onsdag 13. februar 2013

Dømt for trygdesvindel med oppdiktet barn. Hmmm.......Går det an då? Eg trudde ein måtte oppgje både fødsels- og personnummer når ein søker trygdekontoret. At det blei sjekka ut.
Tydlegvis ikkje......

Ei kvinne har mottatt støtte for born i 15 år før det no er blitt oppdaga. Heilt utroleg at det går an.
700 000 kr har hå fått. Ein sum som sannsynlegvis ikkje er så hyggeleg å måtte betale attende i tillegg til fengselsstraffa ho får.
Til pass åt ho!

Ni tabber som kan koste deg drømmejobben. Jobbintervju...... Det er faktisk mogleg å gjere eindel tabbar når ein er til jobbintervju. Eit intervju du aller helst vil at skal gje best mogleg inntrykk av deg som person.
Med nervene i høgspenn er det mykje som står på spill. Jobbintervju kan vere stressande og det er om å halde tunga rett i munnen.

Som regel trur ein at ein har tenkt på alt. I alle fall det meste og viktigaste....... Så feil kan ein ta.
Det er mykje som kan gå galt!
For kven har vel tenkt på korleis neglene ser ut? Det er jo ikkje alle som har like innbydane negler.
Og håret.......... Berre tenkt om du møter opp med DET feitte håret!! Skikkeleg innbydande.... Det er jo ikkje akkurat om å få den eventuelt nye arbeldsgjevaren til å spy, heller.
Håret er viktig. Det er slett ikkje berre ubetydelege detaljar.
Det er betre med eit frisk og glansfullt hår enn at det er fryktelg slitt i tuppane. Så ein bør vel kanskje ta seg tida til ein frisørtime i forkant av eit slik intervju?!

Tru det eller ei...... Det er faktisk neglane som toppar tabbelista. Neglene........ Og slapp av.......Du treng ikkje å stirr epå dine eigne negler akkurat no når du les! Du er vel ikkje på veg til noko intervju, eller...?! Hahaha.......
Slitte hårtupper på jobbintervju tolkes som om at du er lat (og kven vil vel gje eit slikt inntrykk?).

Foundation-skille! Kva er det?? (Eg ser for meg at enkelte av menna som les her no ikkje heilt veit kva foundation er).
Brunkrem! Smash i andletet og sjå litt betre ut! Vel, dersom ikkje skillet vises for godt. "Brunt" andlet og krittkvit hals........ Full treff!
Det tolkes nok som om at du ikkje ser dei små detaljane rundt deg.

Oversminking...... Det er lekkert, det!! Hahaha....... Vi har vel alle eit eller anna menneske vi kjenner i livet vårt som har hakket for mykje raudt på leppene. Så mykje at alle kelnarar elskar dei når dei skal reingjere kaffekoppane med denne raude "ranna" på toppen.
Eg kjenner/kjente i alle fall ein som brukte å bannes kvar gong det kom ein leppestift-kopp inn på kjøkkenet. (Vaskemaskinar taklar ikkje heilt leppestift. Sjølv om det er 90 graders vann som vaskar).
Så har du for mykje leppestift på deg, tolkes det som om at du er litt for mykje sjølvsikker eller at du rett og slett søker merksemd.

For lite maskara? Då er du følelsesmessig ustabil! Jaha...?? Den var ny! Så då er det berre om å hugse maskara då?!!

Smil!! Kven vil ansette ei "surfe..."?? Tja, det skjer jo frå tid til anna. Det er klart...... MEN sjansen din er jo litt større som jobbsøkar om du prøver å vere litt blid på sjølve intervjuet. Så får heller den sure tonen kome etterkvart som du blir varm i trøya. Sjølv om det ikkje er så heldig det heller...... Kven er det som syns det er så kult å jobbe med ei som er så ofte sur?
Ikkje det at eit arbeid treng å vere så kult. Det er ikkje det eg meiner. Eg berre påpeiker at det er mykje trivlegare å arbeide når dei ein har rundt seg i det minste gidder å prøve å ta på seg eit smil. Om det er "fake" eller ikkje....... Eit smil smittar. Sure tryner skaper berre fleire sure tryner.
(Det er jo noko som heiter at du ikkje skal ta privatlivet med på arbeid eller arbeidet med i privatlivet. Det er inga god kombinasjon).

Utsjånaden din seier eigentleg ikkje så mykje om evnene dine eller kvalfikasjonane. Difor er det litt dumt at enkelte faktisk vektlegg desse momenta. Likevel..... Eg vil tru dei fleste i dag kjenner spelereglane.

Kva om den du skal bli intervjua av er kjempeallergisk mot parfyme og du troppar opp med "eit tonn" for mykje parfyme på kroppen din. Kjempelurt........ Ta livet av sjefen før han i det heile rekk å bli sjefen din!

Fast handtrykk, blikkontakt og god kroppshaldning. Tre viktige moment. Slappe handtrykk....... Eg har kjent dei og eg reagerer på det kvar gong.
Og kven vil snakke med ein som berre ser rett ned i golvet?

Ein må vere mentalt tilstades og det er viktig at ein viser engasjement og ikkje minst er positiv. Rett og slett evne å få fram den totale sekken din som viser at du vil ha meirverdi for den bedrifta det gjeld.

Så eit jobbintervju er ikkje berre, berre. Det er mykje ein må tenke på. Meir enn kva ein mange gonger vil tru.
Dessutan har det sjølvsagt mykje å seie kven det er som skal intervjue deg.

Nei, ha ein fortreffeleg kveld. Ikkje gløym å fjerne all foundationen og maskaraen før du legg deg. Kanjo ikkje risikere at du møter opp i gamal sminke i morgon! Haha.............. Legg deg snart slik at du får skjønnheitssveven din. Då får du så mykje betre kroppshaldning og kanskje klarer du å lure fram eit lite smil der bak maska di! Ikkje så ille at det ikkje er godt for noko!
Og treff du meg i morgon, skal eg sørge for å gje deg eit smil!!
Natta :=)

Hasta luego!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar