Holocaust er eit begrep som brukes på folkemordet på minoritetsgrupper utført av tyske nazister under 2.verdskrig. Begrepet er gresk og betyr "total ødeleggelse ved brenning". Det er usikkert hvor mange liv som ble tatt, men det er anslått til å ligge rundt ca. 10 millioner. Stort tall spør du meg.....
Når det gjeld denne krigen, er det mange som først og fremst tenker på jødane og antisemittisme (jødehat for dei som lurer). Sanninga er at under krigen var det mange grupper som i dag kan kan knyttast opp mot begrepet holocaust. Det vere seg sigøynere, tatere, handikappede, homoseksuelle, svarte, kommunistar, frimurarar og sinnslidande (berre for å nemne nokon). Uansett, det var sjølvsagt jødane som var i stort fleirtal når det kom til stykket. Det er berre det at eg og vil belyse at også andre "folkegrupper" blei tatt. Antisemittismen dekker berre jødane og hatet mot dei, så for resten av gruppene er det vel meir rett å seie rasisme!
Alle "veit" at rasisme er eit negativt ord, men mange kan ikkje gje eit fullgodt svar om du spør dei kva rasisme eigentleg er. Definisjonen på uttrykketer at rasisme er diskriminering av mennesker på grunnlag av hudfarge, kultur og religion, og skuldast forutinntatte negative haldningar overfor andre mennesker. Det betyr i stor grad at dei som var nazistar under 2.verdskrig også var rasistar.
Kva var det som eigentleg skjedde som gjer at fleire sentrale land så seg nødt til å danne ein internasjonal domstol i Nùrnberg etter krigen??
Svaret er ganske så enkelt. Den systematiske jødeutryddelsen som fant sted under krigen var så enorm at det var nødvendig å sikre at det ikkje skulle skje på nytt. Personar som ein var viss på at deltok og sørga for store menneskemord blant jødane blei tiltalt for forbrytelse mot freden, krigsbrotverk og brotverk mot menneskeslekta.
Det var stor semje om at det var nazistane og dei militære leiarane i Tyskland som hadde ansvaret for holocaust.
Sommaren 1942! Det var då det starta.... Dei frakta mennesker under umenneskelege forhold i togvogner som eigentleg var tilpassa kyr. Familiar blei splitta. Menn og kvinner kom i kvar sine køar, og born fekk ikkje vere med foreldra sine.
Dei gongane dei trudde dei var heldige som skulle få dusje.......Ja, eg veit ikkje eingong korleis eg skal sette ord på det. Det var no eingong slik at ingen kom levande ut frå dusjen!! I staden for vann kom det blåsyregass. Ingen menneskeleg måte å døy på! Etter det var det berre å sende dei til massegraver eller krematorier. Eg har sett bileter av korleis dei laga haugar med beinrestar etter at dei hadde hatt ein runde i krematoriane. Fy søren!! Tenk også på dei jødane som måtte bære ut lika av dusjane og bringe dei til brenning.
Dei som var så "heldige" at dei enno levde då dei kom fram til leirane, skulle vel gjerne ønske at dei var blant dei som hadde fått sluppet livet tidlegare. Mange av dei som hamna i Auschwitz blei brukt som prøvefigurar under medisinsk forskning. Med kaldt blod gjennomførte dei forsøka. Smertene som blei påført dei menneska det gjaldt brydde dei seg ikkje om. Det var slik at det var to utfall under forsøka. Anten så døydde du eller så blei du øydelagt for livet.
I dag, på trass av alle dokumentasjonane som fins, er det fleire grupper som hevdar at tala over daude er for store. Fleire av dei er holocaustfornektarar.
Det er ulikt korleis landa rundt om praktiserer haldningane sine mot desse fornektarane. Vi treng ikkje gå lenger attende enn til 2006 då David Irwing blei dømt til tre års fengsel for offentleg å ha bagatellisert jødeforfølgelsane!
Både fornektarar og dei som ikkje gjer det sprer haldningane sine over internett. Difor er det særs viktig at ein er kritisk til dei kjeldene ein les på nettet om akkurat dette temaet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar