torsdag 29. april 2010

"Musikkens" opprinnelse.

Ikkje veit eg kva tid den første musikken oppstod, og det gjer sannsynlegvis ingen andre med sikkerhet heller. Det som vil vere mest nærliggande å tru er at det har vore sunge og spelt så lenge det har levd mennesker på jorda. I alle høve klarer ikkje eg å sjå for meg at det nokon gong har eksistert ei verd utan song..... Spørsmåla blir då: Korleis var den første musikken? Korleis oppstod den første tonen? Kva instrument var det første? (Sist, men ikkje minst...) På kva kulturtrinn var menneska då? Kanskje det berre var bruksmusikk?

Om eg ønsker å finne svara på desse spørsmåla trur eg nok at eg må leite lenge. Dei som har mest peiling må vel vere musikketnologane og musikkantropologane. Sjølv etter samtaler med slike folk er eg ikkje blitt særleg klokare..... Vel, det stemmer vel ikkje heilt, men eg sit liksom ikkje att med noko fasit.

Eg går sterkt ut ifrå at dei første menneska som levde var naturfolk. Problemet er berre at dei som i dag reknast som naturfolk står på eit ganske anna nivå enn dei første. Likevel......Eg veit at det er gjort undersøkelser blant stammefolk i Afrika, Asia og Amerika. Ein skal vel heller ikkje gløyme å ta med Australia!
Det som er påvist er at i naturfolkenes musikk så har vi noko vi på fint kallar for den magiskkultiske funksjonen. Eit vanskeleg ord for oss vanlege mennesker. Det er eigentleg så enkelt som at mennesket føler seg i tanke og handling knytta til sed og skikk hos forfedrene sine. Livet er gjennomsyra av av mytiske krefter, noko som kan knyttast opp til musikken i den sammenheng at spel og song ofte er uttrykk for sterk bundenhet til overnaturlege makter. I mange samanhenger vil eg påstå at ein kan seie at musikk er magi! Den kan vere eit tryllemiddel som set utøvaren i stand til å hevde seg overfor naturmaktene. Tenk berre på jakt, krig, frukbarhetsdyking o.l.......... berre for å nemne noko. Nokon syng, andre speler, danser eller klapper og tramper. Desse formene må jo ha eksistert bestandig???

I vokalmusikken er det oftast snakk om einstemmig song. Det er gjerne få tonar...... Variasjonane skapes gjennom bruk av ulike stemmeleier, veksling mellom song og skrik i tillegg til dei dynamiske skiftningane. Dette er reint generelt frå alle dei stadane som det er forska på.
I Afrika har dei også møtt eindel på det som har med vekselsong å gjere. Då er det ofte ein forsongar der det vekslar mellom han og ei gruppe.

I instrumentalmusikken er rytmen det viktigaste! Fleire rytmar speles samtidig (på trommer). Vi kaller det for polyrytmikk. Ein kan trygt seie at rytmane som speles er ganske så meir avanserte enn dei rytmane vi er vant til i vår vestlege musikk!!!

Uansett, det er vanskeleg å finne ut kva tid musikken eigentleg oppstod..... Det kommer jo heilt an på kva vi definerer som musikk. Eg hugser eingong eg var med idrettsklassen min og skulle gå over Folgefonna. På tur ned frå fjellet gjekk vi langs ei elv, og heilt ut av det blå sa eg berre "Eg trur denne elva kling i A-dur!" Medelevane mine holdt på å "døy på seg"!! Det blei ein god latter av det, men poenget eg prøver å få fram med dette eksempelet er at akkurat då så definerte eg musikk ut frå elvebrus..... For meg så har musikk med lydar å gjere. Elvebrus er lyd, bilmotorar er lyd....eksempla er mange.
Lydar har alltid eksistert og følgelig må vel musikken alltid ha eksistert??

Sjølv om verda er gamal, fins det musikk vi faktisk kjenner frå langt attende i tid. Ikkje attende til opprinnelsen, men verkeleg oldtid for oss. Vi har jo eit begrep som vi kallar for "Musikken i oldkyrkja". For kykjefedrene var musikken ein religionens tenar. Den skulle åpne sinnet for det kristne bodskapet. Her er det viktig å poengtere at instrumentalmusikk var bannlyst! Vekselsong mellom to kor var i høg grad aktuelt for den tida. Dette er attende til ca det 4.århundre. Det vil eg påstå er ganske oldtid for oss som lever no!

I antikkens Hellas spelte og musikken ei stor rolle. Her var den spesielt viktig for oppdragelsen. Musikken var stort sett vokal. Instrumenter forekom, men dog sjeldent. Ca.500 år f.Kr. skilte tonekunsten lag med diktninga.

Dei landa som har den rikaste musikalske tradisjonen er Kina, Japan, Indonesia, India og Arabia.
Ellers så kjem det jo også fram av Det Gamle Testamentet ein heil del hentydningar til musikk og musikkpraksis som det er vanskeleg å forklare nøyaktig.

Uansett kor mykje eg prøver å grave i bøker eller samtale med etnologar, kjem eg ikkje fram til noko konklusjon på spørsmåla eg stilte i byrjinga....... Det lengste eg kjem er Det Gamle Testamentet som i utganspunktet omhandlar tida f.Kr. Som sagt er dette oldtid for oss, men verda har jo eksistert i uendeleg lang tid før det..... Så ikkje veit eg!
Det eg veit er at eg sjølv går rundt og nynner veeeldig ofte. For meg er det utenkeleg at song ein eller annan gong ikkje har vore ein naturleg del av eit menneske. Eg nynner ikkje av di eg absolutt vil, fro det berre kjem av seg sjølv. Spesielt gjennom glede oppstår nynninga:=)

Det som attstår å diskutere må vel då vere "Kva tid blei vi som skapninger definert som menneske?" Fans det mennesker då verda oppstod? Kanskje har ikkje menneskeheta eksistert så uffateleg lenge.... Kva stammer vi frå? Apene?? Ei ape syng vel ikkje? Den lager lyder!!!

Nei, det er vanskeleg å trekke grenser...... Eg får vel aldri fullgode svar på spørsmåla mine! Eg kjem ikkje til å slutte å fundere på dei av den grunn. Det er lett å seie at det er berre å akseptere at det er slik det er , men det vil eg ikkje. Årsak?? Den er enkel den..... Eg finn det intressant!!

Kor er musikken om 50 år???

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar