torsdag 22. april 2010

Torsdag 22.april.

For ein herleg dag!! Sol frå skyfri himmel....... Denne veka har eg fått gjort unna kjempemasse. Elevane er i arbeidspraksis, og deler av tida har eg kunne nytta til å planlegge. Eg har verkeleg fått unnagjort masse. Det er berre så deilig å vite at ein er på forskudd!! I bakgrunnen høyrer eg på flotte songar som "Please, don't tease me" og "Gee Whiz it's you I could easily fall in love with you". Det er Cliff Richard som syng desse:=) Akkurat desse songane er lette å få på hjernen, så for det meste går eg rundt og nynner på dei. Jaja.....det er jo fleire som blir i godt humør av det, så då er det jo ein bra ting.


I går kveld var vi fleire kvinner som samla oss til hyggeleg samvær. Det bruker å vere ganske skøy, for det blir mykje fliring....... I løpet av kvelden kom vi inn på det å vere "lærarunge". Det er ei problemstilling det er lett å kome opp i på ein stad som ikkje er større enn her. Det har aldri vore heldig å ha sin eigen unge på skulen, men i mange tilfeller er det vanskeleg å unngå. Allereie no til hausten vil det dukke opp for min del. Vi er to musikklærarar og begge får kvar sin gut i samme klasse. Følgeleg blir ein av oss å få vår eigen son.


Tidlegare erfaringer hos andre er at mange "lærarungar" har følt det som ganske urettferdig at dei har dei foreldra dei har. Som regel får dei vite om det meste som skjer, medan foreldra til alle dei andre berre får vite det som strengt tatt er nødvendig.

Det er blant anna ikkje lov å kaste snøball i skolegården (bortsett frå namngjette stader). Det vil jo vere urettferdig at eg tar sonen min fatt når han kjem heim, berre av di eg ser han gjennom vindauget der han kaster (om det skjer).... Dette er jo berre eit enkelt eksempel, men det fins mange av dei.


Mi utfordring blir å holde hovudet kaldt heile tida og skille mellom det å vere forelder og lærar. Eg må klare å la vere å ta han fatt så lenge eg ikkje får tilbakemelding frå klassestyrer om at han har gjort noko. Akkurat det kommer til å bli kjempevanskeleg. Eg er no eingong slik at eg må ha ting ut av meg før eg klarer å "slippe taket". Det er både på godt og på vondt.

Ellers så er det ofte slik at ein er redd at andre skal tru at ein forfordeler sin eigen unge, og istadenfor så gjer ein det motsatte. Det blir jo også heilt feil. Med andre ord er det ein hårfin balansegang der. Eg skal sjølvsagt gjere mitt beste for at skulen skal bli ein fristad frå meg når det gjeld sonen min, men eg veit det blir vanskeleg!! Men då ligg problemet hos meg og ikkje han, så det er eg som må jobbe med meg sjølv på det området. Eg får heller svelge eit par kamelar enn å absolutt ta det opp med han urettmessig (i forhold til andre).

Eg gler meg til han byrjer på skulen, men eg gruar meg og!! <3

I dag lærte han seg å sykle på "storsykkelen" sin åleine. Det einaste som skulle til var ein veg utan masse grus og at den ikkje var full av telehiv og anna. Vi har øva utanfor her og her er veien ALT anna enn flat. Ikkje hjalp det med støttehjul pga kulen midt på vegen......... Så kjøpte eg ein stav på mandag, som eg festa på sykkelen slik at eg kunne helde han. Ikkje heilt suksess, men dog betre.
Så........ I dag fann mitt lyse hovud ut at eg bør finne ein stad der alt ligg til rette. Vips...... Eit halvt minutt og han var ferdiglært!! :=) Så spørsmålet er: Kor treig går det an å bli??? At eg ikkje har tenkt så langt før...... Overgitt, JA!! Men sånn er det. No kan han i alle høve sykle overalt utan hjelp. Takk og lov for det:=) Det einaste som attstår no er at faren sit på ferga og at han nesten ikkje kan vente til han kjem heim for å vise fram kunstene sine. Vel...... Det er ikkje berre han sjølv som er litt stolt i dag. Eg er det eg og <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar