tirsdag 11. mai 2010

Frustrasjon.

I Kjøpsvik, ja, der har dei det så godt. Lærarane har eigne kontor, skolebygget er flott og elevane har så eit så fint fysisk arbeidsmiljø!! Fine ord, spør du meg...... Synd det ikkje stemmer. Eigentleg er det rart at nokon kan gå rundt og tru det. For det er nemleg slik at det er nettopp det mange gjer. Kven er dei personane som fer med løgnene sine og sprer urettmessige utsagn om oss?

For ikkje lenge sidan var eg innom gatekjøkkenet på Drag medan eg venta i fergekø. Øyrene mine datt nesten av då eg høyrde ein av kommunepolitikarane frå andre sida seie at i Kjøpsvik, der har alle lærarane eigne kontor. Sit han i Kommunestyret og trur det? Har han nokon gong vore innom skolen og sett? Har eg eiget kontor? Så flott!! Fint at nokon kunne fortelje meg det. Eg har aldri vore klar over det sjølv, så eg har no i beste tru delt kontor med fleire andre. Hyggjeleg har eg hatt det, men det hadde jo vore greit om nokon hadde sagt til meg at eg hadde eige kontor!! Eg går jo ut ifrå at han ikkje laug for meg....Kor skuffa kjem eg ikkje då til å bli. Eit eige kontor vil vere "knæsj"!!

OPS!!! Eg gløymte visst å tenke som pedagog..... Er det ikkje det vi skal vere? Får inderleg håpe det. Ellers har eg gjort feil heile vegen!! Som pedagogar er det vel ikkje greit å meine at vi krav på eigne kontor. Hallo!! Kva då med "teamwork"? Det "nye" læreryrket legger opp til samarbeid mellom lærarar. Eg går sterkt ut ifrå at vi som då har det som yrke er pliktig til å følge opp til viss grad. Eit lite kott til kvar lærar er jo då eigentleg eit tilbakesteg i den samanheng. Men kva veit vel eg??

Kvifor gidder eg å bruke energi på å irritere meg over at det er kommunepolitikarar og andre som trur at vi har det så fett? Kvifor kan dei ikkje berre få lov til å tru det? Det bringer meg innpå sakens kjerne. Ein kjerne som ikkje smaker godt i det heile. For meg vil det vere rett å seie at det smaker som slimete lutefisk. Det er rett og slett vondt å svelge.

Vi lever i ein kommune som tidlegare var kjent for å ha møter som likna på sirkus. Kjenneteikna på møtene var krangling og syting i stor grad. Samarbeid var det som mangla mest! Så kom ei brobygging. Skolene var ein del av denne "bygginga". Vi fekk eit veldig mykje betre klima innad i kommunen. Akk og ve....Kunne det ikkje ha fortsatt? Det nye kommuestyret byrja så bra! Det meste skjedde i fred og fordragelighet. Det var heilt til nokon byrja å rope i skogen etter eigne kontor. Det var ikkje vi!! Ny skole.....

For ei stund attende i tid blei det gjort eit kommunestyrevedtak som sa at Kjøpsvik skole skulle rehabilterast for ein viss sum og Drag skole fekk ein sum dei og. Det har til og med vore ein anbudsrunde på det som skal gjerast ved begge skolane. Kva gjer politikarane frå den andre sida då?? Sidan dei er i fleirtal treng dei ikkje bry seg med tidlegare vedtak. Drag vil ha ny skole. Ei rehabilitering er ikkje nok.! Då er spørsmålet mitt: Kva i alle dagar har det med det som skal skje i Kjøpsvik å gjere? Kvifor kan ikkje vi utføre det vi treng innanfor dei rammene som er gjeven uavhengig av kva som skjer på drag? Sjølv om Drag no har andre planar, bør dei ikkje halde att det som er planlagt i Kjøpsvik. Det er jo eigentleg to adskilt saker! Nei, slik det ser ut no så tar dei vel attende det dei har vedtatt vi skal få.

Stemmer ryktene, så har vi i tillegg ein inkompetent varaordfører som ikkje kjenner vervet sitt. Han har tydlegvis uttalt at han ikkje bryr seg om Kjøpsvik skole ikkje får noko. Vi har fått nok før! Han er folkevalgt og har tydlegvis ikkje skjønt det at sjølv om han arbeider på ein skole som treng oppussing, kan han ikkje blande det med rolla si som varaordfører. I utgangspunktet må dette vere ei sak han i høgaste grad må vere inhabil i. Uansett, slike uttrykk bør ikkje forekome. Kanskje det gjeld mine uttrykk og...... med tanke på at eg bruker ord som inkompetent. Vel, det er frustrasjonen som kjem til uttrykk. Av di han ønsker at Drag skal få "ny" skole, brukar han vervet sitt slik og arbeider politisk for at dei skal få alt og vi lite. Føler at det burde gje han ein bismak!! Beklager om eg trør han på føtene no, men det er akkurat slik eg føler det no og det er no eingong slik at eg ikkje klarer å teie stille om det når eg først har sterke meininger om noko. Ferdig med det!!

Kjøpsvik skole er eldre enn skolane på Drag. Den storstilte satsinga dei spel på som kom i samanheng med reformen i 97 er berre oppspinn. Ja, Lærarane her fekk kontorbygg. Sjølv om dei på Drag i dag seier at dei ikkje hadde samme tibodet der, så er det nettopp det som er tilfelle. På den tida takka dei nei. Akkurat det skal ikkje elevane her lide for.
No skal det seiast at forholda til dei ansatte ved Drag skole er dårlege. Dei treng verkeleg betre rammer til å drive med det arbeidet som skal gjerast sjølvstendig. No deler dei alle eit stort rom med lite høve til store "sprell". Det er likevel LANGT mellom det å trenge eit betre lokale til det å ha personlege kontor. I alle fall når det blir peika på at det er det vi har. Eg veit med 100% sikkerehet at dei fleste ved den skolen veit at det ikkje er tilfelle. Dei fleste har sett kontora våre og veit dei er laga for fire stykk.

Sjølv om Drag skole treng mykje nytt så betyr det ikkje at våre forhold er så mykje betre. Til hausten byrjer sonen min på skolen. Han vil ikkje få tilbod om svømmeopplæring. Bassengforholda er så dårlege at bassenget ikkje blir fylt opp att. Fleire klasserom har elendige klimaforhold. Ikkje er det gode forhold for lufting pga at vindaugane ikkje kan opnast. Fleire av dei ligger i grenseland til å falle ut om vi er så uheldig å prøve. Utvendig ser ikkje skolen ut. Det er nesten som ein skjems når det kjem framanfolk på besøk. Gong på gong har fleire sentrale i kommunen stått under 17.mai-talen sin og kommentert veggane og lova at det skal bli ei ordning. Jau, jau....

Det er mykje eg kan skrive her. Det her er berre ein liten del av det!! Eg vel å la vere. Eg trur eg har fått ut nok frustrasjon for fleire uker og frustrasjon har aldri vore bra. Så det får bli med det.
Det vil vere synd om denne saka skal føre til krangling innad i etaten med tanke på at lærarane eigentleg har eit greit forhold til kvarandre over fjorden.

Eg unner Drag det beste. La det ikkje vere tvil om det!!!! Det skal berre ikkje gå på bekostning av andre. Det blir heilt feil når ei slik satsing dei legg opp til i etterkant at pengene er fordelt skal gjere at vi får mindre, i værste fall ingenting.

Det er farleg å seie det, men eg er ganske sikker på at eindel av politikarane har ein agenda bak det dei gjer. Ikkje alle er like flink til å halde opplysningane for seg sjølv, og eg veit fleire av dei har forsnakka seg.
Forhandlingspolitikken dei i stor grad driv med må bort. Eg har fått med meg kva løfter som er gjeven til enkelte dersom dei stemmer ja for det som skjer på Drag. Det vil på sikt føre kommunen i grøfta. Kanskje er det nettopp det dei ønsker?? Ikkje veit eg nok til å uttale meg om det.... Men eg syns dei stilar litt for høgt om dei trur at det er nokon andre som vil ha dei. Ver så god...Ta dei! (Det kjem frå ei som eigentleg er imot at fjorden skal "delast".).

Samvit er eit viktig ord for dei som veit kva det betyr. Om ein kun tenker på seg sjølv og sine eigne må ein huske at det ein gjer no må ein leve med resten av livet. Det er berre å bruke sunn fornuft i saka. Gje Kjøpsvik skole ei millionane som var til tenkt dei og Drag skoele dei millionane som var tiltenkt dei. Ønsker dei ei meir storstilt satsing får ei ta et etterpå uavhegig av vår skole.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar