torsdag 14. februar 2013

Så er valentinsdagen på hell......... Det er sikkert mange nøgde kvinnfolk rundt om i dette landet og kanskje nokon er skuffa. Kanskje dei ikkje fekk den merksemda dei hadde håpa på........ Handelstanden  har nok tent sine kroner på det heile!! Eg reknar med at det spesielt gjeld blomeforretningane. I alle fall om ein skal tru bileta som blir lagt ut på nettet. Det bugnar over av roser.
Ei var så heldig at ho til og med fekk ein ny bil!! Eg tippar ho er bra nøgd med den gåva!

Til og med borna feirer valentinsdagen. Son min var så heldig at ei jente spurte han i kveld om han ville vere hennes valentin. Så blei det rolegdans på diskoteket, som dei vann. Eg håper verkeleg at det ikkje kjem av at han hadde hendene godt planta der vi sjølv hadde dei då vi gjekk på diskotek!! Vi var trass litt eldre..........Vel, når han har vore oppslukt av same jenta i snart fem år no, så er det kanskje snakk om kjærleik?? Hahahaha........... Snart 9 år og nesten gift!! (Det er no eg skal rope til han.....LØP!!!) :=)

Måtte ta av BH-en i sikkerheitskontrollen..........(Norsk lufthamn). Kvifor skjer slikt aldri meg???
Mannleg vekter og piping ved brysta. Klart det er BH-en då.
Eg trur kanskje eg ville bedt HAN om å ta den av meg. Kanskje han hadde syntes det ville vore litt flaut? Så skulle eg ha ropa høgt at han antasta meg......berre for å lage litt aksjon! Hahahaha....... Jomfru Knutsen skulle då vel klare å lage litt sprell ut av ein slik episode??
Så mykje spaning som det er i kvardagen.........(joda...). Det hadde gjort seg med litt "krydder".

No lager nok denne kvinna litt mykje styr av heile saka i og med at ho går ut i media med ho. Det er faktisk ikkje snakk om at ho har måtta kle av seg foran andre. Ho blei bedt om å gå på toalettet og ta den av, for så å kome attende og gå gjennom sikkerheitskontrollen. Så einaste ulempa var vel då at det kanskje "dissa" litt innanfor blusen under dei stega ho måtte ta før ho kunne gå inn å kle på seg BH-en att.
Som sagt........ Eg hadde kommet til å forlanga at han skulle ha tatt den av meg der og då!! Hehehehe.............

Øystein mistet flyet. Drosjesjåføren stoppet for å be. Hehehehehe......... Eg må no flire litt! I eit multikulturelt samfunn som vi er blitt, er vel dette noko vi må forvente? For vi kan vel ikkje forvente at drosjeselskapa skal diskriminere religion når dei anset sine sjåførar?
Vi må vel innrette oss etter det, på lik linje som vi innrettar oss på andre område. Vi bør heller ikkje reagere så sterkt på det. Husk............. Å miste eit fly er vel ikkje verdas undergong??
(Og her blei det mykje VEL...........) :=)

Eg vil tru at det ikkje er kvardagskost at ein sjåfør stoppar på E6 for å be.
Viss det er slik at ein må be før soloppgang, bør ein vel i utgongspunktet ikkje seie ja til ein drosjetur akkurat i det tidspunktet ein planlegg å be.
Eg trur ikkje Allah hadde blitt ilter om han hadde venta med det eit kvarter. (For han var ikkje så langt unna flyplassen då det skjedde). Jaja........... Kjedeleg å miste flyet i alle fall. (Og dårleg reklame for taxiselskapet.

.........Og fisende kuer førte til nødlanding i England. Hahahahahaha............Går det an? Det er den teitaste setningen eg har høyrt "ever"!! (Det er sikkert ei logisk forklaring på det heile og det skal eg finne ut av i dette sekund).

390 kuer hadde meir luft i magen enn kva flyet tålte. Det blei så ille at brannalarmen gjekk!! Hahahaha........ Eg ser for meg røykskyen. (Og lukta!)

Jaja........... No har i alle fall avislesinga klart å få meg i godt humør (ehhhh......eg var vel strengt tatt i godt humør frå før), så då tenker eg at eg sluttar av medan humøret er på topp!!
Ha ein fortreffeleg slutt på kvelden og sov godt!
I og med at det er valentinsdag i dag, så kan det jo hende at det er inngått nokre frieri og liknande. Lykken smiler, liksom..... :=)

Hasta mañana!

IWALY


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar