torsdag 7. mars 2013

I dag har eg vore litt "bitchy", og det mot min eigen son. (Hmmmm....Ikkje bra!)
Nissen er ein grei fyr........., eller var i alle fall det. Heilt til "the bitch in me" slo til for fullt.

Det var ro og fred rundt middagsbordet. Det var god mat og ingenting å utsetje på noko som helst. Ergo skulle det ikkje vere noko som tilsa at nokon som helst skulle vere anna enn "snill".
Så kor det kom ifrå, veit ikkje eg, men plutseleg kunne sonen min konstantere at nissen ikkje fins likevel. Nissen som har vore så snill kvart einaste år. Nissen som kom og "pikka" i vindauget og lot han få eit raskt glimt av han. Nissen som kom med sekken full av gaver og tok med seg grauten som var laga til han............ Nissen!

"Mamma, æ skjønna jo at ikkje du trur på nissen, men det e jo derfor du ikkje kan se han! Bære de som trur på han får se han!"
Hahahahaha......... Så søtt! Sukk, det burde ha stoppa der, men er ein i rette siget, er det vanskeleg å la seg stoppe. Sånn er det berre.

"Du........ Han "Beste" var nisse då du var mindre. Då han gjekk bort, overtok naboen og i fjor var det faktisk ho mamma som var."
Stille...............
Han trur meg ikkje. (Og eg hadde ikkje vit til å stoppe då heller.)
"Eg skal vise deg klærne. Kom!"
Inn i mitt "walk in closet", opp på øverste hylla. Så langt oppe at ein verkeleg må strekke seg. Coop-pose!! Spent gut! (Mildt sagt.)
Då posen blei opna, høyrde eg berre "De dær klærne kjenn æ igjen!"
Og der gjekk det opp for han at mora var dønn alvorleg. Nissen fins ikkje og mora tok ifrå han den illusjonen. Ein illusjon han innerst inne nok hadde sine tvil om (for han hugsa at det var ein tiandeklassing som var nisse på torget i fjor), men som han gjerne ville ha.......For då kunne han fortsette å tape litt av mora sin konto. For det var ikkje akkurat billeg dei sakene han ønska seg av nissen.

Dagen blei ikkje øydelagt og han lova å ikkje fortelje det til dei som er yngre enn han sjølv. Så er det berre å håpe at han held det! :=)
(Og kanskje det kan vere noko anna som røpes i morgon? Påskeharen, til dømes?? Eller??....... DET er kanskje litt for "bitchy", sjølv til meg å vere, med tanke på at påska er rett rundt hjørnet og at han sannsynlegvis går rundt og gleder seg til påskeharen kjem med påskekartet sitt. Egget er aldri på same stad to gonger!
Eg trur eg avslører det litt seinare.......)

Om eg går litt inn i meg sjølv, trur eg at eg skal slå ifrå meg tanken om å bli den neste paven. Det er på tide å forstå at ein pave ikkje narrar små born med nisse og påskehare.
Det er vel ikkje heilt meininga at ein pave skal gå rundt og smile og nynne heller, eller?
"Jag vil vara din, skal du veta. Bara vara din, Margareta......" Hahahaha....... Eg ser han for meg!
Jada, jada.......Det hender faktisk at eg syng nett den songen. Ikkje av di den er så ufatteleg fin, men rett og slett av di den er ein typisk på hjernen song. Ein song eg har hatt på hjernen med jamne mellomrom i fleire år. (Eg trur far min får skulda for den.)
Eg skal ikkje lyge heilt, for eg diggar faktisk rytmen. Eg skal ikkje nekte for at kroppen startar å leve når rytmen dukkar opp. Det rykker i stortåa.
I alle fall har aldri eg høyrt at paven har vore på dans, så...............

Nei, eg har vore på musikkøving og då blei heimekvelden plutseleg litt kort. Avisene bugnar heller ikkje over av saker i dag, så då trur eg heller at eg skal leite fram Unni Lindell-boka eg held på med og kanskje få litt meir spenning inn i hovudet mitt. Mordsaker er til for å løysast!!
Så ha ein fortsatt fin kveld!

Hasta mañana!

IWALY!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar