søndag 18. april 2010

Sommer 2010.

Så nærmar deg seg sommar att.....eller gjer det eigentleg det?? Føles gjerne ikkje slik når ein tittar så smått ut av vindauget her i garden. Uansett, juni kjem snart uavhengig av kva me ønskjer eller ikkje.
For all del.....Ikkje tru at eg er ein av dei som ikkje ønskjer sommaren velkommen! Det er berre det at då eg kom heim frå hytta etter påska, fekk eg veldig vårstemning og heiv meg rundt og vaska og styra. Det var ein skikkeleg deileg følelse! No er det liksom gått nokre veker, og no er eg rett og slett ikkje sikker på kor våren blei av..... Kven er det som skjular han på loftet????? Kom fram med han, for det er ingen gøy lek dette:=)

I dag, då eg gjekk meg ein liten tur, var det litt blå himmel og godvèr. Rett etterpå snødde det og eg såg mest ikkje havet. Ikkje meir enn få minuttar seinare så var det oppledt og fint på nytt, berre for å kome med nytt snøkav og skodde rundt øyrene våre....... For augneblikket er det sol att, enn så lenge.

Jaja, det er vel ikkje ein unik "episode" heller. Vi får sikkërt ein fin sommar. Tenk det, 2010! Allereie..... Det kjennest ikkje ut som om at det er lenge sidan vi var i bryllaup i Spania. Det er faktisk snart gått eit heilt år.
Nytt av året er at eg faktisk ikkje har byrja å bevege dei små grå i retning av kva eg har lyst å gjere i sommar. Det einaste som eg er heilt sikker på er at eg skal vere eindel på Grunnvoll. Ellers er det ganske blankt.... Kanskje like greit,!?! Med dei vulkanutbrota som er i dag, veit eg ikkje kor lurt det er å bestille nokon som helst billettar. Takke seg til at ein har ei hytte ein kan dra til om ikkje anna lar seg gjere:=)

Hyttenaboen min, ei venninne av meg, pleier å dra til syden kvart år. Som regel er dei ein heil gjeng med kvinnfolk som reiser, men i fjor valgte ho å reise heilt mutters åleine. Å vere heilt blond i håret og dra heilt åleine til eit land som Tyrkia.....Ja, eg veit ikkje heilt om eg hadde turt å vere like tøff.
Eg har fleire gonger leika med tanken på det å reise åleine ein stad, men det har alltid enda med tanken. Når tanken blir for skremmande, er det vel best å la vere:=)
Men, kven veit......?

Trur kanskje eg vil ha ein sommar der eg tar alt på sparket. Det er mykje spanande som kan dukke opp i løpet av ein heil slik periode. Kjenner eg meg rett, legg eg vel snart planar!! Det er nok ikkje verre enn at eg er litt seint ute i år. Det er ikkje i såfall ikkje første gongen...

When I need you, I just close my eyes and I'm with you.......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar