tirsdag 27. april 2010

Inspirasjon....

Det er mange måtar å skaffe seg inspirasjon på! Til og med ei lita rotte kan vere med på å gjere ei eller anna sjel lukkeleg ein dag. Eg kan sikkert dra det enno litt lengre og kome med forslag som er mykje verre enn ei rotte. Sidan det berre er for å statuere eit eksempel, trur eg nærmast at det er best å la vere....... Det finnes jo alt frå det flotte i den eine enden og det lugubre i den andre. Kvar sin smak heiter det vel:=)


Eg trur eg skal tørre å påstå at eg ikkje henter inspirasjonen min i frå det lugubre. Eg håpar i alle fall ikkje det!! No er det vel dei aller færraste som finn den i ei rotte heller........ Eg har holdt rotter i handa fleire gonger, eg, då eg var yngre. Ikkje noko ekkelt med det. Derimot, spør du ei eller anna kvinneleg kollega av meg, trur eg du vil få eit heilt anna svar. Berre tanken på ei rotte er til å døy av.


For eit par år sidan hadde eg klassen min med meg på hytta vi har på Grunnvoll. Ein veldig vellukka tur på mange områder. Forutan det faglege var det jo lagt inn masse skøy. Deriblant Huldra!! Akkurat den biten var ein god suksess..... Huldra var i dei dagar ei ordentleg inspirasjonskjelde til å gjere uskyldig "djevelskap" med elevane. Trur mange ser attende på det med glede.:=)

Men.......Det var det der med kollega og rotter! Eg reiste jo ikkje inn dit heilt åleine med alle elevane. 18 skt personar stuva vi oss inn på hytta. Om kvelden var det passe mørkt ute, akkurat passe til å kunne skremme dei litt.

Det høge graset som er over store deler der inne passer heilt perfekt til å gøyme seg i. Vi vaksne leika gøymsel med borna..... Det var dei store mot dei små. Sjølv må eg seie eg syns vi var gode til å gøyme oss!! Problemet er berre at når ein ligg gøymt midt i blant masse gras, skal du vere heldig om du klarar å unngå at det er fullt av mus rundt øyrene dine. Vi var ikkje så heldig at vi slapp unna mus i graset.
For det første måtte vi ligge musestille i graset for at vi ikkje skulle bli oppdaga. Då seier det seg sjølv at ein får med seg den minste lyd som oppstår. For det andre skal du ha bra sjølvkontroll om du er redd for mus og likevel klarer å vere stille når du høyrer dei pip.........
Min kjære kollega, som er GRUELEG redd for mus, låg på sida av meg i graset. Eg kjente det dirra i heile ho.....Mi utfordring var jo sjølvsagt å la vere å flire!! Kva i alle dagar skal ei lita mus kunne gjere for galt mot eit stort menneske?? Ei mus er vel heilt ufarleg...! Det meinte tydlegvis ikkje ho og følgeleg låg ho der tappert og hadde det mindre bra. At eg flira gjorde det vel ikkje noko betre. Men hallo......Det er meg det er snakk om!! Å be meg om å la vere å flire når det skjer noko som er skøy (i mine auge)....joda, då flire eg vel berre meire:=)
Innimellom er eg vel litt lettare ondskapsfull også....... Så eg må vel kanskje innrømme at eg kviskra utsagn som "Hysj, der høyrde eg ei mus!" osv. (Uavhengig om eg faktisk høyrde det eller ikkje).
Trur kanskje ho følte dei kraup opp etter ho til slutt. Hehe..... Konklusjon: Lettare ondskapfullhet i "beste meining" er nok ei god inspirasjonskjelde!! Hos meg er det slik at det er den beste inspirasjonskjelden ein kan ha. Veit ikkje kor mange gonger eg får slengt i meg at eg berre finn på djevelskap! That's me, and i like it!!! :=) Ein får det ikkje skøyare enn kva ein sjølv legg opp til.

Inspirasjon kan vere så mangt.... Det kommer jo litt an på kva ein skal treng inspirasjonen til. I det her tilfellet er jo målet å komme i godt humør og ha det veldig bra... For det heiter jo at ein god latter forlenger livet...
Om eg skal gå djupt inn i meg og finne den viktigaste inspirasjonskjelda eg har, så trur eg at eg til slutt ender opp med at svaret er musikk. Det er vel eigentleg ingenting som slår det. Uansett humør kan ein finne inspirasjon i musikk.
Dei siste dagane har eg vore superinspirert, og det berre avdi eg har høyrt ein sang av Cliff Richard som eg heilt har falt for. Eg høyrer på den kvar dag, har lært den utenat, rytmen får meg i knallhumør, andre blir glad av den smittandes effekten og eg berre gler meg til å få øve på den i kveld med gutta boys!!! Når ein blir så påverka som eg blir av den låta, kan ein trygt seie at det er ei god inspirasjonskjelde:=)

I'll never make you feel blue!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar