lørdag 16. februar 2013

Au, da - her er tightstabbene du ikke vil gjøre. Dette plagget er blitt trendy att. På full fart oppover lista over "må ha-plagg". No er det om å vise beina. Gjerne med mønster.
Eit plagg som er ganske avslørande, så det er eindel feller å gå i. Det skal liksom ikkje bli shabby eller vulgært ut.

Leggisene, som desse buksene også kalles, må ikkje forvekslast med vanlege bukser. Dei er meir lik straumpebukse enn ei normal dongeribukse. Dekk difor rumpa til!!

Unngå skimmer og metallfargar. Tja, det er vel forståeleg nok?! Det får vere måte på kor mykje ein ønsker å bli lagt merke til i folkemengden. Skimmer og metallfargar sørger glatt for det!

Tenk over kva sokker du kler på deg! Ikkje dukk opp i kva som helst........ Slitte bomullssokkar som stikk ut mellom skoen og buksa. Herleg!! (Neppe....)
La huden synes, ellers så ser beina så kort ut og kven er det som ønsker å ha korte bein??

Nå kommer "nakenskanneren" til Norge. Flotte greier........ Eg trur eg skal skifte yrke! Eg vil stå på Gardermoen og skanne alle menna! Det må jo vere lykke på jord??!! Hahahaha............
Med tanke på at dei fleste ser best ut med klede på, så er det vel ikkje så innbydande likevel. Hverken for menn eller kvinner.
Og kva er vitsen?? Det heile skal jo vere frivillig om du vil bli skanna eller ikkje. Kjempesmart!!
Det er jo trass alt ein metode for å styrke sikkerheita, så kor er logikken i det at ein sjølv kan avgjere om ein ønsker å bli skanna eller ikkje? (Det er ikkje meininga at vi skal forstp alt i denne verda!)

Denne skal få finnmarkingene til å gå mer i kirken. Arkitektur og religion går hand i hand? Eg går ut ifrå at det er det dei meiner. Berre bygget ser kult ut, er det digg å gå i kyrkja.
Eg syns eg ser sambygdingane mine droppar kro-turen ein laurdagskveld av di dei skal i kyrkja neste dagen og falde hendene sine.........av di kyrkja er forma med sine krimsramserier!!

Nei, eg vil tru at dei som vil gå i kyrkja, går uavhengig av om det er forma som ei tradisjonell kyrkje, eller om det er forma som ein spiral.
Det er vel ikkje utsjånaden som avgjer kor truande ein plutseleg skal bli. Anten trur ein på Gud, eller så gjer ein det ikkje.

120 millionar kroner! Hmm......Eit høveleg rimeleg bygg, med andre ord. Ein spiral som stikk 47 meter opp i lufta... Kjempehensiktsmessig for å få folk opp og i kyrkja ein sundags formiddag medan dyna breiar seg over deg med herleg god varme.
Klokka ti byrjar dei, kyrkjeklokkene, å rope "kom til kyrkje". Då har du berre ein skarve liten time på å krangle deg ut av dyna og inn på badet. Er du heldig får du trykt i deg ei lita skive så ikkje presten skal høyre dei motorliknande ulydane som kjem frå den sultne magen din. (Viss du vinn over dyna, vel å merke!! For det kan faktisk vere ein hard kamp!)

Fleirbruksmoglegheiter......... Joda, den er grei. Då kjem det fleire som besøker bygget. Likevel, overskrifta seier jo "gå meir i kyrkja". Litt svakt grunnlag å seie at det er fleire som har gått i kyrkja av di det er ei bygning som kan brukast til så mykje meir enn det ei tradisjonell kyrkje gjer.
Eg trudde i alle fall på overskrifta at det var snakk om å få fleire til å gå i kyrkja, av kyrkjelege årsaker. Ikkje utstillingar og undervisningssituasjonar.

Sunny forelsket seg i gutt som viste seg å være jente. Ho trudde faktisk at ho hadde truffe draumeprinsen.......... Det viser berre at nettdating kan vere alt anna enn heldig (sjølv om akkurat nettdating har ført til mange lykkelege forhold rundt om i landet).
Ein skal vere forsiktig med kva ein gjer av informasjon på nettet. Det er ganske mange som har gått i feller der.

Det beste er at ho faktisk snakka med "han" i telefonen på timesvis kvar dag..... Eg som trudde det var lett å høyre forskjell på kjønna ved å tolke stemmen. Så feil kan ein ta......

Drikker egen urin. Isj...Kvalmande!!! Kesha prøvde å vere sunn. Joda, men eg tvilar på at eg hadde kommen på at eg kunne ha drukke min eigen urin. Eg trur eg ville spydd nesten berre ved tanken.
Nei, takke seg til.........

Klokka er passert midnatt og eg høyrer den kommanderande dyna ropar på meg. Ho lar seg ikkje knekke i kveld. Ho satsar verkeleg på at jomfru Knutsen skal oppføre seg og gjere som ho seier. Så då er det vel ikkje anna å gjere?! Ei sur dyne er ikkje å forakte. Berre ho dyssar meg i seng rimeleg kjapt, er eg godt nøgd!
Berre om at det er nok tid til å sende avgarde alle dei tankane som skal på veg, så er det fritt fram for svevnen å ta meg. Eg skal ikkje vere tung å bære.

Sjølv om denne frøkna skal snaske seg inn i draumeland og kanskje drøyme litt om draumeprinsen, så kan det jo hende at du har tenkt å "leve" deg inn i det neste døgeret. Difor blir det ha ein fortsatt fin kveld. Og til deg som er på tur i seng, ha ei riktig god natt! :=)

Hasta mañana!!

My promise is....IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar