
As if??!!!!!!!!!!

Massesteriliserte 103 kvinner og dumpet dem på et jorde. Legene i Bengal er visst ikkje riktig rett. Etterlate alle dei kvinnene bevisstlause og neddopa ute på eit jorde........
Det strider faktisk mot indisk lov å sterilisere så mange i løpet av ein dag.
Det er fordelt på to leger, så det vil seie at dei utførte over 50 operasjonar kvar.

Dette er andre gongen på under ein månad at slikt skjer. Kvinnene har sjølvsagt ønska å bli sterilisert, så det var frivillig. Likevel, eg vil tru dei ikkje var klar over kva dei gjekk til då dei gjorde det. At dei berre blei levna for seg sjølv ute på eit gjorde før dei var komen seg til hektane att, er jo direkte farleg.
Ikkje rart at dei koplar inn menneskerettskommisjonen...........

At ein er ei fattig kvinne, kvalifiserer då vel ikkje til ei slik handsaming og det frå eit sjukehus. (For det er faktisk eit sjukehus som står bak).

Her vasker 30 millioner vekk sine synder. Ja, det må vere herleg å bade der!! EI elv, 30 millionar menneske. Same elva brukes til å sende lik nedover. Den brukes til så mangt. Det meste av religiøse årsaker.
Eg veit ikkje om eg hadde "hærtes" å bada der.............Viss det ikkje er nok skittent til at du flyt utan å kunne svømme, så veit ikkje eg. 30 millionar i kø for å bade.......Eg tippar 30 prosent av dei pissar i elva medan dei er der.

Det å være kjendis er ikke det samme som å være perfekt. Nei, det skal gudane vite. Er det nokon som har påstått det??
Eg har ikkje talet på alle kjendisane som har latt det "rike" livet deira gå seg rett til hovudet for så å få kjempeproblem med både det eine og det andre.
Kor mange kjendisar er det ikkje som ikkje har klart å takle ein kvardag som kjendis. Ein kvardag der du blir invitert på festar blant dei andre "store". Eit hav av tilgong til det meste. Ein etter ein må avrusast. Røyndomen innhentar dei.

For all del....Det går bra med mange kjendisar. Eg prøver ikkje å seie noko anna. Det er likevel mange det går skeis med, nettopp av di dei ikkje hadde gått av å bli kjendisar.
Medaljens bakdel.........
Det har sine føremoner, men det har såvisst sine bakdelar også.

Kva betyr å vere perfekt?
Det kan jo hende at eg syns ein person er "perfekt", medan same person er det totalt motsatte i andres auge. Perfekt kan vel bety så mangt. Det handlar om meir enn det å bli stemt fram som landets mest sexy.
Perfekt er ein samansetnad av dei ideala du har, satt saman til eitt.

No skal denne perfekte(!) jomfrua (hahahahahaha....) karre seg i seng. Ei ny uke startar straks og det er best å vere kvil til det.
Så då vil eg berre ønske dåke alle ei god natt og håper dåke får sove godt!! :=)

Hasta mañana!

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar