onsdag 14. april 2010

Tannfèen.

Det er no eingong slik at når ein har små born, er det alltid stas første gongen "ting" skjer. Eksempler på det kan vere når dei første stega blir teke, første ordet som blir sagt eller den første tanna som held på å kome. Likeså gjeld det når den første tanna skal ut.

Steffen fekk si første tann seint. Derfor hadde han for kort tid sidan ikkje mista ei einaste av dei enno. Ein etter ein mista venene rundt han tenner. Ei var vel heilt oppe i sju tenner. For ein "liten" kar føltes det ganske urettferdig. "Ka tid får æ møst ei tann?" var eit spørsmål som ofte blei stilt. Han vil jo ikkje byrje på skulen utan å vere storgut.......

Her rett før påske fekk han endeleg ei laus tann. Gleda var stor og tannfèen var det store samtaleemnet......... Syskenbornet hans hadde fortalt han at det luraste er å leggje tenner under puta i senga og ikkje i eit glass med vann/melk. Årsaka til det er at om du legg ei tann i eit glass, så får du berre myntar. Legg du ho derimot under puta, får du ein papirpenge. Pengar har han sjølvsagt peiling på, så det er ikkje vanskeleg å forutsjå kva han vel.

Eg kan vere tøff på mange områder. Det er ikkje måte på kva eg har tort å gjere tidlegare..... Men når det kjem til ei stakkars lita tann, så tør eg ikkje dra ho ut. (Pingle kallar vi det)!! Då det var eit faktum at den første tanna var laus eller nærare sagt så laus så det går an å få ei tann før ho fell ut, gjekk eg rundt og lurte på korleis dette skulle ordne seg. Lure meg trudde at det var lett å kjenne om det plutseleg mangla ei tann i ein munn. Så feil kan ein ta..........
Eg kom i bornehagen for å hente han heim. Eg såg raskt at noko mangla. Eg spurte sjølvsagt kor det var blitt av tanna. Steffen flira og sa at "Den e jo selvfølgelig i munnen, mamma. Veit du ikkje det?". Han hadde ikkje eingong lagt merke til at det var ei tann mindre. Går det an????? Han trudde meg ikkje før han såg det i speilet.
Då eg spurte dei ansatte, blei dei og heilt "paff". Det einaste dei visste var at han hadde spist eit eple ikkje så lenge før eg kom. Så tar eg ikkje mykje feil, så har han svelgt tanna.
Ops....... Ingen tann - ingen tannfe!
Ei heller ingen tann å fylle i miniskrinet det står "Mi første tann" på.

Det var nok ein som blei nedimellom då tanken om tannfèen streifa innom han. Kva godt kunne eg gjere? Joda, vi måtte skrive brev til fèen og forklare det heile. Kanskje fèen kunne vere snill og godta det denne eine gongen!?! Det gjekk bra!! Fèen var kjempesnill og bytta brevet mot penger. Lukka var stor den morgonen.

I påska byrja visst ei ny tann å løysne.... Kva skulle eg gjere denne gongen?? Eg er då vitterleg ikkje blitt noko tøffare på så kort tid. Hallo...Det får då vere måte på!
Så var det berre å følgje godt med. Tanna blei lausare og lausare. I nokre dagar no så har ho vore lausare enn lausast. Eg har prøvd og prøvd for å mote meg opp til å dra ho ut. Ikkje snakk om. Eg trekk meg kvar gong!
Det er berre det at eg har så liten lyst til at han skal svelge alle tennene sine.

I kveld sa eg berre at eg køyrer meg ein tur, og når eg kjem attende skal kveldsen vere ferdig, tenna pussa og den lause tanna skal vere ute av kjeften. Bom basta!!
Eg blei ikkje sviken....:=) Eg kom heim og der lå tanna så fint i eit glass. Lukkeleg var eg!!!

Hurra!! Det gjekk bra denne gongen. Kva skjer neste gong.......? Håper det blir så lenge til at han riklar den laus og ut sjølv!!!

Tannfe! Berre kom i natt, du!! :=)

....And still I dream he comes to me.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar