onsdag 17. mars 2010

Onsdag 17.mars 2010

Det er onsdag og kveld..... I bakgrunnen høyrer eg tv'n som viser fotballkamp mellom Barcelona og Stuttgard. .....OG der scora jaggumeg Messi! Ikkje vanskeleg å få med seg at det blir mål. Det er berre å følgje jubelen til ein ivrig sjåar:=) Uansett, eg følte ikkje akkurat kallet etter å setje meg ned for å sjå på fotball ikveld.

Dei siste dagane har det virra ein god del tema, som eg kan tenke meg å skrive om, rundt i hovudet mitt. Litt typisk då at når eg først set meg ned for å skrive, så er det rett og slett ganske blankt der oppe......

Denne uka er ganske langt unna det å kunne klasifiserast som ei roleg uke. Det treng sjølvsagt ikkje vere å negativt det og er det heller ikkje. Likevel ville det av og til vore deilig om vi kunne putte inn eit par ekstra timar i døgeret. Berre sånn av og til.....

Sonen min har utvikla seg til å bli ein ihuga skigåar. Han har rett og slett funne ut at det er skøy å stå på ski! Eg ser det då på som mi plikt å følgje opp på det området. Det er jo berre bra med sunne interesser. Difor var det naturleg å bruke mandags ettermiddag nettopp i skiløypa. Då eg hadde ei ferge eg skulle rekke i sekstida, var det berre å gløyme at middagen skulle få sige noko særleg. Kanskje like greit...... Uansett, det blei seine kvelden før svevnen greip inn.

Så kom den beste dagen av denne uka. Trur eg trygt kan seie det sjølv om berre halve uka er gått.
Tysdag! Det var gode vèrmeldinger i forkant, så eg gledde meg til skolens årlege skitur til "fjells". Eg vakna forholdsvis tidleg. Det er jo godt å ha god tid om morgonen. Heilt stille i huset. Ingen forstyrrande lydar, og Steffen låg og sov.

Vi skulle møte ved vannverket klokka ni. Allereie der skjønna eg at det kom til å bli ein kjempefin dag. Stemningen blant elevane var veldig god, og alle var raske med å karre seg oppover i løypa. Mange hadde ski, men det var og mange som gjekk til fots, anten med eit akebrett eller slalomski over skuldra. Det er jo eit stykke å gå og bere på både slalomski og skor berre for å få stå på ski på nedoverturen......., men det betyr vel aller helst at dei syns det er veldig skøy med slalomski.

Som vanleg venta eg til alle elevane var foran meg før eg og eit par kollegaer starta oppturen. Det er viktig med ein vaksen bakerst.... Det er aldri godt å seie kva som kan skje på ein slik dag når så mange er med.
Vel oppe på skihytta benkra elevane og dei vaksne seg både ute og inne på hytta. Hytta var allereie varma opp då vi kom. Dei som ikkje valgte å fortsette turen opp til vannet eller Eide (?), heiv seg rundt og laga eit brukbart hopp (med tanke på størrelse). Der holdt dei det gåande i bakken mesteparten av dagen. Det var utroleg gøy å sjå kor dei kosa seg. Mykje fliring blei det og!!! Det var vel dei færraste som satte utfor utan at det på ein eller annan måte blei komisk. Eg trur kanskje eg skal vere glad for at ikkje kollegaen min tok utfordringa som gjekk ut på å hoppe med ski på beina. Hvis eg skulle fulgt det opp.........Ja, eg seier ikkje meir.

Sjølv om sola som dei lova oss ikkje var så mykje tilstades, var det fin temperatur. Forholda var rett og slett kjempefine. Dagen kunne vel ikkje ha vore så mykje betre........
Det var blide ungar som stod og venta på klarsignal til å starte på nedfarten. DET var litt av eit syn!! Over 70 born nedover samme bakke, samtidig.... Det seier seg sjølv:=) Utroleg nok gjekk det heile godt (akkurat som alle andre gonger). Å tru at alle skulle kome seg ned utan knall og fall er vel det same som å tru på nissen. (Håper ingen blir lei seg av å lese at hans ikkje fins):=) Som sagt: Litt av eit syn!! (Og eg såg berre starten.....).

Typisk som det brukar å vere, så dukka sola opp idet skoledagen var over. Ikkje snakk om å renne ned då. Vi var fire stykk som benkra oss i hytteveggen og sørga for å nyte sola lengst mogleg. (Ein av dei dagane då døgeret kunne blitt sponsa med ein ekstra time).
Vi måtte uansett ned. Nokon til arbeid på sfo, andre til middagslaging og badekar!!
Tru meg når eg seier det: Nedturen var enormt skøy!! Hehe..... Utroleg nok så datt eg ikkje ein einaste gong! Takk for det seier eg berre...... Men slik var det ikkje med alle fire. Det er no berre så enkelt som at eg ikkje er skapt for å la vere å le av andre når det ser ut som dei er med i ein komedie. Å flire og renne på ski samtidig er slett ingen god kombinasjon, men det var vanskeleg å la vere. Når ein kollega ligger med hovudet i snøskavelen.......ja, kva gjer ein då??? Hos meg er svaret enkelt!! Hehe...... Det er godt ingen filma oss der vi kom nedover "fjellsida". (Kan ein kalle det for det??). Eg var i alle høve glad og lukkeleg då eg var komen heilberga ned. Så får det vel gå nokre få dagar før ein prøver seg på nytt. Tenker eg seier sundag. :=)

Kvelden var avsett til øving med gutta. Ei fin avslutting på eit døger som byrja så bra som det gjorde. Skjønt tida gjekk så altfor fort....

Ski i løypa på mandag, skitur med skolen på tysdag og så kom dagen i dag. Dette er nok den store trimuka!! I dag har det vore arrangert "Dammen rundt", og som vanleg stilla vi opp med ski på beina og fekk trimma litt. Etterpå dro eg til skolen og bassenget. Det svømte eg 1000m før eg sliten (!!) tusla meg heim....... Og her sit eg, heldigvis ikkje for sliten til å skrive:=)

I morgon er det generalprøve med NPC før vi skal til "byen" på laurdag for å spele. Akkurat no angrar eg på at eg ikkje har vore flinkare til å øve heime... Eg håper det kjem litt folk og høyrer på oss når vi skal spele. Det blir liksom litt gøyare då.

Vi går ei fin tid i møte! Snart er det påske og ferie. Så kjem våren (forhåpentlegvis) fort. Lysare tider merkes på humøret til mange. Sikkert mitt og:=)

Don't ever change that smile you're smiling now........

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar