fredag 8. februar 2013

Sektleder anklaget for skjeggklipping - dømt til 15 år i fengsel. Skjeggklipping av alle ting....... Hmm........ Sprøtt!

I amish-samfunnet er hår noko som er ganske heilagt. Så difor bør ein ikkje "kødde" med det.
Sjølvsagt er det enkelte som ikkje klarer å la vere og slikt går ikkje upåakta heim.
Straffa for slikt ser du i overskrifta her......15 år. Ganske mykje meir enn det du får om du valdtek eit anna menneske her til lands. Eg veit ikkje, men eg syns no at det seier litt.
Ikkje det at eg ikkje syns at det er ei skam at ein ikkje respekterer andre nok til at dei ikkje kan få behalde skjegget sitt. Eg berre påpeiker at her kan ein gjere mykje verre ting og slippe billegare unna med det.

Det er sjølvsagt Amerika vi snakkar om. USA. Landet der ein tar heilt av i enkelte saker. Landet der du kan bli saksøkt som produsent om du ikkje åtvarar folk om at du ikkje kan tørke katten din i microbølgjeomnen. Landet der.......ja, du ser vel teikninga.

Samuel Mullet har fått denne 15 års straffa. Ikkje av di han har klipt nokon, men av di han har medvirka til det. Dei meiner han har bedt dei som gjorde det om å gjere det.
Sjølv har han det kvite skjegget sitt hengande heilt ned til brystet, så kva han har imot andre som har skjegg, veit eg ikkje.

Det er lederstilen hans i denne kulten hans som skaper reaksjonar og eg ser for meg at det er dei som snakkar han imot som får gjennomgå. (Eg berre antar...)

Trekker lasagne etter hestekjøtt-avsløring. Ugghh...... No trekk dei produktet attende av di dei må sjekke om det fins spor av fenylbotazon, eit middel som brukes av veterinærar på hester.

Vel....... Eg må ærleg innrømme at uansett om det er spor av dette middelet eller ikkje...... Det vil ikkje vere det som er avgjerande for om eg kjøper produktet eller ikkje. Ikkje svarten om eg kjøper eit produkt om eg veit inneheld hestekjøtt. Det er jo berre kvalmande!! Hestekjøtt!! Isj...........
Heldigvis skjer det ikkje at eg kjøper ferdigprodusert lasagne, så eg kjem vel aldri opp i probelmet. Likevel.........Tanken er ikkje særleg innbydande!

Nei, eg seier heller ja til ho Dagros enn Blakken!!!

Valentines Day er nær - dette bør du styre unna til kjæresten (og dette kan du kjøpe). Valentines, oh yes.....Skikkeleg norsk!! Nok ein utanlandsk tradisjon som har fått feste i også vårt land no. Media og handelstanden har sørga for det. Kor mange Valentines Day-reklamar sendes det ikkje i tida rett før dagen og kor mykje hjarter er det ikkje i butikkane?! Vel, Valentines Day er nok komen for å bli her også........ Så då er det vel berre for menna å stille opp (viss dei ikkje ønsker å risikere at kvinnene skal bli superskuffa!) Hahaha........ Tja, alle liker vel litt merksemd ein gong i ny og ned, så........

Lekkert undertøy er ei knall gåve, men om du ikkje veit størrelsen, ja då er det best at du styrer unna!! Kvinnene er humørsjuke og det er ikkje kult å få slikt i feil størrelse. Du risikerer at dama blir skuffa. (NB.......Eg brukar størrelse S, sånn hint, hint!!!! Thihihi.............)

Ein ring er heller ikkje det beste alternativet......med mindre du veit kva størrelse ho har på fingrane sine. Då er det kanskje lettare med eit armbånd eller smykke. (Eller rett og slett ei veske!!)

Valentines Day er vel på torsdag om eg ikkje tar heilt feil.........Så det er enno nokre få dagar att på å skaffe din elskede ein liten påkjønnelse for at ho er den ho er! :=) (Det enkle er vel ofte det beste.....)

Mora visste ikke at det var ulovlig at hennes 9 år gamle datter hadde sex. Går det an å ikkje skjønne at ein niåring ikkje er klar for eit slikt liv? Det er jo det same som at eg skulle gått rundt og forventa at glunten min skulle bli seksuelt aktivt ganske snart. Det er jo berre heilt absurd.....
Og no er jenta blitt mamma. I tillegg har dei tvangssterilisert ho (mot familiens vilje.....). Då betyr det vel at dersom bornet blir tatt ifrå ho, så mistar ho sjansen til å bli mor seinare. Er det rett då??
Jenta treng vel aller helst hjelp på enkelte område........

Det verste er kanskje at mora jobbar som prostituert og hadde tenkt å rekrutere dattera si til sexaktivitetar. Ei trist sak med andre ord!

For kvar gong eg les saker er triste, slik som denne, kjenner eg kor takknemleg eg er for at eg kan leve det livet eg gjer. Det er ingen sjølvsagtheit, sjølv om ein bur i dette rike landet. Så det er viktig å huske på at vi skal vere takksame! Vi som klagar så lett.........

Det er straks slutt på fredagskvelden og det er på tide å krype under dyna. Ha ein fortsatt fin kveld og sov godt når den tid kjem!! :=)

Hasta mañana!

IWALY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar