søndag 3. februar 2013

Det har vore ein fin dag som blant anna har inneholdt ein fin skitur oppunder skihytta. Eit slikt syn som dette biletet er ikkje kvardagskost! Eg er vel ikkje akkurat kjent for å bruke lue, så det måtte jo berre forevigast. (Kanskje eg klarar å vere betre til det i frå no av....... Det attstår og sjå!)





Årsaka til at eg stort sett aldri brukar lue, er av di eg syns eg ser så teit ut med eit plagg på hovudet. Eg blir liksom aldri fortruleg med det.
Denne lua er faktisk far min si. (Eller var.......) Kanskje eg tok ho på i håp om at ho skulle sørge for at han passa på meg då eg skulle stå ned langbakken?? Kven veit? Eg datt i alle fall ikkje!! Hahaha............. Eg ser for meg at eg er eit nydeleg syn der eg renn ned i ein stil som i alle fall må stå til 19 og ein halv!!! Juhuuuu..........

Eg rett og slett tvinga heile hustanden med meg på tur. Eg var nok den einaste som ville, men når unge Knutsen har bestemt seg, er ho ikkje til å rokke.
Så eg datt ikkje, men det var det andre som gjorde!! OG denne knetta er ikkje i stand til å la vere å flire når trynet stikk opp av snøen kvit som berre det og med eit uttrykk som sannsynleg avslører at det er komen snø heilt inntil marg og bein! Digg!! Hahahahaha.......

Frå eg gjekk ut i formiddag, har eg stort sett ikkje gjort noko anna enn å vere ute. Snø er digg! Det syns i alle fall guten min. Så då er det berre å hive seg rundt og stå til teneste for dei ønska han har. :=)
Lykke er sjølvsagt eit lite skihopp han kan hoppe på (i den tru at stilen hans er upåklageleg.............med andre ord ingen realist!) :=)
Ei snøhule må også til, så det har blitt mykje snømåking i dag.
Mest sannsynleg er det godt for både kropp og sjel, men det er slett ikkje sikkert at eg meiner det når eg vaknar i morgon tidleg og skal karre meg ut av senga.......

Jaja........ det heiter så fint at vanleg fysisk arbeid ute er den beste formen for trening. Eg har trena effektivt i mange timar i dag, så då kan eg ta kveld med godt samvit! :=)

Kan endelig bevege ansiktet. Nikole Kidman har slutta med botox og no evnar ho å bevege andletet sitt. Viss botox sørger for at du ikkje kan bevege andletet ditt, ja då vil eg no på det sterkaste anbefale alle til å la vere å bruke det.
Eg vil påstå at ein er i overkant forfengeleg om ein frivillig går med på at det skal vere slik berre for å sjå sånn og sånn ut.
Kor "hot" er det eigentleg med desse botox-fjesa?  Det er jo ikkje akkurat vanskeleg å sjå at eit menneske er fylt med eit slikt middel.

Facebook har 76 millionar "falske" brukarar. Tja, eg syns ikkje det talet er så overraskande. Berre i ei lita bygd som det vi bur i, er det mange av dei. Born som må lage seg ein falsk profil av di dei ikkje er fyllt 13 år enno........ Det betyr jo i relaiteten at dei lagar ein profil på ein person som faktisk ikkje finnes.
Det var ein tenåring her som tidlegare i uka sa at Facebook burde ha 16 års aldersgrense. (Ein lokal tenåring som sa det på vegne av mange andre i same aldersgruppa). Dei meiner at desse som er "under age" ikkje veit kva det innebærer om dei bruker Facebook feil. Dei skjønner ikkje kva skade dei kan gjere om dei skriv stygt om andre på nettet. Kva følgene blir om dei legg ut uanstendige bileter av andre (eller seg sjølv for den saks skuld).

Det er fleire "mindreårige" som sender venneforespørsel til meg........ Det seier seg sjølv at eg ikkje kan seie ja til det! Kva vil det seie om meg dersom eg bevisst legg til ein som ikkje er gamal nok til å vere i Facebooksystemet? Spesielt i forhold til det yrket eg har........
Eine dagen skal ein lære borna om lover og reglar, medan neste dagen bryt ein dei i lag med dei same borna.
Ikkje heilt heldig......
Eg er einig med dei tenåringane som sa at aldersgrensa burde aukast, for kva har eigentleg ein 10-åring på Facebook å gjere?

Dette er no berre mi meining. Det er sikkert mange som ikkje er einig med meg. Det er heilt greit det. Det er slik det er å leve i eit demokrati og det er slik det bør vere.
Likevel, eg ser ikkje grunnen til å lage ein falsk profil når det faktisk er ulovleg.
Heldigvis er det kvar enkelt forelder som har ansvaret for sine eigne born. Så kva haldningar vi ønsker at borna våre skal vekse opp med, er opp til kvar enkelt av oss som vaksne.

Eg bruker ikkje tid og energi på å tenke på dei som oppretter falske profilar. Eg berre sørger for at dei ikkje blir lagt til i mi venneliste. Så har eg i alle fall min rygg klar.

Ta med en hårføner på do etter fødselen. Jaha? No er eg spent på kvifor ein skal det, liksom...... Skal ein tørke seg der "nede" eller noko liknande? Eg ser ikkje heilt for meg at det første ein treng å gjere rett etter ein fødsel er å føne håret. Det er er nok ingen som forventar ei "beauty"-kvinne sånn umiddelbart. Faktisk så trur eg at gledesrusen som er rett etter fødselen, gjer at kjerringa som ligg der og rett og slett ser ut som eit "takras", er den vakraste i heile verda, uansett!
Eg trur eg skal opne saka og sjå kva det dreiar seg om......:=)

Det er rett og slett slik at dei anbefaler at kvar gong du går på do dei første dagane etter ein fødsel, bør du tørke deg nedantil med ein fønar istadenfor å tørke deg med papir. Det gjer hakket mindre vondt......
Vel...... Eg veit ikkje....... Eg ser ikkje heilt for meg å halde ein hårfønar innanfor dokanten. Det ser vel litt "teit" ut?
Eg trur eg ville synes at det er såpass orginalt at eg ville flirt av meg sjøl medan det pågår. (Ei setning med god blanding av både presens og preteritum!!! Hahaha.....)
Urinen blir fordampa, liksom...........

Hårfønar nedantil.........? Det kjem aldri til å skje!!

Du kan få fartsbot selv om du holder fartsgrensa. Det høyres i utgongspunktet heilt teit ut, men er det likevel ikkje. Sjølvsagt kan du det. :=)  Det kjem jo heilt an på køyreforholda der og då.
Det fins jo heilt klart dagar der forholda er verre enn andre.

Eg hugsar godt då eg sjølv var og køyrde opp til lappen. Det var uvèr heile natta og hotellveggene dirra. Det blei ikkje mykje svevn og det kan diskuterast om det var forsvarleg å køyre med så lite timar på augene.
Det var såvidt det blei køyring. Ikkje pga nattesvevnen, men på grunn av elendige køyreforhold.
Det som tilslutt talte til min føremon, var at dei visste eg hadde reist "langt" for å køyre og at det ville vere lite kult å måtte dra heim att utan lappen pga vèret.

Oppkøyring blei det og det under heilt elendige forhold.
Hadde eg køyrt etter fartsgrensene den dagen, hadde eg nok måtta reist heim utan å ha bestått.
Heldigvis turde eg ikkje køyre så fort som skilta tilsa pga forholda.
Likevel gjorde det meg litt usikker av di eg ikkje var sikker på at det var greit. Eg var litt redd for at ho skulle seie at eg hadde køyrt for sakte.
Det hadde eg visst ikkje, for med meg heim blei eit midlertidig sertifikat i påvente av det ordentlege.

Menn irriterer seg over sure kjerringer. (Og kvinner misliker latsabber). Hahaha...... den var ny! :=)   Eller kanskje ikkje?!  Det er i alle høve ikkje første gongen ein ser ei setning som det i eit medium.

At ei fjær blir til fem høns, er vel dei aller fleste kjent med. Ellers er det eit par andre ting som irriterer kvinnfolka. For myjke kroppshår, gjerrig, dårleg hygiene, går på toalettet med døra open(!), ikkje ryddar opp etter seg eller promper heilt usjenert.

Det er ikkje alle som "tør" å seie til typen sin at han må slutte å pille seg i nasen. Istadenfor går ein rundt og irriterer seg over det og ein eller annan gong er det nett det som gjer næring til den siste dråpen.
(I følge media er den siste dråpen det som gjer at ein vel å vere utro. Hmm......... Eg trur kanskje ikkje nasepelling er årsak til utroskap, men det kan jo godt hende at det faktisk er det?!)

Eg vil berre påpeike at det ikkje er mine private meiniger som kjem fram når eg ramsar opp dei ulike negative momenta som kvinnfolk irriterer seg over. Det er høgt utdanna folk innan akkurat det feltet som har uttala seg og dei meiner at dette gjeld kvinnfolk generelt.

Med tanke på at overskrifta faktisk startar med at menn irriterer seg over sure kjerringer.......... Ja, då må det vel bety at menn syns det er greit å gå på do med opne dører og ha dårleg hygiene (for å nemne noko). At det berre er teit av kvinnfolka å reagere på slikt.

Eg trur eg lar vere å skrive om eg er einig eller ikkje.
Det eg likevel kan avsløre, er at eg ikkje er redd for å seie ifrå viss noko er ekkelt!! (Eg tenker ikkje då på andre folk, men innanfor mine eigne veggar).

Vi kvinnfolk er då vel aldri sure?? Det ser eg ikkje heilt for meg..... Hahahahaha........ Dagens beste!
Nei, den dagen det ikkje fins sure kvinnfolk...... Den dagen er det berre mannfolk att på jorda og formeiringssjansen over for alltid!!

Jomfru Knutsen skal ta kveld, så det attstår berre å ønske alle saman ei god natt! Sov godt!! :=)

Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar