lørdag 6. mars 2010

Så lite som skal til.....

I dag skulle eg gå på ski ved Dammen med Steffen og tanteborna mine. Då vi kom fram, viste det seg at det skulle vere skyttarstemne i helga og at det ikkje var mogleg å gå på ski i løypene der i området. (Vi enda opp på Kobbvikhøgda til slutt...) :=)

Titt og ofte brukar eg å møte på ein mann i slutten av 80-åra. Då brukar vi alltid å stoppe og slå av ein prat. Eg syns eigentleg at desse samtalane er ganske koselege. I tillegg brukar han å fortelje eindel historier frå bygda. Så dei siste åra har eg lært eindel om Kjøpsvik og "gammeldagan".
Det er ei stund sidan eg såg han sist......men i dag då eg kom opp til Dammen, var også han der. Tøff er han, for han hadde tenkt å stå rett ned heile bakken på sparken. Ikkje dårleg det til å nærme seg 90 år!!
Uansett..... Det var kjempekoseleg å treffe på han. Då eg fòr derifrå kjende eg meg riktig så glad. Det viste seg at det ikkje berre er eg som set pris på samtalane. Faktisk hadde han sakna å prate med meg:=) Han sa at det var lenge sidan han hadde sett meg og at han hadde lurt på om eg hadde flytta på meg. Det at han har lurt på det, gjer at eg veit at han set pris på at eg stopper opp og lytter til det han har å seie.
Han blei veldig glad og det smitta fort over på meg! Han ga klart uttrykk for at det var fint å sjå meg att.

I bilen ned frå Dammen tenkte eg på kor lite som eigentleg skal til for å glede eit anna menneske. Det å ha tid til å stoppe opp og vise at ein bryr seg betyr ofte mykje. Ein ting er sikkert....eg skal fortsette med det!!

I dagens samfunn stresser vi altfor mykje. Det er mykje vi ikkje tar oss tid til. Det å vise eit anna menneske at vi bryr oss er kanskje noko av det viktigaste vi kan gjere.
No veit eg at akkurat denne mannen har familie her og har besøk frå dei kvar dag, men langt frå alle har det. Det er nok mange eldre som har liten kontakt med "omverda". Det er nok mange som sit på ein ellen annan sjukeheim eller åleine i ein heim og ønsker å ha nokon å lausprate med innimellom. Eg trur ikkje det kjem til å bli noko betre i framtida. Det er nok berre slik samfunnet utviklar seg til å bli.
Eg håper det er nokon som tar seg tid til å snakke med meg når eg blir eldre.

Ein skal ha respekt for dei eldre. Det er dei som i utganspunktet har sørga for at vi som lev i dag har det såpass bra som vi har det. Det må vi ikkje gløyme! (Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett..... Nasjonalsongen vår).

Eg håper eg kan vere ein av dei som betyr "det lille" ekstra!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar