søndag 17. februar 2013

Norske menn er verdens mest feminine. Hahahahahaha....... Det kunne eg vel ha sagt utan at eg hadde trengt å lese det i Dagbladet!! Thihihi...... Det er vel ingen som er tvilsam til nett det. Eller?? Det er jo berre å snu seg rundt og sjå.

Feminine menn i verdens lykkeligeste land. Dei tar visst heilt av her. Verdas mest feminine og verdas lykkelegaste." Herlege London" kor bra vi har det!! (Som om det er lykken å vere med feminine menn?). Eg reknar med at det er menna som er lykkelege......Lykkelege av di dei får lov til å vere meir feminin enn det enkelte land ville klart å svelgje.
Eg lurar på korleis det muslimske samfunnet (for å ta eit eksempel) ville reagere om menna kom i hijab og liknande til eikvar tid. Eller sånn der kjolegreie.......... Hahaha. Eit herleg syn? Tvilar!
Til slutt blir det vel aksjonistar som lager massedemostrasjonar med svære parolar som seier "Nei til ubarberte menn!" og "Ja, vi elsker det glatte!"
La kvinnene stå å pisse!!

Mitt mål er å veie 45 kilo. Ja, det betyr jo verkeleg at ho ønsker å gå foran som eit  godt eksempel. Amanda Bynes. Er det rart at enkelte blir sjokkerte?
Berre for å ha sagt det....Ho er 173 cm lang. Ergo er 45 kilo meir enn sykeleg tynt.
Ho er skodespelar, ei kjent ei sådan, og burde verkeleg vere eit foregongseksempel for andre unge. Å setje seg eit mål om å bli så tynn er alt anna enn det.
På ein måte føler eg at det blir eit hån mot dei som faktisk har problemar med kroppen sin. Dei som er sykeleg tynn av di dei har problemar.
Det er mange som slit med både anoreksi (og bulemi for den del). Dei har nok med å halde kvardagen i gong og så kjem det ei som ser heilt fin ut og går ut med at ho skal trene seg ned til 45 kilo.
Ein ting er at ho har tenkt å gjennomføre det, men ein annan ting er at ho offentleg går ut og seier det. Er det rart at fansen reagerer?

No er vi heldigvis ulike som menneske alle saman og akkurat det er veldig bra. Det kan jo forsåvidt hende at ho slit med psyken i forhold til vekta. Då er det sjølvsagt synd i ho. Likevel..... Ut ifrå det ein kan lese at ho sjølv har twittra om, er det lite som seier at ho slit med noko i forhold til mat. (Men det eg veit eg sjølvsagt ingenting om).
I såfall burde ho heller stå fram med problemet enn å "skryte" at ho har som mål å gå ned så drastisk i vekt.

Eg veit at dette er eit tema ein skal vere litt forsiktig med å kommentere i og med at det faktisk er mange som slit med det. Det er likevel noko som skurrar oppi blant dei små grå hos meg.

Renser du ørene riktig? No er eg spent!! Kva bomullspinne skal brukast til å fjerne øyrevaks?

Hoster du eller klør det i halsen når du skal fjerne ørevoks? Hahahaha........ Eg ser det for meg. Svaret............ "Då bruker du bomullspinnen på feil stad!!" Thihihi..... Du skal vel ikkje dytte pinnen ned i halsen?!!

Etter dusjing. Rensing av øyrene. Sørg for å bruke ein pinne som er laukforma. (Kanskje den då skaper nokre "tårer" som sørger for at voksen renner ut av seg sjølv? (Er det ikkje det lauken gjer? Skaper tårer?)
Hmm......Berre så dumt at det ikkje er særleg smart å ta ein bomullspinne og rense øyrene rett etter dusjinga. (Shit.........!!)
Slikt blir det berre problem av. Øyrevoksmengden kan faktisk vekse!
Så ergo skal ein ikkje stresse så innmari med rensinga av øyrene. Og slettes ikkje kvar dag!

Kåret verdens minst romantiske hoteller. Ergo får vi vite kor vi ikkje skal overnatte. Dei er rensa for stearinlys, mjuke senger og mørk sjokolade. (Ikkje det at eg nokon gong har blitt tent av mørk sjokolade. Eg har sjølvsagt lest mange gonger at mørk sjokolade liksom skal vere litt "romantisk", så sånn sett er ein jo klar over det. Likevel hart det aldri slått meg at mørk sjokolade skal kunne påverke meg på noko som helst måte.)

På eit hotell i Amsterdam er det faktisk slik at hotellgjestane kjem på eige ansvar. Ein kan så absolutt ikkje halde hotellet ansvarleg om ein blir matforgifta, mentale samanbrot, sjukdom, tapte lemmer (!!), stråleforgiftning , pest og liknande......Hahahaha........ Tepte lemmer!! Thihi..... Snakk om å forsikre seg mot unøgde kunder. Eg har vel aldri høyrt at eit hotell har blitt stevna av di nokon har mista lemmet sitt.
Mentale samanbrot? Hmm.......... Er eit hotell ansvarleg for slikt også?
Då trur eg nesten at dersom eg er på randa til samanbrot, skal eg ta å bestille meg eit hotellrom ein stad og så skal eg få sjølve samanbrotet, for så å kreve hotellet etterpå!! Kjempelurt. :=)
Pest?? Jaja......... Stor fare for at dei supereldre dagane tar oss att.
Berre ikkje svartedauden får sitt inntog på ny...........

Minst romantisk......... Tja, det er vel nok av folk i denne verda som hatar alt som har med romantikk å gjere. Folk som får spasmar i tolvfingertarmen berre dei høyrer ordet.
Sjølv kunne eg faktisk tenkt meg å bli invitert med til eit superromantisk hotell og berre nyte herlegheita. Eg skulle i alle fall ikkje valgt hotellet i Amsterdam!

Nei.......no skal eg vere alt anna enn romantisk og det betyr rett og slett at det er ei dyne som ventar på meg og som berre lengtar etter ein kropp og varme. Så no kan ho berre gle seg, for eg er på veg!!
Så god natt alle saman! :=)

Hasta luego!

IWALY
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar