søndag 13. oktober 2013

Det er søndag 13.oktober og det betyr at det er den store "gå utan BH-dagen".
No har eg ikkje satt meg heilt inn i saka, men det har sikkert eitt eller anna med brystkreft å gjere.
Uansett...... Det handlar i alle fall om å gå utan BH i dag, noko denne knetta ikkje har gjort.
Den kjem nok av etter kvart på denne sida av døgeret, forhåpentlegvis, men då av heilt andre årsaker.
Å gå ein heil dag utan BH er uaktuelt. Då må dei heller finne på noko betre.......

De fantastiske brystene. Vg helg har fokus på pupper denne helga dei også, dog i ei anna vending. Det har seg nemleg slik at du kan utnytte dei om du er stressa. (Puppene altså.)

Viss du er stressa, kan du be nokon om å kjæle med dei! Det skal ha ei super verknad på stressnivået.
Det står ingenting om at det må vere din betre halvdel som kjæler med dei, så då står ein vel i realiteten heilt fritt?! Hahahahaha........ Eg ser det for meg. Kvinnfolk som stressar rundt om og stoppar tilfeldige og ber dei om å kjæle med puppane sine.
Eit luksusproblem for enkelte menn om situasjonen faktisk oppstår, medan andre neppe vil vite kor dei skal gjere av seg.

Det er no eingong slik at det ikkje er så mykje som er så arketypisk som brystene våre. Når dei i tillegg har slike fantastiske eigenskaper...........
Ein kan nemne dømer som at dei er ei kjelde til kjærleik, nærleik, stresshandtering og god helse. Ei god rekke med positive eigenskaper.
Problemet er at desse runde formene diverre som oftast får merksemd berre på grunn av form og utsjånad. Samtidig kan ein då konkludere med at det ikkje er så rart at enkelte får kompleksar og at dei føler ei misnøye med eigne bryst.
Det er ikkje alle som er som meg........ Ei som eigentleg driter i heile puppestyret og heller fleiper med at dei snart heng heilt ned på navlen. (Er nok å overdrive litt, but who cares anyway?)

Enkelte kvinner liker merksemda som blir retta mot puppene sine. Trange topper er nok noko som sørger for blikkfang. At puppene får ei heilt anna form når BH-en  og toppen blir tatt av, er det nok ikkje så mange som reflekterer over der og då.
Det er nok mange mødre som har fått høyrt av sine søte små at dei ikkje har sånne runde pupper som "alle" andre og at dei har lange puppar (når dei heng laus under tannpussen....)

Små pupper, store pupper, faste pupper, hengepupper, spisse, runde, lange.....lista er uendeleg. Effekten av kjæling er nok den same. Så er du stressa, er det berre å be nokon om å kjæle med dei. (Så får ein vel vere litt alvorleg oppi det heile og seie at det aller helst bør vere din kjære..)

Terapibasseng......... Fleire byar har store badeanlegg og ein stor andel av desse anlegga har noko som blir kalla for terapibasseng. Som regel innebærer det at det er basseng som er ein god del varmare enn dei andre i bygget. Mange har også oppslag om at dersom det er reumatikere tilstades, eller folk med andre lidelsar, så har dei førsterett til å bruke bassenget.
Slik er det ikkje i Harstad!

Eg har vore der i helga og der var terapibassenget noko heilt anna enn dei andre stadene ein har vore og besøkt før.
Bassenget er sånn rundt rekna i same storleik som det bassenget vi har her heime i bygda.
Med andre ord er det ikkje snakk om noko stort basseng. Grottebadet........
Det første som møtte meg då eg entra dørstokken inn til bassenget, var eit lydnivå som ikkje kan skildrast. Det var så høgt!! Det var såvidt det gjekk an å finne seg ein liten kvadratmeter å slappe av på.
Eg talte antal menneske....... Over tretti born som herja (derav støyen) og over 40 vaksne (dei fleste var der for å sjå etter borna sine).
Midt oppi det heile var det ein stakkar som trengte å vere ute i akkurat det bassenget og som gjerne skulle ha svømt litt. Det seier seg sjølv at ikkje det gjekk.
Mesteparten av tida gjekk vel aller helst til å snu på hovudet for å hindre å få vann rett i augene frå alle dei herjande borna som var der inne.

Over 70 menneske i eit lite basseng og ikkje ei einaste badevakt. "Området er tv-overvåka". Jaujau..... Kva hjelper det, om dei stakkarane som ser på skjermane samtidig som dei ekspederer kundane som kjem og vil betale seg inn, ikkje oppdagar at noko skjer?
Nei, det var nok ingen som følte at dei fekk noko særleg terapi av å vere der inne (heller motsatt) og sikkerheita var nok heller langt ifrå den beste. Kanskje det ikkje har gått opp for dei at bassenget er blitt noko anna enn eit terapibasseng.
Når borna kan ta med seg alt av badeleikar inn dit, så er det endra seg frå terapi til "berre varmt" basseng.

Sjølv om badeturane mest var ei nedtur, hadde byen sjølvsagt anna "gøy" å by på. Shopping er nok aldri feil, men det er enno mindre feil når det er snakk om musikkforretningar.
Som regel skjer det meste av handelen via nettet, men det er jo då sjølvsagt digg når ein kan gå innom og sjå på utstyr med eigne auge.
Eg var der begge dagane! Eg handla der begge dagane!

Eg tippar det er ein liten kar som gler seg til skuledagen er over i morgon. Han var sjølvsagt med mora då ho investerte i slagverk! Han er nok klar over at mora mest sannsynleg kom til å bruke denne kvelden til å montere det (og han har sjølvsagt heilt rett i det).
Slagverk! Eit elektrisk sådan. Roland.

Eg snakka med ein slektning av meg som har "storpeiling" på musikk. Han meinte at sidan eg skulle ha slagverket i kjellaren heime, kunne det vere ein idè og kjøpe elektrisk. Då blir det ikkje den same støyen som eit slagverk brukar å avgje. Då kan ein styre volumet akkurat slik ein sjølv ønsker ut av høgtalarane. I tillegg til at ein kan velge ulike effektar på trommene og symbalane, alt etter kva musikk ein skal spele. Jazz, pop, rock, world, reggae osv....you name it. Ganske tøft.
Ikkje minst tar det mindre plass! Når heile stortromma kun er ein pedal med leidning, ja då har ein spara ganske mykje plass berre på det.
4 trommer, 3 symbalar, basstrommepedal og high-hatpedal. Eg trur kjellaren vil få eindel besøk den næraste framtida! :=)

Eg har til no registrert at det kan vere hakket vansklegare å undervise ein 60-åring på trommer enn ein ti-åring.

Pupper og trommer. Knallkombinasjon! Hahahaha............Eg skal i alle fall ikkje spele trommer utan BH, så det slepp å bli eit pinleg syn der.

No er det straks natta. Om eg skal halde målet om at BH-en skal av på denne sida av døgeret, må eg speede litt opp her eg sit. Så då blir badet neste stopp.
Ha ei god natt der ute og hasta luego! :=)

IWALY!!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar