mandag 5. april 2010

Måndag 5.april 2010.

Som tidlegare sagt trudde dei fleste at då fredsavtalen kom og Tyskland fekk Sudetenlandet så var krisa over. Så feil dei tok....... Hitler hadde ingen planar om å stoppe der. Hitler gjorde mykje rart i tida som kom, men synd for han så må han nøye seg med å spele andrefiolin i dag. For mykje lengre sidan enn 2.v.kr. var det ein "større" mann som levde. Eg rettar takka mi dit for at vi av den grunn år etter år har fine "feriedagar" (i alle høve dei som har dei rette yrka...). I dag må Hitler vike hos meg til føremoner for Jesus.

Øhhhhhhh.........Det høyrdes litt feil ut. Eg har ikkje tenkt å misjonere her på denne sida, men det er no eingong slik at det er ein grunn til at vi feirar påska. Så får kvar enkelt stå for sine eigne meininger og tankar i høve til det.
Mitt bidrag vil avgrensa seg til noko så enkelt som at det har vore ei kjempefin påske med nydeleg påskesol og masse god mat:=)For min del byrja hyttepåskekosen forrige helg. Då hadde sonen min og eg late dagar åleine på hytta....Eller, late?? Vil vel kanskje ikkje påstå akkurat det. Det var nok av snø som måtte måkast av den store verandaen. Puh... I tillegg så er det vel slik at når ein er åleine så kan ein ikkje lite på andre. Då er ein nøydd til å gjere alt sjølv:=) Likevel var det late dagar! Det seier eg av di at sjølv om det var eindel å gjere, så kunne ein styre alt i akkurat det tempoet ein sjølv ønska. Null stress!!!

Ettkvart fyltest det opp på alle hyttene, seks i talet. Vi er ei av tre hytter som har funne det gode selskap i lag. Alle saman er trivelege folk, og det at det er born på alle tre hyttene gjer at borna har nok å gjere. Sjølv om det er deilig å slappe av på slike dagar, er det alltid gøy med fellesaktiviteter. Denne påska var intet unntak......... Ikkje eingong sola svikta oss. Det kallar eg hell:=)

På vår hytte var vi først fulltallige onsdagskvelden. Det var ein liten gut som var salig i blikket då han blei fulgt i seng av begge søstrene sine. Nøgd, ja!!! Trur det var "Tom og Jerry" som blei lest den kvelden. Eigentleg rart at ikkje bladet tok fyr i løpet av påska, for det var nettopp ""Tom og Jerry" som blei lest varm desse dagane. (Då snakkar eg om berre EI historie!! Eg kan ikkje fatte og begripe kva som er så gøy at det må lesast fleire hundre gonger før det blir kjedeleg........ Var eg slik som unge??? Eg berre lurar på det).

Skjærtorsdagen var ein deilig dag. Å vakne til godvèr denne dagen var berre så flott. Spesielt med tanke på at vi hadde planlagt skitur på Ulvsvågskaret denne dagen. Heilt ok mengde snø, men det skal seiast at føret ikkje var noko særleg å skryte av. Det var rett og slett tungt å gå i den "våte" snøen. Ikkje fekk vi noko fart då vi skulle ned fjellsida heller. Men, men......Det var uansett verdt turen!

Eg gløymte sjølvsagt å nemne "Påskeharen"!! Det var jo det viktigaste denne dagen. Haren hadde jo vore på hytta hos oss om natta. På utsida av baderomsvindauget hang det jo ein ballong med eit skriv frå haren på. Haren hadde mista pakken på sin veg mellom trærne, så vi måtte ut i skogen for å hjelpe til å leite etter pakken. Vi fann den........ Lurer du på kor?? Sjekk biletet og sjå om du ser den....
Joda, pakken kom til rette, den:=) Ein som berre var i pysjen ennå var overlykkeleg for at haren hadde kommet med ein kjempestor pakke.

Langfredag var det skikonkurranse for borna. Løpypa blei laga mellom hyttene og det var premie til alle deltakarane. Dommaren var snill og lot meg og delta!! Verandakos høyrer alltid med etter ei slik stund......... Den årlege rattkjelkekonkurransen blandt dei vaksne gjekk ut i år pga altfor våt snø..... Vi kommer sterkt tilbake seinare. Alle kan vel sjå for seg Åshild og meg i vill positur nedover bakken. Alvor er rette ordet. Om ein så skal blø, skal ein vere først ned!!! Trur kanskje Kari-Ann slo meg på målstreken sist gong......Det kan eg ikkje vedkjennast, så neste gong blir det kamp!! End of story:=)

Ellers har sjølve påskehelga vore prega av det gode vèret. Det har vore vanskeleg å få Steffen til å lausrive seg frå stigespel og yatzy, men det har likevel blitt masse utetid.

Det har vore kjempefint å gå turer i fjæra, blant anna. Det har vore deilig med påskeferie, men det skal sanneleg vere deilig å kome i normal modus att også!!
Sjølv om det store hendte for eit par tusen år sidan, er det framleis Hitler og hans gjerningar som opptek meg for tida...... Det er berre å innsjå det. Hitler var ein drittsekk av dei store, men ein interessant ein sådan. Korleis hadde verda sett ut i dag utan han, eller meir viktig, korleis hadde det sett ut om dei ikkje hadde klart å stoppe han? Hadde vi då feira påske på Korsnes??
Vi skal vere glad for det no, for det er ikkje sikkert det er slik seinare. Framtida er vel det einaste vi ikkje har heilt kontroll over......
My heart is still yours!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar