søndag 21. mars 2010

Litt stolt i dag:=)

I fleire dagar har eg gleda meg til i dag. Eg håpa på godt vèr og godt skiføre, for då skulle eg prøve å karre femåringen min opp til skihytta på ski. Den andre karen og for så vidt. Veit ikkje kven eg var mest spent på......
Det er riktignok ikkje sol i dag og innimellom har det snødd, men temperaturen har vore fin heile dagen.

Det viste seg at det ikkje var noko å vere spent på. Begge to klarte dei godt å kome seg opp. Minstemann gjekk foran og styrte tempoet og vi brukte ca 50 minutter opp til hytta. Det syns eg eigentleg er ei god tid med tanke på alder i begge ender....Hehe....:=)

Då vi kom opp var Steffen ganske sliten, og då smakte det godt med drikke og sjokolade. Ekstra gøy var det at det satt eindel folk inne på hytta. Ei koseleg stund blei det!!!

Enkelte var litt sprekare enn oss og tok turen lenger opp i naturen. Det får bli vårt neste mål.


Det gøyaste med ein slik tur er sjølvsagt returen. Ein slik tur fører jo då til ein laaaaang nedoverbakke. Ei utfordring det og, berre av det kjekke slaget! Det blei no eindel fliring, ja. Eg skal i alle høve ikkje klage på motet til gutane der dei sette utfor bakken. Jaja....vi kom oss no heil ned att.

Då vi kom ned til bilen, var det plutseleg ein som fann ut at om vi gjekk på ski heim så ville han få fleire nedoverbakkar. Det var ikkje akkurat det eg så for meg at eg ville då eg kom ned, men det blei no eingong slik. Så eg kjenner det godt i føtene no:=)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar