tirsdag 12. februar 2013

Hva gjør du etter å ha vært pave? Hahahha......Tja, sei det?!! No er vel "eks-paven" såpass oppi åra at det begrensar seg sjølv. Hadde han derimot vore 10 år yngre..........
Eg har mine forslag til kva han kan gjere, men eg veit ikkje heilt om eg bør nemne dei her. Han var jo trass alt pave.
Berre så det er sagt.......Han ville ikkje fått tilbodet om ei ung jomfru frå denne bygda!
Kva du trur? Paven og Jomfru Knutsen! Hahahahaha............

Rykteflom etter pave-abdiseringen.  Vel, ryktene dreier seg nok ikkje om at paven har fått seg ny dame!!

Natasha (30) døde. Drakk 9 liter cola hver dag. Går det an, då?? Det er jo 18 halvlitere!! Creepy....... Før eg opnar saka, antar eg at colaen er "at least" ein av årsakene til at ho ikkje er i livet lenger.

I følge artikkelen er det meir sannsynleg enn ikkje........
Det tilsvarar eitt kilo sukker pr dag. 1200 mg koffein.
Det verste er at dette er snakk om ei småbornsmor, noko som då betyr at ho etterlet seg nokon. Nokon som plutseleg står utan mora si for resten av livet sitt. På grunn av avhengigheit...........Trang til cola.

Kva kostar eigentleg så mykje cola? Forbruket skal jo betalast!
No meiner dei også at Coca-cola må ta ein del av ansvaret........ Eg veit ikkje om eg er einig. 9 liter cola om dagen er meir unntaket enn regelen. Det er ikkje normalt! Vi veit alle at det ikkje er sunt å drikke cola. Ikkje eingong om det berre dreiar seg om ein halvliter pr. dag.
Hadde ein drukke 9 liter vann i løpet av dagen, kvar einaste dag, hadde det vore skadeleg nok det også. Kanskje attpåtil "dødende".

De nektes som kunde hos alle forsikringsselskaper. Det er ei famiiemor som fortviler. Ho fødte to tvillinger 8 uker for tidleg. Ergo hadde dei ikkje rukke å bli over 2000 g.
Alle forsikringsselskapa har ein policy som seier at dei ikkje vil gje forsikringer til premature born som er under 2000 g.
Det til trass for at desse to borna det er snakk om er over året no og er friske og raske. Når det gjed vekta, er det ingenting å utsetje på det heller.
Men, dei nektes forsikring.......... I alle fall fram til dei er fire år. I heile fire år må dei følgjast med for å sjekke om dei kan kvalifiserast som forsikringsklare.
Jaja.....Forstå det den som kan.

Då tenker eg berre at jaggu var eg sjølv heldig!! Eg fødte også for tidleg. 6 uker før tida kom sonen min til verda. Hadde han vore 100 g lettare, ja då hadde eg vore oppe i same problemstillinga. Han var berre litt over 2000 g då han blei født. Ergo var han akkurat over grensa..........
Eg tør ikkje tenke på kva som hadde skjedd om eg ikkje hadde vore på sjukehuset den siste uka. Det var  medisinering frå sjukehuspersonalet som sørga for at han ikkje kom tidlegare. Noko eg tydlegvis skal vere glad for i dag!!
Nei, det burde vere opent for at dersom eit born etter legesjekk (når dei er eitt år) er definert som heilt friskt, kan få forsikring. Fire år er lang tid og mykje kan skje på dei fire åra. Mykje som ikkje treng å ha noko samanheng med helse.

Nei........Ipod´n eller mobilen som blir stjelt på ferien er lett å få pengar att for. Ein materialistisk ting som alle som har råd til å kjøpe, bør ha råd til å erstatte sjølv.
Må du til tannlege i utlandet (som oftast er billigare enn her heime), ja då får du pengar att for det også. Ikkje heile beløpet, men delar av det. (Sjølv om du måtta ha gått til tannlegen heime om det hadde vore der du var). Du slepp billigare unna OG får eindel av pengane att.
Men eit born............ Det skal dei setje ein pris på ut ifrå fødselsvekta. Ei vekt som dei fleste har tilpassa seg heilt perfekt etter kort tid.

Klokka går fortare enn hovudet mitt i kveld, så det er på tide å bysselalle. Ha ei god natt!! :=)
Hasta mañana!!

IWALY

1 kommentar:

  1. Heia jomfru Knutsen.Fikk noen morsomme bilder i hodet av de pave-kommentarene dine. Trur neppe paven er særlig gifteklar når han abdiserer fra den prestisjetung jobben. En bør vel som en generell regel holde seg unna menn som ikke orker å gå på jobb lenger-ha ha.
    Ja, skulle til å si det: om ho hadde drukket 9 liter vann, hadde hun kunne ha dødd av det også. Min sønn har hørt om en som drakk 14 liter vann for noen år siden og druknet seg selv rett og slett.
    Bueno nochte, jomfruen. TB

    SvarSlett