tirsdag 8. desember 2009

Tysdag 8.desember!

Så var nok ei ny uke igang. Om ikkje lenge er vi midt i desembermånaden. Månaden blant dei store hos borna. Trur ikkje det går ein einaste dag utan at det første som blir sagt er "Kan æ åpn en adventspakke?" Steffen er eigentleg litt treg å få opp om morgonen sjølv om han legg seg tidleg. ¨Han er det sjølvsagt enno.....men berre til han kjem på at det henger nokre pakkar på veggen i stova. Då er han plutseleg lys vaken...på null komma niks. Vi var vel likedan vi og, men eg hugsar det ikkje.
Det skal ikkje så mykje til for at han blir glad. Trur det er mange som har dei "fancy'e" pakkane, men ikkje denne guten! Eg bestemte meg tidleg at han skulle få bli vant til at adventskalender ikkje er einstydande med at han skulle få mykje av det han ønsker seg. Han får ein liten ting kvar dag. Han blir sjølvsagt gladast når det er snop i pakken, men dog ikkje så glad av di han då må spare den til etter bornehage.... Trur ikkje tantene der ville vore så glad om alle borna hadde ete snop før dei kjem i huset der....Det kunne blitt ei fin smørje.

Denne desembermånaden har faktisk vore den minst stressande julemånaden på mange år....heilt tilbake til eg var 12 år. Det er lenge sidan det. Det har alltid vore ein aktiv månad, men i år har eg heller vore aktiv heime. Kjenner eg har lyst å både vaske/rydde og bake stort sett kvar dag. Ein skal vel vere takksam for at ein føler at ein har energi nok til det. Det er faktisk null stress.

Steffen har ein kompis på besøk no. Høyrer dei sitter og ler til Tom og Jerry i bakgrunnen. Det er det gøyaste programmet å sjå her i huset. Om Steffen står tidleg opp og det er Tom og Jerry på tv, ja då merker vi det på fliringa i stova. Det er rett og slett rå latter. Då er det ein til som står opp!! Kan seie så mykje at den andre som står opp ikkje er meg! Det kommer ikkje til å skje at eg ofrar den gode, varme dyna for ein teikneserie (sjølv om eg er glad i Tom og Jerry).
No sit dei der og flirer medan dei har si barnetvstund foran skjermen. Koseleg!

Når brøda er ferdigstekt , tenker eg at eg vil ta meg ein svømmetur. Det er godt å vere i bevegelse. Når eg ikkje kan springe den næraste tida, fungerer svømming godt (jogging er skøyare).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar