tirsdag 23. mars 2010

Kvifor kom den store fedrelandskrigen?

Det er fleire grunnar til at 2.verdskrig starta. Mellomkrigstida dreide seg i det store og heile om ein maktkamp. Hovedårsaka var vel aller helst det hatet som bygde seg opp i den tyske befolkningen etter første verdskrig. Alle veit vi jo at det var Tyskland som fekk heile skulda for krigen.


Då fredsavtalen blei underskriven i Versailles, måtte Tyskland godta ein heil del. Ikkje berre fekk dei skulda for krigen, dei fekk også fleire krav retta mot seg. Blant dei var krava om å gje frå seg koloniane sine, krigsflåta si og fekk berre ha eit minimalistisk militært forsvar. Det var dette som ga grunnlag for at det seinare samme år blei danna eit nazistisk parti i Tyskland og eit fascistisk parti i Italia.

Ein ideologi er ein idè om korleis eit samfunn bør styrast. I mellomkrigstida, og ellers tidlegare på 1900-talet, var det ganske mange ideologiar ute og gjekk. Fleire av dei var ganske langt frå kvarandre! Kva ideologi som var den beste veit eg ikkje heilt, men eg veit eg er glad for at vi i dag lever i eit demokratisk land. Etter 2.v.kr. er det fleire og fleire land som har skjønna akkurat det.......

Før den 1.verdskrigen var Europa kjent som verdas sentrum. Det var berre det at gjennom krigen hadde mange europeiske land lidd store tap på mange områder. Det gjorde at USA blei den som seila opp og skulle berge verda.

Dei hadde vore ein del av krigen på slutten, men dei hadde ikkje hatt krig på eiga jord. Defor fekk dei eit økonomisk oppsving då Europa sleit. Resultatet blei at dei lånte penger til Europa.

Krigsskadeerstatninga som Tyskland blei satt til å betale, sleit sterkt på landet. Staten såg seg nøydde til å trykke opp masse pengesedler. Vi veit godt i dag at det ikkje er det smartaste ein gjer. Det er klart at det måtte føre til ein enorm inflasjon for dei. Den tyske økonomien kom heilt ut av kontroll! Det var nettopp det NSDAP og Hitler trengte. Det var det som det nazistiske partiet trengte for å bane sin vei framover. Folket var fortvila og som den flinke agitatoren Hitler var, er det klart han såg sitt snitt til å utnytte akkurat det.


Det tyske folket, som følte seg dolka i ryggen av både regjeringa, som skreiv under på fredsavtalen, jødane, kapitalistane og kommunistane hadde liten forståelse for det som skjedde og hatet som bygde seg opp var lett å utnytte.

Grunnen til at nettopp jødane blei sett på som motstandarar, var at dei meinte at det var jødane som stod bak den internasjoale kapitalismen. I ly av dette oppretta Hitler ei gruppe, SA, som ved bruk av vold og terror skulle skremme alt av motstandarar.

Akkurat der og då var det nok ikkje det luraste han gjorde av di han hamna i fengsel for det. Eller, ikkje berre for det. Det skal jo og seiast at han prøvde å gjere eit lite vellukka kupp.....


Han utnytta tida godt i fengselet, og i løpet av perioden han satt inne hadde han laga grovutkastet til boka vi godt kjenner som "Mein Kampf".

Trur eg var 15-16 år då eg leste nettopp den boka, på engelsk. På den tida skjønna eg nok ikkje mykje av tankane som kom fram i boka, så skal eg ha noko utbytte av ho må eg nok lese ho på nytt i vaksen alder. MEN, eg hugser ein ting som stod. Ganske tidleg i boka står det at bestefaren hans var jøde........ Ganske utroleg at ein mann kan skape så mykje "uro" mot eit folkeslag han sjølv er etterkommar av. Ikkje veit eg om det tyske folket den gong visste om hans aner attende til jødane.


Då børskrakket kom i NewYork og vi fikk ei verdskrise der mange blei blant anna fri for arbeid, sørga Hitler for å bruke fiendebilete for å forklare inflasjon, arbeidsløyse og framtidige farer. Naiv som mange tyskarar var , gjekk dei rett i fella hans. Han var så flink til å snakke for seg og fekk fleire og fleire tilhengjarar.


Den nasjonalistiske politikken nazistane dreiv, der dei la vekt på Tysklands ærerike historie, skapte etterkvart ungdomsorganisasjonar. Ungdommen var vel like lett påvirkelege den gong på samme måte som dei er det i dag...... Ungdommar heilt ned i 14-års alderen var stolte av å følgje "Der Fuhrer".


Med den store oppslutninga Hitler fekk, var det i utgangspunktet lett for han å få posten som rikskansler, eller det vi i dag kaller statsminister. Han fjerna alle politiske motstandarar og innførte eit diktatur.

Hitler hadde ingen skrupler med å fjerne motstandarar. Hadde han den minste mistanke om at det var nokon som var mot han, kvitta han seg med dei på grufulle måtar. Han visste blant anna at der var leiarar innanfor gruppa han sjølv var med og fekk oppretta, SA, som ikkje var heilt til å stole på. I og med han frykta kuppforsøk frå det haldet, tok han likesågodt og sørga for at dei blei drepne eller sendt i konsentrasjonsleirer.


Ein kan stille seg spørmålet om kvifor ingen skjønte kva Hitler dreiv med. Var verkeleg ALLE så naive og trudde på det han sa?? Kvifor var det ingen som stoppa han?

Det er ikkje enkelt å gje eit eintydig svar på desse spørsmåla. Det einaste som er sikkert er at han fekk til slutt for mykje makt. Kva anna person har hatt sjansen til å gjere det samme som han?

Nazisme er ei spesialform for fascisme. Derfor var det litt naturleg å hjelpe Franco under borgarkrigen i Spania. Hitler sendte avgarde fleire fly for å støtte Franco, berre av den enkle grunn at han då fekk testa ut nokre av dei nye våpna han hadde. At det var snakk om å ta livet til store folkemengder vørte han ikkje i det heile. Det var tyske fly som i si tid sørga for å jevne Guernica med jorda. Rett og slett eit barbarisk angrep!

Hitler stod sjølvsagt ikkje bak alle handlingane åleine. Han hadde fleire med seg, men det var til sjuande og sist han som hadde ansvaret. Ein av dei han hadde mest tiltro til var Joseph Goebbels. Han var den som Han var den som verkeleg gjorde livet surt for jødane. Kunsten deira blei bannlyst, ingen fekk handle med dei, dei blei trakasserte på det grovaste, mista husa og andre bygninger som var i deira religion og sist men ikkje minst blei dei drepne eller sendt i konsentrasjonsleirar.

Hitler og hans folk hadde eitt mål med alle sine handlingar. Dei skulle gjenskape Tyskland som stormakt, og dei skulle sørge for at folket som budde i landet skulle vere reinrasa. Dei klarte det nesten........

Alle trudde dei at då avtalen i 1938 om at Tyskland skulle få Sudetenland i Tsjekkoslovakia kom, så skulle ting roe seg og at det skulle bli fred.
I dag veit vi ein ting.......Dei kunne ikkje tatt meir feil!!

No tar eg påskeferie:=) Må det bli ei kjempefin påske for alle saman!!! Eg skal på hytta i måro og vere der åleine i eit par dagar før alle saman entrar ei påskeklar hytte. Tar gjerne imot besøk:=)
Det er laurdag, det er helg. Ha ein fortreffeleg kveld:=) <3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar