tirsdag 5. februar 2013

Renate poster bilder av rot og støv. Hvordan har du det hjemme? Tvangsprega perfeksjonisme er ordet ein kallar det for.
Det er ein blogger som har rot og støv på hjernen. Ho tar bileter av det og legg det ut på bloggen sin.
Ein kan trygt seie at ho blogger om det ærlege kvardagslivet. For kva er vel meir ærleg enn å legge ut bilete av alle smulane på golvet eller anna støv og rot?
Det er greit at det kan snike seg med litt rot i bakgrunnen av eit bilete, men her er det snakk om at det er rotet som har hovudfokus.

Det er ikkje i dag at det er tvangsprega, livet hennar...... Det var tidlegare. Heilt til ho tok seg sjølv i å stå og rydde skittentøyskurven. Hahahaha....... Ja, det er vel ikkje heilt normalt?!

I dag er det meir sånn at ho ikkje vasker og rydder kvar gong ho trur det er nødvendig. Ho klarar å la vere.

Eg har ingen peiling på kvifor enkelte får rot og støv på hjernen. Det eg imidlertid veit, om eg skal tenke på meg sjølv, er det at eg får ikkje heilt roen i meg om det er mykje å rydde rundt meg. Det er lettare å slappe av om ting er på stell.
Så viss eg plutseleg skal vere heime åleine ei helg, "shiner" eg alltid opp stova og kjøkkenet osv...... Berre for å kunne nyte synet av ei heilt rein stove og tenke kor deileg det er å vite at det ikkje er nokon der som kan rote.
Sjølv roter eg aldri når eg er åleine.

Så spørs det...... Kva norm bør gjelde når det kjem til korleis eit hus skal sjå ut?
Det er det heldigvis ikkje noko fasitsvar på. Det er viktig at alle sjølv kan sette den grensen for kva norma skal vere i sitt eige hus. (Og så fins sjølvsagt dei som kan trenge litt veileiing på området av di dei aldri hverken rydder eller vaskar. Det kan fort bli litt heslig).

Så lenge det ikkje blir ein mani.....At ein ikkje klarer å stoppe. At ein berre MÅ finne noko nytt å gjere.

Slik blir du kul i kulda. Hahahahaha....... Som om denne jomfrua nokon gong blir det?!! Jaujau.......
det dreier seg sjølvsagt om å vere kreativ med klede. Ikkje berre tenke varme, men også stil. Joda..... men når du trøytt i trynet skundar deg ut ytterdøra heime og veit at du får vinterkulda trykt rett oppi trynet ditt........ Tja, det siste eg tenker på er om eg har kledd meg "hot" eller ikkje.
Vinterjakka heng der og vinterjakka er den som blir tredd på. Ferdig med det!!

Ikkje ser eg på catwalkene frå Paris, London, Milano og New York (you name it)........og skulle det skje at eg sit meg ned og faktisk gjer det...........Ja, då trur eg at eg treng hjelp. Då har det tørna for meg og eg veit då neppe kven eg sjølv er.
Ein stad går grensa.......og det betyr at catwalk får vere catwalk berre eg slepp å forhalde meg til det.
Eg fekk nok av det lille gløttet eg fekk tidlegare i januar, der det stod at haustens mote skal v ere menn i lårokrte skjørt og støvletter/stilettsko.
Med andre ord....... Dei slit med å få meg til å tru at bransjen er seriøs!!

Slik vasker du deg i rommet. Akkurat det funderte eg litt på tidlegare i dag. (Utan å ha sett det i media). Vi holdt på med eit tema om verdensrommet og så byrja no enkelte tankar å sveve av seg sjølv).
Slik gjennomføres håndvasken i vektløs tilstand. ........Det er berre eit bilete på nettet og det er ikkje lett å sjå kva han eigentleg held i handa si.
Viss eg vil ha svar på spørsmålet, må eg sjå videoen som følger med og det gidd eg ikkje. Likevel....... Eg vel å hengje meg opp i detaljen om at det står handvask!
Viss det ikkje er lett å ta handvasken, så lurar eg verkeleg på korleis det går seg til at ein får vaske litt andre sentrale deler?
Eg ser ikkje for meg at enkelte som skal vere vektlause i lang tid, også må vere uvaska den same perioden.
Det er greit at snabben ikkje skal brukast til så mykje fornuftig langt der oppe i svevet, men eg vil tru det er mykje som kan gro fast der likevel. Så eg håper det fins metodar. Ellers syns eg synd på dei det gjeld.
Rommet er sikkert luktfritt..............................

Jajajaja......... Eg har eigentleg ikkje bruk for informasjonen, så eg overlev vel at eg ikkje veit svaret. (Med mindre det er ein "hottis" som overrasker meg med ein romantisk tur for to langt ute i det blå, blant stjernene.)

Ha ein fortsatt fin dag! :=)

Hasta mañana.

MY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar