søndag 9. mai 2010

Sundag 9.mai 2010.

For tida har eg to blad som eg abbonerer på, KK og Det nye. Sistnemnte er i vurderingsboksen av di eg syns bladet har tapt seg det siste året. Eg har fulgt det trofast i over ti år no, og bladet har endra karakter i så stor grad at eg er usikker på om det er noko for meg..... Dei har bytta ut eindel med "nytt" stoff. Det dei har bytta ut er sjølvsagt dei tinga som gjorde at eg syntes det var eit bra blad. Det eg likte best var dei flotte reportasjane og langlesingane som veldig ofte tok for seg seriøse og mange gonger alvorlege tema. Det var ofte gripande artiklar som gjorde at ein sat seg ned og tenkte over temaet etterpå. Dei gjorde noko med lesaren! Det vere seg tema som tvangsekteskap, ulovleg abort og Kabbala berre for å nemne noko.
Alt dette er idag erstatta med mote, som vil seie at det meste som er i bladet dreier seg om mote. Om det skulle vere ein artikkel med, kan ein vere sikker på at den omhandlar temaet sex og kjærleik.Til og med horoskopet endra namn til sexoskopet...... Sida der ein kunne skrive inn og spørre om det meste er endra til ei sexside der sexeksperten svarar.

Veit ikkje, eg........ Kanskje det er det dei fleste vil ha?? Kanskje det berre er eg som ikkje er "up to date"?? Uansett, eg føler meir at eg vil lese eit blad som har eit litt større innhald enn berre sex og mote.
KK derimoter meir innhaldsrikt. Dei har og med mote og tema som omhandlar sex, men til gjengjeld har dei mange reportasjer og artiklar som er veldig interessante!!

Årsaka til at eg først byrja å skrive om desse blada er eigentleg at akkurat i den siste utgåva av dei begge to var det tema som nesten overlappa kvarandre på ein veldig fin måte...... Ein kunne nesten tru at dei hadde samarbeidd litt. Det er vel aller helst tilfeldig.....

Hovudoverskrifta i Det nye er "Singel og lykkeleg". Målet med reportasjen er i stor grad å belyse det at det er fleire single 30-åringar i dag kontra tidlegare tider. Dette er det tydlegvis forska på i følge bladet!
Årsakane til at fleire er singel er mange. Mest er det av di vi er egoistiske og setter eigne behov først. Det er ikkje lenger så tabu å bu ilag utan å vere gift. Det gjer at fleire lar utdanning og karriere kome før ekteskap. Ei heller treng ein å gifte seg av praktiske grunnar lenger.
Det faktum at vi er mange som er eit produkt av skilte foreldre, skremmer nok mange av oss frå å etablere seg. Ergo blir ein eldre før ein vel å slå seg til ro, og med alderen kjem den kresne delen av oss fram.

Sjølv har eg intrykk av at det er blitt meir "in" å seie at "Eg er lukkeleg som singel". Spørsmålet er om det er sanninga som kjem fram, eller om det er det ein prøver å overbevise seg sjølv om. Har ikkje dei fleste av oss eit behov for ein viss nærleik? Kanskje ikkje......
Det er sikkert mange føremoner med å vere singel. Når det er mykje som skjer, på arbeid eller andre stader. Spontanhelger med venninner! Ein treng nesten ikkje planlegge noko. Sikkert ein deilig form for fridom. Impulsiviteten rår i mykje større grad som singel.

Sjølv trur eg alle kan ha godt av å vere singel ei stund før dei "jumpar" inn i det store forholdet! Når ein er singel, blir ein betre kjent med seg sjølv og kven ein eigentleg er som person. Med større sjølvinnsikt er sjansen meir tilstades for at ein vel rett.

Så har vi fenomenet som vi kallar for "overganskjæreste". Mange har vel ein eller annan gang hatt eit forhold dei eigentleg har visst ikkje kom til å vare. Likevel kan kjæresten vere god å ha i påvente til at den rette skal dukke opp. Stemmer ikkje det? Enkelte gonger veit underbevisstheten det, men ein vel å oversjå det og trur noko anna.
Eg trur ikkje mange tenker over korleis det må vere for den som er overgangskjæreste før ein sjølv opplev det. Eit eksempel på eit slikt forhold kan vere at du låner ei bok du syns er veldig bra av kjæresten din. Når du så kjem over same boka i eit antikvariat og kjøper den, må det jo bety at du eigentleg veit at forholdet ikkje kjem til å vare?? Eller.......? Var forholdet meint å vare ville du jo berre brukt boka som kjæresten din har!

Sjølv trur eg at årsaka til at ein får seg overgangskjærester (utan at det treng å vere eit bevisst valg) er at dei fleste ikkje trives så godt åleine. Dei fleste syns nok det er godt å ha nokon å prate med kvar dag, nokon å spise middag med og ha sex med. Då er det kanskje lettare å sjå mellom fingrane om forholdet ikkje er så bra. Eit tomrom blir fylt, men ein veit at ein ikkje kjem til å bli gammel ilag.

Er det greit at mennesker blir brukt slik? For å kunne gje eit ærleg svar pådet må eg snu litt på spørsmålet. Kva ville eg sjølv ha følt dersom eg plutseleg fekk beskjed om at eg berre var ein overgangskjæreste? Trur eg ville ha blitt veldig såra.....
Å sjå at kjæresten berre er ein overgangsperson er nok lettast å sjå i ettertid av eit forhold.

Sjølv har eg trua på kjærleiken, men sanninga er at kjærleiken uansett aldri blir heilt fri for risiko.

For å gjere eit lite hopp, men samtidig likevel prøve å klare og halde seg innanfopr dagens tema, såvidt, til ein viss grad, tenker eg litt på kva vi fyller alle dei må og store ventetidene med. I alle menneskers liv, singel eller ikkje, så finnes det noko som heiter "daudtid". Det vil seie før i tida var det slik.......for i dag klarer dei fleste å fylle den tida også.
Dagens generasjon er ganske så ulik dei førre generasjonane. Livet i dag har for mange blitt slik at ein automatisk grip mobilen og tekstar i hytt og pine berre av di dei får eit minutt ledig medan dei ventar i kø i kaffebaren. Kor mange er det i dag som ikkje er på facebook? Det verste eksempelet på utnytting av daudtida må vere ho som sit på do og sorterer klesvasken.

Desse trendene som har oppstått har eit namn. "Fill moments". Forretningsutviklarar går ute i gata og studerer oss!!! På kjøpesentra..., togstasjonar..... kun for å studere korleis vi oppfører oss. Måten vi oppfører oss på gjer dei masse idear til korleis dei kan proppe oss fulle av nye tilbod.

I dag blir vi ikkje kjent med sidemannen på toget. No proppar vi øyrene fulle av musikk, les mail eller bruker mobilen. Ikkje minst letter vi den dårlige samvittigheten vår ved å sende tekstmeldingar til venene våre.
Eit kvinnfolk sit ikkje stille eit sekund. (I alle fall ikkje utan mål og meining). Stirrer ho ut i lufta heilt i det blå kan du vere sikker på at ho gjer knipeøvingar samtidig!

Sanninga er også den at ein stor del av facebookbrukarane faktisk ikkje klarar å leggje seg utan å ha fortalt alle dei 400 venene at dei skal gjere nettopp det.

"Fill moments" er både på godt og vondt. Det er pusterom som gjer oss høvet til å gjere noko heilt anna, bli inspirert, underholdt og ikkje minst engasjert. Daglege rutinar kan fort bli kjedelege!

Det er berre å konstantere at den tida vi lever i no må kallast for noisme! All komunikasjon i dag foregår "real time". Den er meir impulsiv og umiddelbar. Vi er sjølvsagt tilgjengelege overalt.
Å vere tilstades i noet vitnar om at ein er trendy. Eksponeringskulturen har tatt heilt av!! Vi er rett og slett blitt hekta på å diretesende livene våre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar