torsdag 22. april 2010

Då Didrik tapte kampen!!

Då Didrik vann den norske grandprix-finalen, var eg ganske "lukkeleg". Han var ein klar favoritt hos meg og eg har sjølvsagt uttalt meg diverse om han.......... Han er jo søt, då:=)
Etter å ha høyrt på songen hans eit x antall gonger, har eg innsett ein ting. Songen er knallfin og han synger kjempebra, men det er jo det han skal leve av. Når ein går på den skulen som han går på, er det naturleg å ha forventningar til ein opptreden. Det blir akkurat som at ein mekaniker skal klare å fikse ein mekanisk ting, og det er jo ikkje akkurat så stort.

Eg har bestemt meg......Didrik har tapt!!! Han har tapt for ein med mykje meir sjarm:=) Sjarmen ligger ikkje i stemmen! Han har sikkert gått hos sangpedagog i fleire år, og no studerer han med song som hovudinstrument. Klart han syng bra. Korleis kan han ellers gå på ein så prestisjetung skule??
Eg set meir pris på normal sangstemme og sjarm i fleng. Didrik har då vel aldri blunka til meg!!! Ikkje kjem han til å gjere det heller. Så då får han berre syngje med ein slik følsomhet som får ein til å tru at han er god til litt av kvart...... Han er slått på målstreken! Eg har min eigen favoritt, og han syng songar som er finare eller kulare enn "My heart is yours". End of story!!

I'll never start to freeze......

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar