lørdag 29. mai 2010

Jaujau.....

Her ligg eg på sengekanten til pappa med radioen på i bakgrunnen. Ut ljomer låtene som er med i årets MGP. Då eg slo på internett, fann eg raskt ut at ein stor del av fjesbokvenene mine ser på nettopp MGP...... Såvidt eg kan sjå er det stort sett berre kommentarer om dette. Mange av desse gjer uttrykk for at dei ikkje liker MGP i det heile og syns at det burde ha vore avskaffa. Mitt spørsmål blir då: Kvifor sit dei og ser på showet likevel??? Jaujau...... :=)

Sjølv hadde eg ikkje tenkt å få med meg songane i kveld, men det endte no med at eg slo på radioen då dei var over halvvegs. Ikkje veit eg, men fram til i kveld har eg alltid trudd at ein i alle høve var nødt til å syngje reint for å delta i eit slikt program. Herreminhatt seier eg berre. Første songen eg fekk med meg var så surt sunge at eg lurer på om det er kvalitetssikra i det heile!!??! Motstandarane blir i alle høve ikkje tilhengjarar etter kveldens innsats. Jaja....

Kven bør vinne? Eg har ingen peiling. Ikkje har eg høyrt alle songane heller........ Håper berre Noreg gjorde ein brukbar innsats sidan vi er vertsland! Foreløpig høyrer eg at Tyskland leder. Trur kanskje Danmark gjer det godt også:=)
Uansett, ville eg ha bytta denne helga mot det å få sjå MGP? Aldri i verda!!!! Eg har det heilt nydeleg her inne i fjorden i min pappas paradis!!

I går fekk eg spørsmålet av ei her inne om eg trives på hytta på Korsnes. Eg svarte sjølvsagt ja! Eg elsker å dra på hytta........ Litt etterpå satt eg på kaia her og tenkte på nettopp det spørsmålet. Jo, eg trives på den hytta, men sanninga er at eg trives endå betre her. Det er akkurat som eg får ein slags fred over meg når eg er her. Eg veit ikkje, men det har nok sikkert mykje å seie at eg har hatt eit forhold til staden sidan eg var baby. Alternativa for kva ein skal gjere er også mange fleire her. Her kan eg aldri kome til å kjede meg!!!
Eg trur og det er viktig at etterkommarane våre veit kor dei kjem frå. Dette var verkeleg "Beste" sitt paradis, og eg ser det på som viktig at eg lar sonen min få eit forhold til denne perla inne i fjorden. Sanninga er at han storkoser seg her.
Det at ein berre ved å gå nokre få meter kan stå på kaia og dra inn flott fisk, er stort for ein liten gut. Eg hugsar kor eg sjølv elska å fiske då eg var her som unge. Den store plenen på oversida av hytta........kjempefine forhold for fotball. Reinsdyra som ligg rett her oppe i marka. 12 stykk om eg ikkje tar for mykje feil. Fine turar i eige turterreng! Elgskit...... Berre det å sjå i kikkerten om det kjem båtar innover fjorden har sin sjarm.

Ein kan seie kva ein vil, men eg trur alle ville ha hatt godt av å ha ei hytte å komme til. Når ein reiser på hytta, slepp ein unna eindel av kvardagens mas og kjas. Det er sjølvsagt slik at enkelte ikkje klarer det å måtte slappe av på ei hytte. Det blir fort for kjedeleg. Utviklinga i samfunnet må nok ta eindel av skulda for det. Det må skje noko heile tida....... Sjølv har eg ikkje berre ei hytte. Eg har fleire. Fint nok det, men det skal jo tas vare på alt saman!! Det einaste eg veit er at sjølv om eg har meir enn ei hytte, er eg ikkje villig til å selge unna noko som helst. På Korsnes har vi jo bygd opp eit "samfunn" som vi etterkvart er blitt veldig glad i og som er berre våres. Her på Grunnvoll er det fleire ting som ligger i botnen. Det er mykje i denne verda som ikkje kan målast i pengar. Her har eg litt av nettopp det. Det har stor affeksjonsverdi for meg å ha hytte her. Det er jo her far min vaks opp. Dette er staden han sørga for at eg forelska meg i. Det er herifrå eg har mange gode minner. Minner som ikkje kan målast i verdi av penger. Kvittar vi oss med det vi eig her, kvittar vi oss med det min eigen far elska og bygde nettopp for at vi skulle ha ein stad å komme til for å nyte freden. Han forguda naturen her inne. Dei få dagane i løpet av eit år han hadde fri, ja, dei tilbringte han her inne. Eg kan aldri sjå for meg at eg har hjarte til å la dette fare frå meg. Eg lova han at eg skulle ta vare på hytta, så det skal eg halde!!!!

Eg sakner pappa kvar einaste dag. Det går aldri over..... Derfor er det godt å vere akkurat her som på ein måte er ein del av han. Buksa som heng på knaggen på naborommet, radioen hans og ikkje minst kloggene hans. Dei gjekk han alltid i. No er det eg som bruker dei:=)
Eg høyrer endå "gryntinga" hans om morgonen når eg vaknar..... Den er liksom inngrodd i systemet:=)

I dag har vi trødd ein tur til "Nisgamneset". Utroleg fin utsikt mot Sørfjorden frå toppen. Lurer eigentleg på kvifor vi ikkje er flinkare til å bruke naturen. Det er jo så mykje fint å sjå og oppleve...... Havet er blikkstille, vinden er eit godt stykke unna oss, fuglane kvitrar og alt er berre herleg! For ei stakket lita stund.......... Resultatet "ropes" ut. Tyskland har vunne årets MGP og vi skal få høyre vinnerlåta på nytt. Jaujau, seier eg berre. Høyrde ikkje songen i stad, og no er glad for det. Dersom den songen var best, så kan ein trygt seie at det må ha vært mykje dårleg musikk i år. Sjølv ikkje vår kjære Didrik var i nærleiken. (Det var vel ikkje så uventa..). Uansett, rekkefølgen i resultatlista ser litt rar ut, men heldigvis, det er jo slik at vi alle skal få ha vore eigne meininger. Sjølv om eg ikkje likar vinnarlåta så seier eg berre: Gratulerer til Tyskland!!! Det er sikkert fortent.......?!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar